Historisk arkiv

Statleg eigedomsfiasko?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Den noverande regjeringa har gitt lokala staten eig i Keysers gate i Oslo høg prioritet. Stortinget vil om kort tid få presentert eit forslag om kva som bør gjerast skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i Finansavisen.

Finansavisen har dei siste to dagane brukt fem sider på omtale av lokala staten eig i Keysers gate i Oslo. Fredag kom tidlegare statsråd Victor Norman med kritikk av korleis denne saka er handtert. Dette er eg heilt einig i, men den kritikken rammar først og fremst Normann og hans regjeringskollegaer sjølv.

I 2001 fekk Statsbygg i oppgåve å prosjektere Keysersgate. Same år kom Victor Normann og partiet hans til makta, og i løpet av fire år skjedde det lite bortsett frå eit mislykka salsforsøk. Etter at den noverande regjeringa overtok, har saka fått høg prioritet, og Stortinget vil i statsbudsjettet bli orientert om vidare disponering av lokala.

La meg kort oppsummere denne saka som begynte før Norman vart statsråd, men som forhåpentleg blir avslutta i min statsrådsperiode.

  • Keysersgate 8 vart ledige i 1997. Keysersgate 6 vart kjøpt som uferdig råbygg mot slutten av 2001. Sidan den gong har skiftande regjeringar vurdert vidare bruk. Seinare har Teatergata 9 blitt ein del av prosjektet.
  • I 1999 ynskte den dåverande regjeringa at gardane skulle brukast til departementskontor.
  • I 2001 gav Stortinget uttrykk for at arealsituasjonen i regjeringskvartalet var svært stram. Statsbygg fekk i oppgåve å prosjektere rehabilitering og innreiing.
  • Først i 2004, medan Victor Norman er inne i sitt tredje år som statsråd, får Statsbygg i oppgåve å vurdere sal. Dei bod som seinare kom inn var for dårlege til at sal vart gjennomført, ei avgjerd som Morten Meyer tok. Så når Norman trur at lokala er selde, kan han jo spørje sin eigen partifelle om kvifor det likevel ikkje er slik.
  • Då den raud-grøne regjeringa overtok etter valet i 2005 tok vi tak i dette og har sidan hatt eit kontinuerleg arbeid for å finne løysingar. I dag held Miljøverndepartementet til i lokalar ved Akershus Festning, medan andre departement leiger lokaler fleire stader. Regjeringa ynskjer å samle departementa (med unntak av Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet) i eit utvida regjeringskvartal.
  • Når regjeringa legg fram forslag til statsbudsjett for neste år, vil vi komme med forslag til kva som bør gjerast. Då vil eg ha brukt under to år sidan vi overtok på å bringe saka i mål. Før meg sat Høgre i same departement i fire år utan at ein kom noko nærmare ei løysing.

Så er det eit par andre forhold i Finansavisen si dekning og i Victor Normans utsegner som fortener ein kommentar:

  1. Det vert framstilt som at lokala nærmast kunne vore leigde ut frå i morgon for å sikre staten inntekter. Det er ikkje riktig. Før vi eventuelt kunne leigd ut lokala måtte dei byggjast om og rustast opp for store beløp. Dette er i stor grad snakk om råbygg som er langt frå å vere klare til å ta imot leigetakarar.
  2. Dersom dei tre gardane vert sette i stand og tekne i bruk som departementskontor vil ikkje samla areal som vert nytta av departementa auke. I dag er departementa spreidde i Oslo sentrum, noko som er dyrt og lite effektivt. Ei samla løysing vil bety 550 færre kvadratmeter og ei meir effektiv og funksjonell løysing.

Eg har ikkje dårleg samvit for at eg har brukt halvanna år så langt på denne saka. Det er ei stor avgjerd som skal takast om vi skal starte opprustninga av desse gardane for å få til ei samling av departementskontora. I løpet av hausten skal regjeringa konkludere, i motsetning til Victor Norman si regjering som aldri klarte det.