Historisk arkiv

Den nasjonale miljødugnaden gjenVINN.no

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Appell frå fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys under opninga av årets nasjonale miljødugnad på Kampen skule i Oslo. Miljødugnaden blir gjennomførd for tredje år på rad, og er eit initiativ frå Dell Noreg og gjenvinningsselskapet Eurovironment.

Appell frå fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys under opninga av årets nasjonale miljødugnad på Kampen skule i Oslo 20. mai 2008. Miljødugnaden blir gjennomførd for tredje år på rad, og er eit initiativ frå Dell Noreg og gjenvinningsselskapet Eurovironment.

Med atterhald om endringar under framføring.

 

Med data kan vi gjere fantastiske ting! Det veit de! Ungar og ungdom er flittige brukarar av PCar, iPod'ar, dataspel og andre elektroniske dingsar. Faktisk er mange av dykk mykje betre i data enn foreldra dykkar. Data er knallbra for læring, kjempebra til å chatte  med venner, lage heimesider eller til berre å sjå ein film eller høyre på musikk når ein skal slappe av. Det er nesten ikkje grenser for kva det er mogeleg å bruke data til.

Men dessverre er det òg slik at mange datamaskiner ikkje er fullt så miljøvennlege som vi skulle ynskje.

Og nettopp ei av dei viktigaste utfordringane som verda står overfor er forureining og klimautslepp.

Når det gjeld miljøutfordringane så er data ein del av problemet, men òg ein viktig del av løysinga. Viss mor og far kan jobbe heimanfrå via data'n er det bra for dykk og bra for miljøet, for då slepp ein å forureine ved bruk av bil. Vi kan òg bruke data til å hjelpe oss med å slå av lyset i bygningar når vi ikkje er der sjølv. Tenk elles på korleis data’n har forandra måten vi lagar ting på. Vi kan no t.d laste ned musikken direkte på PC’en, i staden for å kjøpe en CD i butikken som er pakka inn med plast eller annan innpakning. Det er bra for miljøet.

Men, datamaskiner kan òg gjere skade.

I gamle datamaskiner finn du for eksempel bly. Du finn kadmium og du finn kvikksølv. Nokre miljøgifter er særs farlege for naturen vår og somme kan òg skade oss sjølv. 

Nett no blir det jobba over heile verda med å gjere PCane så miljøvennlege som mogeleg, med mindre bruk av straum og mindre bruk av farlege stoff. Det  jobbar vi òg med i Noreg. Og eg er overtydd om at framtidas PCar blir mykje meir miljøvennleg enn i dag. Men det tek litt tid før vi får dette til.

Og mens vi venter på at datamaskinene skal bli meir miljøvennlig, har vi ein jobb som alle må ta del i. For tenk på dette: For 1-2 år sidan var det ca. 800 millionar PCar i verda. I dag er det over 1 milliard. Og talet veks heile tida. Kvart år det ca. 160 millionar PCar - dvs. fleire hundre tusen  PCar kvar einaste dag - som skal kastast eller skrotast. Viss vi ikkje sørgjer for at datamaskinene blir tatt hand om skikkeleg, går det ut over miljøet.

Derfor er det ein forferdeleg viktig jobb de gjer.
Eg har høyrt at GjenVinn tidlegare samla inn over 500 tonn IT-avfall på over 200 skular i over heile landet.

Det er kjempebra. Eg håper at de i år kan setje ny rekord.

Vi har alle eit felles ansvar for å bidra til eit betre miljø. Vi kan alle gjere litt. De gjer ein særs viktig jobb, og eg er stolt over engasjementet de viser.
Tusen takk for den jobben de gjer, og lykke til med aksjonen!