Historisk arkiv

Blindspor i likelønnsdebatten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Like og reelle valmoglegheiter for menn og kvinner er fundamentet for likelønn, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i VG 10. februar.

Like og reelle valmoglegheiter for menn og kvinner er fundamentet for likelønn, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i VG 10. februar.

Like og reelle valmoglegheiter for menn og kvinner er fundamentet for likelønn.

Christel Kvams fokus på lønnsforskjellen mellom offentleg og privat sektor (VG 19/1) er derimot eit blindspor i likelønnsdebatten. Det er òg trua på at lokal fastsetjing av lønn er vegen å gå.

Forskjellane i lønn mellom privat og offentleg sektor er små for dei med fagutdanning, og lønna er lik for dei med grunnskuleutdanning. Med høgare utdanning aukar lønnsforskjellen mellom sektorane. Dette er ikkje eit kvinnefenomen, men noko som gjeld for begge kjønn.

Det offentlege kan ikkje, og skal ikkje vere lønnsleiande. Likevel er offentleg sektor attraktiv fordi den byr på ei sterk totalpakke av lønn, arbeidstid, fleksibilitet, sosiale ordningar, pensjon, karrieremoglegheiter og meiningsfylt arbeid. Denne totalpakken vert då òg ofte føretrekt av kvinner med høg utdanning.

Når kvinner systematisk vel annleis enn menn, så er det eit teikn på manglande likestilling i samfunnet. Menn og kvinner har rett og slett ulike valmoglegheiter. Problemet for kvinner i dag er at dei har for stor ansvarsbyrde heime og må kjempe mot gamle kjønnsrollemønster.

Likestilling
Dette tek ikkje leiaren i Akademikerne omsyn til når ho vil ha større vekt på lokale lønnsforhandlingar. Dersom lokal lønnsdanning er det einaste som skaper likelønn, kvifor er det då slik at lønnsgapet mellom menn og kvinner er større i privat sektor? Der vert jo lokal lønnsdanning  nytta i langt større grad enn i offentleg sektor. Kvinner stiller dessverre dårlegare enn menn ved lokale forhandlingar på grunn av skeiv arbeidsfordeling i heimen. Dermed har dei ikkje like stort høve til å jobbe overtid og liknande. Når Turid er heime med sjukt barn eller hentar i barnehagen, jobbar kollegaen Kjell overtid og dreg i land både bonus og forfremjingar. Berre individuelle lokale lønnsforhandlingar etter privat modell er derfor eit blindspor.

Likestilling i heimen er altså ein av føresetnadane for likelønn. Gjennom til dømes satsing på barnehage stimulerer Regjeringa til dette. I dei to siste lønnsoppgjera har vi dessutan løfta fram yrkesgrupper dominert av kvinner. Å jamne ut lønnsforskjellen mellom offentleg og privat sektor  løyser ikkje likelønnsproblemet når mennene framleis tek stillingane som er best betalte. Einsidig vekt på lokale forhandlingar vil òg kunne gi enno større lønnsforskjellar. Skal vi ha håp om å oppnå vårt felles mål om likelønn, må vi gi menn og kvinner like moglegheiter til å gjere sine val.