Historisk arkiv

Skjerpa kamp mot kartell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Brotsverk skal ikkje lønne seg. Heller ikkje konkurransekriminalitet. Desse lovbrota vert vanlegvis gjorde med overlegg, og fører i følgje internasjonale undersøkingar til prisar som ligg 15-40 prosent over det dei elles ville gjort, skriv Heidi Grande Røys i denne VG-kronikken. Statsråden vil no auke innsatsen mot denne forma for kriminalitet.

Brotsverk skal ikkje lønne seg. Heller ikkje konkurransekriminalitet. Desse lovbrota vert vanlegvis gjorde med overlegg, og fører i følgje internasjonale undersøkingar til prisar som ligg 15-40 prosent over det dei elles ville gjort, skriv Heidi Grande Røys i denne kronikken i VG 17. desember. Statsråden vil no auke innsatsen mot denne forma for kriminalitet.

Brotsverk skal ikkje lønne seg. Heller ikkje konkurransekriminalitet. Desse lovbrota vert vanlegvis gjorde med overlegg, og fører i følgje internasjonale undersøkingar til prisar som ligg 15-40 prosent over det dei elles ville gjort. Enkelte gonger langt høgare. Vi blir alle offer: forbrukarar, offentlege innkjøparar og private verksemder.

Derfor har eg bedt Konkurransetilsynet auke innsatsen mot denne forma for kriminalitet, som er kjenneteikna ved at leverandørar lagar ulovlege avtalar seg imellom for å halde prisane kunstig høge. Såkalla kartellverksemd, som vert utførd heilt bevisst av personar som har vurdert konsekvensane av å bli avslørt. Det ulovlege samarbeidet kan vere svært lønnsamt, og vert ofte gjennomført med sofistikerte metodar. Vi som blir førde bak lyset, oppdagar sjeldan kva som skjer.

Men verknadene merkar vi. For reell konkurranse er avgjerande for at vi skal kunne utnytte ressursane best mogleg og dermed kunne nå dei politiske måla våre.
Forboda i konkurranselova må derfor handhevast strengt! Ved kartellverksemd vert det mindre ressursar til andre viktige oppgåver, og offentlege innkjøparar betaler langt meir enn dei elles ville gjort. Eit eksempel er Statens Vegvesen som har varsla at dei kjem til å krevje fleire entreprenørar for millionar i tap av offentlege midlar som følgje av prissamarbeid og marknadsdeling. Det vert no arbeidd for å få avklart kva samfunnet har tapt.

Å hindre kartell blant leverandørane er ikkje berre viktig for å få mest mogleg velferd ut av offentlege midlar, det legg også grunnlaget for ein effektiv og konkurransedyktig privat sektor. Kartell fører til auka kostnader, høgare priser, dårlegare produkt og mindre produktutvikling. Gevinsten ved lovbrot av denne typen kan bli svært høg, og diverre er det for liten risiko for å bli oppdaga. Det er eksempel på kartell som har vart i meir enn 30 år utan å bli avslørt.  Dette stiller auka krav til etterforskinga i Konkurransetilsynet. Det er også nødvendig med auka merksemd og informasjon om lovverket for å førebyggje lovbrot, og nye verkemiddel for å motverke slike lovbrot. Eg har derfor styrkt budsjettet til Konkurransetilsynet i 2007, nettopp for å setje dei betre i stand til å avsløre kartell.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har nyleg motteke ei utgreiing om verknadene av konkurransepolitikken. Utgreiinga viser at å hindre kartell er ei særs viktig oppgåve i konkurransepolitikken, og at vinstane er positive og store. Ein må òg hugse på at handhevinga ikkje berre stoppar dei kartella som blir oppdaga, men handheving og informasjon om konkurransereglane verkar også avskrekkande for andre føretak som vurderer å delta i eit kartell. Å hindre kartell har òg ringverknader i økonomien. Høge priser som følgje av eit kartell i éin sektor vil forplante seg til andre sektorar. Ein undervurderer verknadene av konkurransepolitikken dersom det berre er fokus på dei direkte verknadene.  Departementet vurderer no utgreiinga og oppfølginga av den.

Konkurransetilsynet skal vidareutvikle samarbeidet med Økokrim, politiet og andre kontrolletatar, og har etablert eit samarbeide med NHO for å betre kunnskapen om konkurranselova blant næringslivsleiarar. Tilsynet har vidare teke eit initiativ for å fjerne selskap som er dømde for brot på konkurranseregelverket frå etiske investeringsindeksar, og reist spørsmålet om innføring av slike avgrensingar i dei etiske retningslinjene for Statens pensjonsfond - Utland. 
Konkurransetilsynet kan sjølv bøteleggje føretak som bryt forboda i lova med overtredingsgebyr på inntil 10 prosent av omsetninga til foretaketet. Samarbeid om priser, tilbod og marknadsdeling er den alvorlegaste forma for konkurranseskadeleg åtferd. Reglane byggjer i hovudsak på tilsvarande reglar i EU, der det er ei rekkje eksempel på bøter i mange hundre millionar klassa for slike brot.
Målet med strenge reglar for overtredingsgebyr er å avskrekke verksemder frå å delta i kartellsamarbeid. Men dette hjelper ikkje i forhold til å avdekkje kartell som allereie er i verksemd. For eit føretak som allereie deltek i eit ulovleg samarbeid,  kan strenge sanksjonar verke som eit hinder mot å bryte ut av samarbeidet. Når eit føretak bryt ut av eit kartell aukar faren for at kartellet vert avslørt og straffa strengt.  Føretaka gjer difor gjerne sitt yttarste for at dette ikkje skal skje, og det blir vanskeleg for konkurransestyresmaktene å avdekkje slike forhold.

Eit verkemiddel for å avsløre ulovleg samarbeid og kartell som allereie er i verksemd, er reglar som inneber at føretak som deltek i ulovleg samarbeid kan sleppe overtredingsgebyr dersom det er fyrst ute med å kontakte Konkurransetilsynet og legg alle korta på bordet. Difor har konkurranselova reglar som gjer det mogeleg å oppnå amnesti for verksemder som avslører eit kartell som det sjølv har delteke i. Ein føresetnad for amnesti er at det føretaket som vil avsløre eit kartell, er det fyrste som fremjar tilstrekkelege prov for kartellet overfor Konkurransetilsynet. Konkurransetilsynet arbeider no med sikte på å gjere desse reglane meir effektive.

Denne regjeringa ynskjer å nytte konkurransen  for å nå målet om meir og betre velferd for alle. Der konkurransen ikkje medvirkar positivt til det vil vi nytte andre verkemiddel, men der den virker skal vi bruke den for fullt. Arbeidet og tiltaka frå Konkurransetilsynet om å auke innsatsen mot konkurransekriminalitet,  er et bidrag til dette.