Ikkje meir makt til leiarane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 05.12.2008
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
- Eg har stor tru på demokrati i arbeidslivet. Tom Colbjørnsen legg derimot opp til lukka prosessar og umotiverte tilsette med sitt ynskje om meir makt til statlege leiarar, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i ein replikk i DN.
Replikk av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i DN 5. desember.
Eg har stor tru på demokrati i arbeidslivet. Tom Colbjørnsen legg derimot opp til lukka prosessar og umotiverte tilsette, med sitt ynskje om meir makt til statlege leiarar.
Med metaforen curlingleiing analyserer Colbjørnsen ”Plattform for leiing i staten”, i måndagens DN. Han hevdar at plattforma legg for stor vekt på at statlege leiarar skal leggje til rette for og støtte medarbeidarane, på same måte som ein curlingspelar pussar føre steinane. Han ynskjer seg leiarar med meir mynde og større handlingsrom for omstillingar.
I staten har vi høgt motiverte medarbeidarar, fordi dei har interessante arbeidsoppgåver og kontroll over eigen kvardag (spørjeundersøking 2007). Dette gir føringar for korleis leiarane bør leie. Dei må mellom anna motivere og leggje til rette.
Colbjørnsen kritiserer meg for nærast å likestille leiarar med dei tilsette. Sjølvsagt har leiarar eit spesielt ansvar og posisjon, men å involvere dei tilsette i endringsprosessar står ikkje i motsetning til å utøve makt. Slike prosessar er faktisk med på å legitimere vedtak og å senke konfliktnivået. For å fornye offentleg sektor må vi òg spele på lag med dei tilsette og organisasjonane deira. Fleire hovud tenkjer som kjent betre enn nokre få.
Å kunne påverke eigen arbeidskvardag er føresetnaden for motiverte medarbeidarar. Å ha medråderett i store endringar er òg ein demokratisk rett. Vi treng ikkje meir hierarki i arbeidslivet, men meir demokrati.
Se også:
Plattform for ledelse i staten