Historisk arkiv

Rettferdig kaffi i kantina!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Rettferdig kaffi har vore eit tema i mange år, og eg er difor glad for at vi no endeleg får eit kaffitilbod i kantinene våre basert på prinsippa som ligg til grunn for rettferdig handel og rettferdig kaffi.

Tale av  fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ved markeringen av at kantinene i regjeringskvartalet nå har fått rettferdig kaffe.

Kjære kaffivenner!

Det er ikkje eineståande for dette bygget eller dei andre departementsbygga at det vert drukke mykje kaffi. Kaffi er faktisk den drikken det vert drukke mest av i heile verda, bortsett frå vatn. Ser vi på den internasjonale handelen  målt i pengar er kaffi den nest største råvara i verda, berre slått av olje. Kaffi er derfor store volum og store pengar.

Rettferdig kaffi har vore eit tema i mange år, og eg er difor glad for at vi no endeleg får eit kaffitilbod i kantinene våre basert på prinsippa som ligg til grunn for rettferdig handel og rettferdig kaffi.

Det er positivt at brukarane av kantinene og vi alle som forbrukarar tvingar fram handlingar hos leverandørar og dei vi handlar med som bringar verda framover. Vi må tru at dei små stega, dei små handlingane våre, kan føre til ei betre verd for alle.

Her har leverandørane lytta. Når vi no kan kjøpe kaffi som er sertifisert i tråd med internasjonale føresegner, vil det mellom anna sei at:

  • Produksjonen av kaffi skjer på ein berekraftig måte.
  • Kaffien er dyrka på plantasjar der bruken av kjemikaliar er forsvarleg
  • Arbeidarane sine rettar vert tekne vare på og barnearbeid førekjem ikkje
  • Arbeidarane på plantasjane har akseptable bustader og tilgang på reint vatn, helsetenester, skule og opplæring
  • Småbønder og plantasjearbeidarar i utviklingsland får høgare prisar på produkta sine og dyre mellomledd er kutta ut

No er ikkje eg den viktigaste kunden her i denne kaffibaren. For meg vert det nok mest kaffi på møte, men òg møtekaffien skal no vere kaffi med godkjent ”Fairtrade”-merke og det er eg svært godt nøgd med. Eg håpar de alle vil gle dykk over rettferdig kaffi.

Tusen takk til DSS og Eurest som tok utfordringa, og til Fairtrade Max Havelar som gav oss den!

Då håpar eg kaffien smaker!