Historisk arkiv

For tøft å inkludere?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Staten skal vere ein open og inkluderande arbeidsgivar og statlege arbeidsplassar skal pregast av mangfald. Det er vårt mål og krav, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i sitt åpningsforedrag på Velferdkonferansen 2008.

- Staten skal vere ein open og inkluderande arbeidsgivar og statlege arbeidsplassar skal pregast av mangfald. Det er vårt mål og krav, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i sitt åpningsforedrag på Velferdkonferansen 2008 på Gamle Logen i Oslo 20. mai 2008.

 

Med atterhald om endringar under framføring.

 

Godtfolk!

Er det for tøft å vere inkludert? Det er eit godt spørsmål. Ein ting er sikkert - det burde ikkje vere det. Eg håper ikkje det er for tøft, men at det er utfordrande kan det ikkje vere tvil om.

La meg stille eit anna spørsmål. Er det for tøft å inkludere? Det er eit spørsmål arbeidsgivarsida kan spørje seg. Som ansvarleg for arbeidsgivarpolitikken i staten vil eg difor snakke om staten sitt arbeid for å skape mangfald på arbeidsplassen.

Fornyingsdepartementet er òg eit IKT-departement, og derfor skal eg òg snakke om universell utforming av IKT. Om ikkje alle får tilgang til vår viktigaste arbeidsreiskap, kan vi aldri oppnå eit inkluderande arbeidsliv. IKT skal ikkje undervurderast når det gjeld inkludering. Ikkje gløym at med IKT kan blinde til dømes lese all ”vanleg” tekst.

Men aller først vil eg snakke om arbeid. No som vi akkurat har feira 17. mai kan det vere greitt å starte med grunnlova. For allereie i grunnlova er retten til arbeid omtalt. I paragraf 110 står det følgjande:

”Det Påligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til rette for at ethvert arbeidsdygtigt menneske kan skaffe sig Udkomme ved sitt Arbeide”.

Språket er vanskeleg, innhaldet er enkelt, men kravet er utfordrande å realisere. Alle arbeidsdyktige skal ha sjanse til å jobbe. Politikken må leggje forholda til rette. Kven som er arbeidsdyktig, har det vore ulike oppfatningar av gjennom tidene. Vi skal ikkje så langt tilbake før nokon meinte at kvinner ikkje kunne gjere anna enn å lage mat og vaske klede. Same type fordomar møter dei med nedsett funksjonsevne, men meir om det seinare.

I Soria Moria–erklæringa har vi gjort det klart at vi vil arbeide for eit langt meir inkluderande arbeidsliv, med plass til ulike menneske, og med ei forventning om at alle kan arbeide etter evne.
Fornyingsdepartementet har ansvar for arbeidsgivarpolitikken i staten, og staten har ca 130.000 tilsette. Det er få som er ein større arbeidsgivar. Som politikar tilset eg sjølv ingen av desse, men eg set rammene. Staten skal vere ein open og inkluderande arbeidsgivar og statlege arbeidsplassar skal pregast av mangfald. Det er vårt mål og krav. Regjeringa set store krav til statlege verksemder, fordi offentleg sektor skal gå føre.  

Arbeidsplassane er i hovudsak spreidde på departementa, direktorata, etatane, politiet, høgskulane, universiteta og forsvaret. Staten rekrutterer primært personar med høgare utdanning, og det er eit jamt tilsig av høgt kvalifiserte søkjarar. Når det gjeld dei med nedsett funksjonsevne har statlege arbeidsgivarar òg problem med å finne dei.

Å velje kven vi slepp til på arbeidsplassen er eit stort ansvar. Statstilsette er med på å forvalte fellesskapet sine ressursar, og innbyggjarane har krav på at denne forvaltninga skjer på ein god måte. For å oppnå det treng vi mangfald på arbeidsplassen.

