Historisk arkiv

Framtida i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Folkevaldopplæringa 2008, som ble arrangert av Sogn Regionråd 8. februar 2008.

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Folkevaldopplæringa 2008, som ble arrangert av Sogn Regionråd 8. februar 2008.
 

Med atterhald om endringar under framføring. Sjå lyssark her (PDF)

  

Takk for invitasjonen! Det er alltid hyggeleg å komme heim og snakke om kva vi held på med.

Det er spenstig av sogningar å utfordre ein sunnfjording til å seie noko om framtida i Sogn og Fjordane. Eg tek det som ein indikasjon på at fogderistriden er noko vi har det moro med i festlege lag og at vi i politikken ser framover mot det vi kan skape saman.

Eg vil reflektere litt rundt muligheiter og utfordringar fylket og de i Sogn står overfor sett litt utanfrå. Aller først, og kanskje litt sjølvsagt, må de sjå kva som er regionen sine sterke sider og korleis dei kan utviklast vidare.

Sogn og Fjordane er eit område som har næringsvegar og kommunar som er svært ulike men som til saman nesten utgjer ”eit lite stykke Noreg”. Her er industrikommunar, kraftkommunar, fiskerikommunar, jordbrukskommunar, skulesenter med høgskule, store offentlege institusjonar (sjukehus, regionkontor Vegvesen, Fylkesmannen, DIFI Noreg.no) og eit reiseliv med eit stort potensiale.

Her i Sogn har de gjennomgått ein samferdsleutvikling dei siste 10-15 åra som har knytt regionen tettare saman både på langs og på tvers.  Kva muligheiter har dette gjeve dykk? Korleis er dette vorte ein del av strategiane og planane for ”Framtida i Sogn og Fjordane”? Kva er dei nye utfordringane?

Vidareutvikle velferdssamfunnet
Dei nordiske landa har hatt god vekst samanlikna med land med langt lågare skattar og svakare velferdstilbod. Det er framstilt som eit paradoks at land som satsar på fellesskapsløysingar og ein sterk offentleg sektorar, som dei nordiske, hevdar seg så bra økonomisk. Ein del av forklaringa er at ein god offentleg sektor er ein konkurransefordel for næringslivet.

Ei viktig delforklaring er det som (på bokmål!) er blitt kalla ”flexicurity” (som ein del av den nordiske velferdsmodellen), det vil seie at universelle velferdsordningar sikrar mot at inntekter fell bort. Denne sikringa, saman med ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk, gjer det mogleg å ha ein arbeidsmarknad som er meir fleksibel enn i land der velferdsordningane er kopla til jobben. I USA til dømes, er dei sosiale forsikringane, ofte også helseforsikringane, eit forhold mellom deg og arbeidsgjevaren. Undersøkingar viser at desse ordningane medverkar til at arbeidstakarar er meir varsame med å skifte jobb noko som reduserer mobilitet og omstillingar i verksemdene.

Vi må heller ikkje gløyme rimelege barnehageplassar og gode permisjonsordningar som gjer at kvinner har reelle sjansar til å delta i arbeidslivet.

Kommunar og trygge lokalsamfunn er ein viktig del av velferdssamfunnet vårt. Kommunal sektor forvaltar ein stor del av landet sine økonomiske ressursar og står for ein vesentleg del av  velferdsproduksjonen. Kommunane må sikrast stabile inntekter for å finansiera vedtekne velferdsgoder. Samstundes må kommunane ha eit handlingsrom for å  utvikle livskraftige lokalsamfunn og vere ein arena for deltaking og lokaldemokrati.

Kommunane har ei viktig rolle som samfunnsutviklar. Samfunnsutvikling handlar om planlegging, næringsutvikling og miljø i vidaste forstand, til dømes å utbetre det lokale vegnettet, skape fleire arbeidsplassar og gode nærmiljø og å gjere kommunane attraktive for reiselivet.

Ønskje om likeverdig tenestetilbod i alle kommunar treng ikkje å stå i motstrid til det lokale sjølvstyret. Lokalpolitikk må vere meir enn iverksetjing av nasjonal politikk. Det gjeld å finna ein god balanse mellom kravet frå storsamfunnet om likeverd i tenestetilbodet og den kommunale fridomen.   

