Historisk arkiv

Konkurranse i programvaremarknaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Eg håper at vi framover kan ha ein konstruktiv diskusjon om korleis vi skal få IKT-marknadene til å fungere best mogleg framfor å tilleggje motparten motiv og synspunkt som det ikkje er grunnlag for, skriv statsråd Grande Røys i ein replikk til Paul Chaffey i Dagens Næringsliv.

- Eg håper at vi framover kan ha ein konstruktiv diskusjon om korleis vi skal få IKT-marknadene til å fungere best mogleg framfor å tilleggje motparten motiv og synspunkt som det ikkje er grunnlag for, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i ein replikk til Paul Chaffey i Dagens Næringsliv.

Abelia-leiar Paul Chaffey seier i Dagens Næringsliv 19. februar at eg blandar korta når eg taler om at Konkurransetilsynet skal overvake søkjemotormarknaden og programvaremarknaden.

Chaffey les DN som fanden les bibelen. Eg blandar ikkje desse forholda, sjølv om eg i intervjuet nemner både programvaremarknaden og det som skjer i forhold til Fast og Yahoo. Det eg har gjort er å be Konkurransetilsynet prioritere tilsynet med konkurransen i IKT-sektoren og gjennomføre ei vurdering av marknads- og konkurransetilhøva. Både søkjemotormarknaden og programvaremarknaden er ein del av denne sektoren.

Konkurransetilsynet skal handheve konkurranselovas forbod mot konkurranseavgrensande avtaler, forbod mot utilbørleg utnytting av dominerande stilling og kontroll med føretakssamanslutningar. Det trur eg Chaffey òg er einig i. Det er sjølvsagt at Konkurransetilsynet må vere merksam på hendingar i marknaden der framtredande aktørar er involverte, for eksempel når Microsoft kjøper opp andre aktørar i marknaden. Men det er heilt feil når Chaffey hevdar at eg er ute etter å ramme selskapet fordi eg nemner dette forholdet.

Chaffey gir òg uttrykk for at val av opne standardar i offentleg sektor fører til større konkurranse i programvaresektoren. Det er eg heilt einig i. Eg håper at vi framover kan ha ein konstruktiv diskusjon om korleis vi skal få IKT-marknadene til å fungere best mogleg framfor å tilleggje motparten motiv og synspunkt som det ikkje er grunnlag for.