Å skape mangfald er tøft fordi det er tøft å bli inkludert. Første hindring i arbeidslivet er negative innstillingar frå arbeidsgivarar. Utan å kalle nokon fordomsfulle, er det ei utbreidd oppfatning at dei med nedsett funksjonsevne kostar for mykje. Eller har høgt sjukefråvær. Eller ikkje klarar å jobbe godt og effektivt. Dette er haldningar vi freistar å endre, for dette har mykje meir med haldningar å gjere enn at det verkeleg er slik.

Samtidig ser eg dilemmaet frå dei statlege leiarane si side. Dei blir målte beinhardt på resultat og skal halde stramme budsjett. Då fryktar dei nye utgiftspostar og nye endringar. Men dei har vorte sette der som leiarar nettopp for å handtere slike utfordringar og for nå dei måla som politikarane set.   

Mangfald i tilsetjingar basert på rein velvilje fører altså ikkje fram og har heller ikkje ført fram. Vi etablerte difor ein tiltaksplan for å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne. Målet er at 5 % av tilsetjingane skal verte gjorde med personar med nedsett funksjonsevne. Det fyrste året nådde vi 2,4 prosent. Året etter 1,2 prosent. Til saman har 306 (208 + 98) personar med nedsett funksjonsevne fått jobb i staten i løpet av denne toårs perioden. 306 personar er ikkje så mange, og vi har vore eit stykke frå måloppnåing. MEN det som vi har oppnådd, er å gi desse arbeidsmiljøa erfaring med å ha ein kollega eller leiar som har nedsett funksjonsevne. 

Og poenget er: dette er ikkje ei utstrekt hand til dei 306! Eg ser inkluderingsspørsmålet frå ein annan vinkel. Kva tener  arbeidsgivaren på mangfald og inkludering?

Mange med nedsett funksjonsevne tar høgare utdanning, og staten rekrutterer fyrst og fremst folk med høgare utdanning. Derfor starta vi eit trainee-program i sentralforvaltninga som har lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne. 126 personar søkte og 16 vart tilsette som trainee. Mangfaldet som trainee–ane tek med seg, skapar dynamikk ved at forskjellane blir ein viktig del av arbeid og utvikling. 

Vi starta trainee-programmet fordi vi ville ha folk med nye erfaringar og nye perspektiv inn i departementa. Erfaringa med å ha nedsett funksjonsevne er ein del av kompetansen til den einskilde. Vi må sjå moglegheitene! Det handlar om å snu tenkinga.  Vi må slutte å tenkje at det dreier seg om marginaliserte grupper som må hjelpast.

Sjølv om trainee-programmet er ein suksess, når vi ikkje måltalet på 5 prosent som eg omtalte i stad. Kvifor er det så vanskeleg å rekruttere dei med nedsett funksjonsevne?

Negative haldningar snakka eg om tidlegare, og dei er eit problem. For det andre er det alltid lett å halde seg til det trygge og kjende, og det hindrar nok ein del frå å tilsetje nokon som er annleis enn dei sjølve. Både kvinner, innvandrarar og funksjonshemma i arbeidslivet har møtt det. Like barn trur dei leikar best.

Det hender at leiarar for statlege verksemder sukkar og seier til meg at no er det for mange grupper dei må ta omsyn til ved rekruttering: Innvandrarar, ulike grupper av funksjonshemma, seniorar og så vidare. Når leiarane skal forklare kvifor dei ikkje tilset fleire og når tala vi har sett som mål, er svara ofte: ”Personar med nedsett funksjonsevne søkjer ikkje stillingane våre”. Og det er det tredje momentet mitt; Av ulike årsaker vel ein del av søkjarane å ikkje fortelje at dei har nedsett funksjonsevne. Ein del ynskjer rett og slett å bli vurderte på bakgrunn av kompetanse. Andre kan ha opplevt å verte diskriminerte, og vel å opptre meir forsiktig neste gong.

