Historisk arkiv

IKT i barnehagar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Mitt politiske initiativ handlar om å gjere barn fortrulege med digitale verkty gjennom leik og skapande aktivitet, ikkje gjennom bruk av kontorstøtteprogram, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i ein replikk i Dagbladet.

- Mitt politiske initiativ handlar om å gjere barn fortrulege med digitale verkty gjennom leik og skapande aktivitet, ikkje gjennom bruk av kontorstøtteprogram, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i ein replikk i Dagbladet 5. juni 2008.

Professor Hermundur Sigurdsson er i Dagbladet 29. mai kritisk til auka bruk av PC i barnehagar. Sigurdsson er redd for at vaksenverda trengjer inn i barndomen. Han er uroleg for at barn blir sitjande framfor PC-en utan fysisk aktivitet. Han ynskjer ikkje opplæring i tekstbehandling og rekneark i barnehagen. La det vere klart: Det gjer heller ikkje eg.

Mitt politiske initiativ handlar om å gjere barn fortrulege med digitale verkty gjennom leik og skapande aktivitet, ikkje gjennom bruk av kontorstøtteprogram. Dei kan bruke digitale kamera, skannarar, fargeskrivarar og lydopptakarar til  å ta bilete, fortelje historier, spele inn songar og lage filmar. Eg ynskjer ikkje å skape stillesitjande konsumentar av barna, men menneske som òg kan bruke IKT skapande og kreativt.

Regjeringa er oppteken av at alle skal ha like moglegheiter. Det er framleis mange barn som ikkje har høve til å bruke IKT i heimen, og difor møter større utfordringar i møte med dette i skulen enn andre barn. Auka bruk av IKT i barnehagen kan hjelpe til å utjamne forskjellar og gi verdifull kompetanse.