Sentraliseringa aukar i gode tider
Det er enklast å drive omstillingsarbeid i gode tider. Gode økonomiske konjunkturar gir likevel distrikta ein del utfordringar som storbyane ikkje har.

Vi har no vore inne i ein vedvarande høgkonjunktur og igjen ser vi ein auka nettoflytting frå mindre sentrale til sentrale områder. Ein konsekvens av dette kan bli at hovudutfordringane i distrikta ikkje lenger er mangel på arbeidsplassar, men mangel på arbeidskraft. Dette underbygger argumentet om sterkare distriktspolitisk innsats nettopp i oppgangstider.

Behov for utanlandsk arbeidskraft
Mangel på pengar er ikkje det store problemet i Noreg, men skort på arbeidskraft. Eit viktig mål  i regjeringa sitt fornyingsarbeidet er å betre tilgangen på arbeidskraft. Dette er ekstra viktig her i fylket.

Som vi har merka i Sogn og Fjordane, er det i alle høve eit behov for utanlandsk arbeidskraft. Innanfor industri, fisk og reiseliv er det meir enn 1/3 av bedriftene i Sogn og Fjordane som planla å bruke meir utanlandsk arbeidskraft i 2007. Her i Sogn vert det nytta mykje sesongarbeidskraft i samband med frukt- og bærproduksjon.

I denne samanheng er det  viktig å tenkje på busetting og gode arbeidsvilkår. Få folk til å føle seg velkomne og verdsette. Kva med å skape arbeidsplassar for ektefellen? Dei som kjem til Noreg for å arbeide skal oppleve at vi er eit inkluderande samfunn. Vi må ikkje berre setje pris på arbeidskrafta men òg setje pris på dei menneska dei er og deira familier. Kva andre interesser og kompetanse har desse gjestene våre som gjer at samværet vårt kan vere noko meir enn arbeidskraft i byte med pengar. Vert dei invitert inn i kulturlivet, til songkoret. Kan dei vere med å opne korridorar for kulturutveksling mellom heimlandet og oss, kan dei medverke til å opne tilgang til nye marknader både heime hjå seg og hjå oss?

Det er nok av muligheiter for å ta ansvar for at Noreg blir eit meir inkluderande samfunn både hjå oss som politikarar, arbeidsgjevarane og dei friviljuge organisasjonane rundt om i bygdene.

Saman om framtida:

Attraktive stader
Attraktive stader kan vere ein utløysande faktor for busetnad, når arbeid og offentleg tenestetilbod er på plass. Viktige faktorar for attraktivitet er gode tilbod av tenester, kultur og friluftsliv, store tomter og gode bustader, aktivt frivillig arbeid og estetisk opprusting.

Samarbeid
For å få til dette er viktig at dei einskilde kommunane i Sogn ikkje er seg sjølv nok. De har så mange bein å stå på kvar for dykk at det er viktig at de parrar dei så de ikkje snublar. Eg trur difor at samarbeid kan vere ein av dei viktigaste ”tiltaka” de kan gjere for å møta utfordringane framover. Eg skal ikkje ha nokon oppfatning av kva modell eller form samarbeidet bør ha. (Lasse Seltun har tidlegare i dag vist oss fleire typar interkommunalt samarbeid). Og ser vi på kva Sogn Regionråd steller med, er det samarbeid om store og små tiltak, med ulik prioritering og ulik grad av formalisering.

Kunnskapsoppbygging
Samstundes må vi sjå etter nye og andre områder å samarbeide på, ikkje minst innan kunnskapsoppbygging og kunnskapsdeling. Korleis kan Sogndal som skulestad medverke offensivt i utviklinga av regionen, korleis kan Årdal med Statoilhydro medverke? Eg veit det er fleire gode døme på samarbeid, Fjordinfo, og fleire EU-prosjekt er drivne fram gjennom godt samarbeid mellom offentlege og private aktørar i regionen. Kva nye områder ser vi?

