Historisk arkiv

Rekordsatsing på breiband

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tilsvar til Borghild Tendens innlegg i Nationen 9. august 2007. Tenden meiner fornyingsministeren ikkje har grunn til å vere nøgd med Regjeringa si satsing på utbygging av breiband. - Eg er nøgd, svarer Heidi Grande Røys. - I år løyver vi 377 mill. kroner til breibandutbygging. Les heile tilsvaret.

Av fornyingsminister Heidi Grande Røys

Borghild Tenden skriv i Nationen 9. august at eg ikkje har grunn til å vere nøgd med Regjeringa si satsing på utbygging av breiband. Eg er nøgd, og meiner eg har grunn til å vere det. I 2006 løyvde Regjeringa 119 mill kroner til breiband. I år løyver vi 377 mill. kroner. Dette utløyser investeringar på om lag 750 mill. kroner til breibandsutbygging i område som ikkje ville fått dette utan at det offentlege stilte opp. Vi har meir enn nokon annan Regjering sørgja for å løyve pengar til utbygging av breiband i Noreg.

Tenden kritiserer òg breibandsdefinisjonen som vart vedteken medan Venstre sat i Regjering. Synet på kva som er breiband, og breibandsbehovet, er i kontinuerleg utvikling. Derfor la den førre Regjeringa (som Venstre var ein del av), til grunn ein teknologinøytral, bruksorientert definisjon, utan å leggja til grunn ein bestemt kapasitet for kva som er breiband. Breiband er tovegs kommunikasjonsnett som kan overføra ulike former for data som tekst, lyd og levande bilete. Nettet må òg kunne bere nye tenester og tillate at fleire brukar det samstundes. Vi har òg valt å bruke denne definisjonen. Folk sine ønskje om større bandbreidde er lett å forstå. Heldigvis vert teknologi modna og vidareutvikla. ADSL har til dømes i dag langt større kapasitet enn då det i sin tid vart etablert.

Då Stortinget handsama revidert nasjonalbudsjett for 2007 var det eitt einaste parti som ønskte å kutte i breibandsløyvingane, og det var Venstre. I september skal det delast ut 100 mill kroner til ulike kommunale og fylkeskommunale breibandsprosjekt. Heldigvis er det den raud-grøne Regjeringa, og ikkje Venstre som styrer breibandspolitikken, for då hadde summen vore monaleg mindre.

(Artikkelen har tidlegare vore publisert i Nationen (15. aug 2007))