Historisk arkiv

Det enklaste er kamera?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Kommunane og skulane sin tilsynelatande mangel på forståing for dei personvernvurderingane som må ligge til grunn for ei avgjerd om å ta i bruk overvakingskamera uroar meg, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i VG i dag.

Kommunane og skulane sin tilsynelatande mangel på forståing for dei personvernvurderingane som må ligge til grunn for ei avgjerd om å ta i bruk overvakingskamera uroar meg, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i ein kronikk i VG 14. oktober 2008.

”Det enklaste er pistol”, song Tramteateret i byrjinga av 80-talet. Hadde dei skrive teksten i dag kunne pistol truleg vore bytta ut med kamera. For på stadig fleire arenaer – til og med i barnehagar! – er det ynskje om å setje opp overvakingskamera for å løyse ulike problem.

Utstillinga Privatlivets fred, blir i desse dagar arrangert av Datatilsynet på Oslo S. Ein av dei stadene i landet som vel er mest tettpakka av overvakingskamera. Nett det å plassere utstillinga i dette gjennomovervaka området,  gir rom for refleksjon.  Kanskje utstillinga kan få oss til å reflektere litt over kva all denne informasjonen vert brukt til? Og av kven? I ein travel kvardag får vi ei påminning om at det ofte finst nokon som veit kva vi gjer – og som tek vare på denne informasjonen.

Eg er ikkje mot all kameraovervaking, men vi må ikkje gløyme at slike metodar har ei kostnadsside. I løpet av seinsommaren har media hatt fleire oppslag om skular som tek i bruk fjernsynsovervaking i kampen mot hærverk. Eg tvilar ikkje på at skulane har problem med hærverk – særleg utanom skuletida. Eg tvilar heller ikkje på at kameraovervaking kan vere eit effektivt middel i kampen mot hærverket. Det som uroar meg, er kommunane og skulane sin tilsynelatande mangel på forståing for dei personvernvurderingane som må ligge til grunn for ei avgjerd om å ta i bruk overvakingskamera. Fleire gjev uttrykk for at dei meiner det er naudsynt å overvake problemområda òg i skuletida. Det å forhindre hærverk - og spare pengar - ser ut til å vere eit mål som rettferdiggjer dei fleste midlar. Har avgjerdstakarane eigentleg tenkt over konsekvensane av overvakinga?

Regjeringa har løyvd midlar til prosjektet ”Du bestemmer” gjennom fleire år. I prosjektet jobbar Datatilsynet saman med Utdanningsdirektoratet og Teknologirådet for å gjere barn og unge medvitne om innsamling og bruk av personopplysningar. Målet er at dei skal lære å setje eigne grenser, og ha respekt for andre sine grenser. Men kva for signal sender vi til dei unge når kommunen meiner den beste måten å få bukt med hærverk på skulen, er å overvake skuleområdet både i og utanfor skuletida? Skulen er elevane sin arbeidsplass. Ville vi vaksne akseptert å bli kameraovervaka på jobb kvar einaste dag? Eg er viss på at svaret er nei. Og eg er like viss på at det ikkje er så mange som har tenkt nøye gjennom personvernkonsekvensane ved overvakinga på skulane. Dette sett søkjelys på eit viktig tema: Tiltak som medverkar til å nå andre politiske mål, som å kjempe mot kriminalitet, må alltid vegast mot personvernet. Problemet er at dette ikkje alltid skjer. Personvernet vert for ofte tapar.

Det er ikkje berre i skulen kameraovervaking vert tatt i bruk i kampen mot kriminalitet. Stadig fleire offentlege rom vert overvaka, av politiet eller av private selskap. Eg undrar meg av og til over kor mykje overvakaren har tenkt igjennom verknaden av overvakinga. Har dei vege den positive effekten overvakinga kan ha for å forhindra hærverk eller kriminelle handlingar frå nokon få mot den ulempa overvakinga representerar for alle dei som ikkje gjer noko gale? Erfaring tydar på at ein faktisk ikkje alltid treng å gjere opptak for at eit kamera skal ha effekt. Tenk berre på automatisk trafikkontroll (ATK) – dei fleste av oss veit at det ikkje er kamera i alle fotoboksane langs norske vegar, men vi senkar likevel farten når vi er i område skilta med ATK. Kanskje det er på tide å tenkje på kva ein skal med alle dei opptaka som vert gjort?

Kameraovervaking er ikkje einaste forma for overvaking i kvardagslivet. Ei anna form for kvardagsleg overvaking er vaksne sin kontroll med barna sin bruk av mobil og pc. Eg held i desse dagar på å avslutte arbeidet med ei forskrift om arbeidsgjevar sitt innsyn i tilsette sin e-post. Dei fleste både tilsette og arbeidsgjevarar i norske verksemder er einige om at arbeidsgjevar ikkje skal ha uinnskrenka rett til innsyn i dei tilsette sin elektroniske kommunikasjon. Men mange ser ut til å synes at det er greitt at dei vaksne kontrollerar loggen på barna sin mobiltelefon utan å snakke med barna om dette. Ein aksepterar med andre ord eit innhogg i barna sin private sfære som ein sjølv neppe ville akseptert. Føremålet er igjen godt, dei vaksne er opptekne av å beskytte barna, dei vil passe på at barna ikkje mottek e-post eller sms med trugande innhald, eller at dei ikkje vitjar nettstader med innhald som er uegna for barn. Men i iveren etter å beskytte barna gløymer dei vaksne at òg barn har trong for eit privat rom dei ikkje treng å dele med dei vaksne.

Er det enklaste kamera? Er fleire personopplysningar løysinga på alle utfordringar? Eller er tida moden for å tenkje grundig gjennom kva vi skal med alle dei opptaka og personopplysningane som vert lagra?