Næringsutvikling
Eit døme er at Landbruks- og matdepartementet har sett i gang eit arbeid der vi ynskjer å auka verdiskaping og næringsaktivitet i grenseflata mellom frukt- og bærproduksjon, reiseliv og kulturlandskap på Vestlandet. Her skal ein kombinere profesjonell frukt- og bærproduksjon med utvikling av reiselivet i regionen.  Fylkesmann Oddvar Flæte er oppnemnd som leiar for styringsgruppa. Satsinga omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og nokre område i Rogaland og Møre og Romsdal. Departementet har sett av 10 millionar kroner fordelt på 5 år. I tillegg skal det løyvast minst 5 millionar lokalt. Denne gruppa hadde sitt første møte for vel ein månad sidan og er eit godt døme på samarbeid mellom ulike næringar og offentleg verksemd.

Fornying og IKT
Eg er òg imponert over kva de får til når det gjeld IKT og fornying her i fylket. De har mange  spennande prosjekt på gang, eg har sett lista. Det er to ting eg vil trekke fram i trekke fram når eg ser all den kreativiteten som ligg bak dette arbeide:

For det fyrste spennet i deltakinga i prosjekta. Frå tiltak som omfattar ein eller få kommunar til ”SYS-IKT skuleprosjekt og digitalt skulesamarbeid” der Luster kommune i samarbeid med alle kommunane i fylket er med.

Det andre eg vil trekke fram er korleis fylkeskommunen, fylkesmannen og kommunane samarbeider på. Alle medverkar med ressursar enten med kroner eller med kompetanse, og viljen til å dele røynslene er stor.

Bruk desse samarbeidserfaringane på andre samfunnsområde òg! 

Distriktspolitisk løft

Regjeringa har gjennomført eit distriktspolitisk løft på brei front:

Kommunesektoren er avgjerande for lokal velferd og tenesteproduksjon

  • Med budsjettet for 2008 har regjeringa ei samla satsing på over 20 mrd kroner meir til kommunane, dette gjer meir lokal velferd og handlingsrom for auka satsing på kultur og næringsutvikling i kommunane

Samferdsel er viktig for næringsliv og befolkning i heile landet

  • Vegløyvingane aukes i 2008-budsjettet med 575 mill eller 4 prosent
  • Regjeringa prioriterer spesielt vedlikehald og drift, og i 2007 og 2008 blir det nytta om lag 25% meir til dette enn i 2006
  • Rassikring auka i 2007 med 20% til 321 mill kr, i 2008 er løyvinga 329 mill. Dette er ein innsats som fjernar flaskehalser.

Breibandssatsing for å sikre breiband til alle

  • Over 370 mill til breiband i 2007. I 2006 var innsatsen på 119 mill. kr, etter at budsjettet ble styrka med 50 mill kr i revidert nasjonalbudsjett våren 2006.
  • Fylkeskommunane, kommunane og andre aktørar som lokale e-verk er også sentrale i utbygging av breiband.

Differensiert arbeidsgivaravgift (DA) er det tyngste distrikts- og regionalpolitiske virkemidlet

  • Gjeninnført frå 2007
  • Utgjer ein avgiftsfordel på nær 10 mrd kr årleg til distrikta

Landbruk er viktig for busetnad i utkantområde

  • Ramma for Landbruksoppgjera for 2007 på 850 mill og 2008 på 975 mill, legg til rette for ei inntektsauke for bøndene på om lag 10 prosent frå 2007 til 2008
  • Innsats for skogbruk og bioenergi var på 190 mill kr i 2007 og har same løyving i 2008.

Fiskeripolitikken er helt sentralt for mange kystsamfunn

  • Marint verdiskapingsprogram på ca 65 mill i 2007 og 2008, dette er nær ei dobling av tilsvarande satsing i 2006

Distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar KRD for næringsutvikling og utvikling av attraktive steder

  • Auke med 153,5 mill kr (ca 10%) i 2007 til ca 1,6 mrd kr (utanom kompensasjon for DA). For 2008 er auken på 115 mill.
  • I tillegg vart det i 2007 satt av 755 mill kr og i 2008 664 mill til næringsretta midlar til regional utvikling og nær 375 mill kr årleg til transportstøtte som kompensasjon for DA

Reiseliv
Kapitlet om næringspolitikk i SoriaMoria-avtalen omtaler mange område som er viktige for Sogn og Fjordane, mellom anna fiskeri- og havbrukspolitikk, industri, landbruk, skipsfart, reiseliv.