Som eg sa tidlegare, handlar mangfald om å bruke forskjellane og dei ulike erfaringane til noko positivt. For å gjere det, må vi sjå forskjellane. Og vi må ta omsyn til forskjellane. Universell utforming handlar om akkurat det. Vi klarer ikkje å rekruttere svaksynte dersom ikkje stillingsannonsane på nett kan lesast av eit tekst-til-tale-program, og vi kan ikkje tilsetje ein i rullestol dersom vi manglar heis. 

Slik tilrettelegging tenkjer leiarar er det dyre med å tilsetje ein med nedsett funksjonsevne. Men det er ikkje rullestolbrukaren som påfører verksemda kostnader når det må monterast automatisk døropnar. Den nytilsette er ei påminning om at lokalet ikkje er universelt utforma.

Knappar for å opne dører er eit døme på universell utforming. Det handlar om å skape eit samfunn for alle. I Soria Moria- erklæringa set regjeringa derfor universell utforming høgt på dagsorden.

Før jul 2006 la eg fram Stortingsmeldinga ”Eit informasjonssamfunn for alle”. Der slår vi blant anna fast at alle offentlege tenester skal vere universelt utforma. Alle skal ha tilgang.

Ny ikkje-diskriminerings- og tilgjengelegheitslov som regjeringa nyleg la fram, vil òg ta for seg IKT. Alle IKT-løysingar retta mot folk flest skal vere universelt utforma. Det vil seie at mellom anna alle nettaviser, nettbutikkar, nettbankar, minibankar, billettautomatar og sanntids informasjonstavler, skal vere tilgjengeleg for alle. Krava for ny IKT vil gjelde frå 1. juli 2011. At lova ikkje trer i kraft før, har samanheng med at det tek tid å avgjere dei standardane som skal gjelde. Dette er eit arbeide som mellom anna brukarorganisasjonane vil bli trekt inn i.   Vi tar oss tid til å utvikle gode standardar, for her skal ingen falle utanfor.  

Universell utforming er ikkje berre noko som gjeld folk med nedsett funksjonsevne. Det gjeld oss alle. Dei fleste har ein eller fleire gonger hatt nytte av universelt utforma teknologi eller løysingar. Visste de at fjernkontrollen for TV først vart laga for dei med funksjonshemmingar? I dag tenkjer ikkje så mange på fjernkontrollen som eit hjelpemiddel. Større skrift når vi surfar på nettet er eit anna døme. I utgangspunktet er det ein funksjon utforma for svaksynte, men vi vert alle eldre og får dårlegare syn. Somme meiner dessutan at alle vert meir effektive på jobb når skrifta på skjermen aukar.

Ideen med universell utforming er nettopp å lage hovudløysingar som gjeld alle, slik at vi oppnår

  • Få eller ingen spesialløysingar for funksjonshemma
  • Færre løysingar å utvikle og ikkje minst vedlikehalde. Slikt kostar pengar.
  • Enklare og betre løysingar for alle
  • Fleire val for alle

Avslutning
Er det for tøft å bli inkludert? spurde eg i starten. Og sjølv om det har blitt betydeleg færre, så er enno mange ufrivillig utanfor arbeidslivet i dag. Så dessverre er svaret ja. Er det for tøft å inkludere? Vi når ikkje måltala våre, så det er i alle fall tøft å inkludere. Men for tøft er det ikkje. Vi er godt på veg, og vi har god erfaring med nye grep, slik som trainee-ordninga. Vi bryt òg ned fysiske barrierar, både innan IKT og innan bygningar. Det går framover, men haldningar er eit langt lerret å bleikje. Einaste måten å bryte ned negative haldningar, både medvitne og umedvitne, er å få funksjonshemma ut i arbeid. Sjølv om har vi hatt suksess med trainee-programmet, så eg er alltid open for å prøve nye idear.

Lykke til på konferansen og takk for meg!