Historisk arkiv

Revolusjonens røyst?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Forkorta utgåve stod på trykk i Aftenposten 2. februar 2007

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Forkorta utgåve stod på trykk i Aftenposten 2. februar 2007.

Revolusjonens røyst?

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Forkorta utgåve stod på trykk i Aftenposten 2. februar 2007.

Stortingsrepresentant Torbjørn Hansen påstår i Aftenposten 24. januar at Regjeringa gjennomfører ein stille revolusjon i konkurransepolitikken. Ein forunderleg påstand. Ikkje har det vore nokon revolusjon og ikkje har det vore spesielt stille rundt sakene han referer til heller.

Det er tverrpolitisk semje om at konkurransepolitikken ikkje skal undergrave landbrukspolitikken. Dette vart slått fast i Ot.prp. nr 6 (2003-2004) om ny konkurranselov som den førre borgarlege regjeringa med Høgre i sentrale posisjonar la fram. Difor omgjorde Regjeringa Konkurransetilsynets vedtak om at Prior ikkje skulle få kjøpe Nordgården. Vi meiner ein fusjon medverkar både til at det framleis vert eggproduksjon i Noreg og at inntektene for norske eggprodusentar vert betre. Dette meiner vi er samfunnsmessig viktig, og det har så langt vore brei semje i Stortinget om at regjeringa skal ha høve til å omgjere Konkurransetilsynetilsynet sine avgjerder på eit slikt grunnlag. At Høgre er usamd i Regjeringas landbrukspolitikk kan vi leve med, men kall ein spade ein spade. Dette har ingen ting med konkurransepolitikk å gjere.

Hansen hevdar at den faglege argumentasjonen frå Regjeringa i fusjonssaka med Gilde og Prior er "meget diskutabel". Det må han gjerne meine, men få fagfolk har meldt seg på i diskusjonen. For tek ein seg tid til å lese departementet sitt vedtak, vil ein sjå at det er godt fagleg forankra. Departementet gir ikkje berre ei solid grunngiving for kvifor vi ikkje kan slutte oss til vedtaket frå Konkurransetilsynet, vi har òg nøye vurdert om vedtaket kan oppretthaldast på eit anna konkurransefagleg grunnlag. Når det ikkje var tilfelle, skal departementet oppheve vedtaket. Det er systemet i lova. Dette inneber inga endring i konkurransepolitikken, endå om Hansen måtte meine at den faglege vurderinga frå departementet er diskutabel.

Elles er vel Hansen litt unøyaktig når han hevdar at kvart einaste fusjonsforbod som er ankebehandla etter valet har enda med overprøving av tilsynets avgjerder. Seinast 17. januar heldt departementet fast på Konkurransetilsynets inngrep mot Falcks oppkjøp av Viking Bilberging.