Og vi gjer det ikkje så verst i fylket vårt og særleg ikkje når det gjeld turisme. Sogn og Fjordane har hatt ei nokså flat utvikling i besøkstal, medan resten av Noreg har hatt reduksjon. Med våre naturgjevne føresetnader må vi likevel sikte endå høgare, og vi må trekkje til oss dei ”rette” turistane. Om enn kanskje ikkje berre slike som Keisar Wilhelm 2 av Preussen som var på  årlege vitjingar i Balestrand og som òg var der når 1. verdskrig braut ut. Eg kan her nemne at regjeringa har løyva 215 mill til å marknadsføre Noreg som turistmål i 2008.

Eg håpar òg regjeringa sin reiselivsstrategi, som vart lansert i fjor, kan vere til hjelp for Sogn og Fjordane. Vi legg her vekt på at Noreg skal vere eit føregangsland for natur- og kulturbaserte opplevingar, og ha høg internasjonal anerkjenning som ”grønt” reisemål. Verdsarvstadene er  særskilt omtalte som ”fyrtårn” i denne satsinga.

Reiselivsstrategien prioriterer òg den direkte virkemiddelbruken overfor næringa, noko som bl.a. gjeld IKT, innovasjon, forsking og kompetanse. Reiseliv er tungt avhengig av IKT i marknadsføring og sal, eit område der vi har gode føresetnader for å utvikle nasjonale konkurransefordelar. Utviklinga i marknader vi for få år sidan ikkje drøymde om å få besøkjande frå, tilseier at vi nyttar dei mest tenlege midla for å nå desse kundane med informasjonen vår.
Eg vil òg nemne at regjeringa no opprettar eit investeringsfond på 2,2 milliardar kroner, der reiseliv er eit av dei prioriterte satsingsområda.

Når det gjeld reiseliv må vi prøve å få meir ut av verdas lengste fjord. Norske fjordar er kåra til verdas beste reisemål av det leiande amerikanske tidsskriftet National Geographic. Nærøyfjorden er blitt ein verdsarvstad.

At Flåmsbana er vorten meir populær enn Fløibana, er ikkje noko mål i seg sjølv, men må gje inspirasjon til vidareutvikling av Flåm og regionen som turistmål.

Sogn har i det heile svært mange reiselivsbedrifter som satsar på det unike naturmiljøet og såleis er opptatt av det berekraftig reiseliv. Eg vil difor vise til at NHD løyver 6 mill kr til forskingsprosjekt "Sustainable Destination Norway 2025" ved Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv. Det 4-årige arbeidet skal stimulere debatten om reiselivsutvikling i Noreg og auke kunnskapen om utfordringar og muligheiter knytte til ulike utviklingsretningar. Ein vil mellom anna sette fokus på reiselivet sitt bidrag i å nå målet om eit karbonnøytralt Noreg og utvikle ulike scenarier for korleis norsk reiseliv kan sjå ut i 2025. Kunnskapsbygging skal skje i samarbeid med utanlandske forskarar og vil omfatta eit breitt spekter av kunnskapsområde knytte til reiseliv, klima, transport, planlegging o.a.

Klimautfordringane
Sjølv om det går godt i landet på dei fleste områder har vi likevel store utfordringar og etter mitt syn er klimaendringa den største.

Utslepp av klimagassar fører til at gjennomsnittstemperaturen ved jordoverflata aukar. Dette vil kunne endre nedbørsmønstret og vindsystem, flytte klimasoner og heve havnivået. Slike endringar får store konsekvensar både for naturlige økosystem, for verdssamfunnet og mange lokalsamfunn.

Noralv Pedersen NRK S&Fj skreiv i ein kommentar tidlegare i år at: ”2007 var året då dei folkevalde fekk augene opp for klimakrisa. 2008 må bli året for politisk handling – også i Sogn og Fjordane”.

