Historisk arkiv

Venteløna kan bli betre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Eg har fått nokre meldingar om at ventelønsordninga på enkelte område kanskje ikkje fungerer godt i dag. Difor vil eg ta initiativ til å setta ned ei partsamansett arbeidsgruppe for ei gjennomgang av ordninga for å sjå om ho fungerer optimalt i arbeidslivet i dag, skriv statsråd Grande Røys i Aftenposten 30. mai 2007.

Shahzad Rana kjem med eit konstruktivt forslag om seniorar som samtalepart for gründarar i Aftenposten mandag 21. mai.

Regjeringa er oppteken av å fornye offentleg sektor og samstundes sørgje for ein vel fungerande velferdsstat. Det er viktig å hindre utstøyting frå arbeidslivet og syte for at menneskelege ressursar blir tekne i bruk utan omsyn til alder. Difor synest eg det er ein god ide å bruke seniorar som samtalepart for gründarar.

Statlege verksemder har vore under omstilling i mange år, og ventelønsordninga har vore eit av fleire tiltak for å fremje at overtallige i staten får nytt arbeid.

Ventelønsordninga skal ikkje vere ei passiv stønadsordning. Ordninga byggjer på at den einskilde er aktiv arbeidssøkjar, og ein pliktar å ta imot tilbod om høveleg arbeid. Dersom ein ikkje gjer det, skal venteløna falla bort. Venteløna, slik som dagpengar, skal kompensere for tap av inntekt, og når ein har fått arbeid, fell venteløna bort, slik som dagpengane.

Det er nokre forhold i innlegget frå Rana som eg synest det er viktig å presisere for å teikne eit riktig bilete av ordninga: Det er den einskilde statlege verksemda som i dag tar rekninga for kvar ventelønsmottakar. Det er difor av interesse for verksemda å få mottakarane i arbeid.
Det er ikkje riktig at venteløna vert redusert om ventelønsmottakaren tener meir enn 82,5 prosent av den løna ein hadde tidlegare. Her fell venteløna bort. Om ein tener mindre blir venteløna avkorta i forhold til løna.

Eg har fått nokre meldingar om at ordninga på enkelte område kanskje ikkje fungerer godt i dag. Difor vil eg ta initiativ til å setta ned ei partsamansett arbeidsgruppe for ei gjennomgang av ordninga for å sjå om ho fungerer optimalt i arbeidslivet i dag. Her vil vi òg sjå nærare på Rana sine forslag.