Eg er samd med Pedersen. For eigen del har eg no gjort klima og miljøspørsmål til det viktigaste temaet der det er relevant i eige departement. Dette dreier seg mellom anna om IKT-løysingar som reduserar trongen for reiser, miljøfokus ved offentlege innkjøp, utvikle betre miljøstatistikk og ikkje minst større merksemd rundt miljø og klimautfordringane innan den statlege bygge- og eigedomspolitikken. Men Noralv Pedersen utfordrar dykk også.

Klimameldinga
Regjeringa la i fjor fram ei offensiv stortingsmelding om klimapolitikken. Og heldigvis klarte vi å få til eit breitt klimapolitisk forlik i Stortinget. Sjølv om vi står overfor store oppgåver er det  grunn til å understreke at Regjeringa lenge har arbeidd med tiltak for å redusere klimautslepp og legge til rette for at dette kan skje i store delar av samfunnet og i offentleg verksemd. Eg vil trekke fram to døme som også utfordrar dykk:

Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlege anskaffelsar.
I juni i fjor la eg saman med Miljøvernministeren og Barne- og likestillingsministeren fram ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffelsar. Viktige verkemiddel i den handlingsplanen er å utvikle miljøkriterier for offentlege innkjøp. Arbeidet med miljøkriteriane er leia av eit eige miljøpanel i samarbeid med ulike næringar og interesseorganisasjonar. Kriteria er på det meste ferdige og vert presentert om kort tid.

Årleg vert det gjort offentlege innkjøp for om lag 280 mrd kroner (eksl forsvaret). Det er difor klart at offentleg sektor har stor marknadsmakt og om vi nyttar kriteria godt vil dette gje miljø og klima gevinstar, samstundes som det gjev viktige signal til andre om kjøp av varer og tenester.

Innkjøp er eit område kommunane ofte samarbeider om, anten gjennom regionråda eller andre interkommunale avtalar. Fram til no har dette vore drive fram av gevinstar i form av betre prisar ved kjøp av større volum. Gjennom dei innkjøpssamarbeida som alt eksisterar har er tru på at kommunane raskt vil ta i bruk kriteria som del av sitt miljø- og klimaarbeid.

Kommunal energi- og klimaplanlegging
Regjeringa ønskjer at alle kommunane skal lage ein energi- og klimaplan. Undersøkingar som er gjorde viser at manglande kompetanse på området er den viktigaste barriera for å få gjennomført strategisk energi- og klimaplanlegging i kommunane. Rett før jul i fjor presenterte Enova ein rettleiar i kommunal energi- og klimaplanlegging. Rettleiaren er utarbeidd i eit samarbeid mellom Enova, KS og Statens forurensingstilsyn. Denne rettleiaren gjev ei innføring i planprosessen og korleis kommunen gjennom planen skal identifisere energi- og klimatiltak og sette dei ut i handling. Enova arbeider no vidare med ny rettleiar som skal vere eit verktøy for kommunane etter at slike planar er vedtekne.

Eg oppfordrar dykk til å ta fatt i desse sakene og vise at de som politikarar handlar og leverar resultat. Det er dette folkevaldopplæring handlar om.

Fridom og moglegheiter!

No gjeld det å:

  • Sikre naudsynt samspel
  • Utnytte rammene og lokale og regionale fortrinn
  • Skape lyst å vilje til å få til resultat
  • Få fram lokalt og regionalt initiativ, kunnskap, kreativitet og engasjement som fremjar ynskt utvikling.

Her vil eg seie; ta innbyggjarane med! Vi politikarar er flinke til å skape engasjement og diskusjon i lokalmiljøa når det er val. Vi må søke å forlenge engasjementet og diskusjonen til også å gjelde mellom vala. Løft engasjementet ut av kommunestyresalane.

Kor mykje makt skal de som er lokalpolitikarar ha?  Mykje er bestemt av oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa, men de bestemmer også mykje sjølve. Kva oppgåver gjer de vedtak om at skal delegerast til administrasjonen? Er de medviten om korleis de fordelar makt når de til dømes opprettar interkommunale selskap? Blir det meste avgjort i formannskapet?

Dette varierar sikkert frå kommune til kommune, og det er de som veit kva som passar best for dykk. Mitt poeng er at det viktig at de er medviten om at de har eit handlingsrom for å drive politikk og at de er medvitne om korleis de brukar det.

Lukke til!