Historisk arkiv

Krafttak mot grensehinder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

No tek regjeringane i Noreg og Sverige eit krafttak for å skape ein enklare kvardag for personar som beveger seg over grensa anten det er for eit kort besøk eller for å flytte til til nabolandet for godt, skriv dei nordiske samarbeidsministrane Heidi Grande Røys og Cristina Husmark Pehrsson i denne kronikken.

Kronikk av dei nordiske samarbeidsministrane Heidi Grande Røys og Cristina Husmark Pehrsson.

Dei fleste trur kanskje at grensehinder mellom Sverige og Noreg nesten er borte allereie. Kontaktane mellom Noreg og Sverige ”går jo så bra av seg sjølve”!  Sanninga er ei anna. Mange nordmenn og svenskar som flyttar over grensa møter vanskar og problem. No tek regjeringane i Noreg og Sverige eit krafttak for å skape ein enklare kvardag for personar som beveger seg over grensa anten det er for eit kort besøk eller for å flytte til til nabolandet for godt.

Det nordiske grenseregionale samarbeidet er breitt og omfattar dei fleste samfunnsområde. Å støtte opp under dette samarbeidet er ei viktig oppgåve for det nordiske samarbeidet. Som nordiske samarbeidsministrar intensiverer vi no arbeidet med å ta bort grensehinder som påverkar kvardagen for einskilde borgarar og for verksemder. Vi har blant anna oppnemnt eit Grensehinderforum og om kort tid kjem ein ny informasjonsportal på nettet om dei vanlegaste sosial- og trygdespørsmål. For sjølv om vi representerer ulike politiske syn, har vi eit felles syn på kor viktig det er å unngå grensehindringar.

Føresetnadene for samarbeid i Norden over den svensk-norske grensa er svært gode. I dag arbeider kanskje så mange som 50 000 svenskar i Osloregionen og 25 000 svenskar står i det norske folkeregisteret. Den siste statistikken viser at om lag 13 000 personar pendlar over grensa frå Sverige til Noreg og om lag 2 000 frå Noreg til Sverige. Til dette kan ein leggje personar som studerer ved våre universitet og høgskular. 35 000 nordmenn er busette i Sverige. 1 500 norske firma er etablerte i Sverige og 2 500 svenske i Noreg. Sverige er Noregs største eksportmarknad og Noreg er Sveriges nest største eksportmarknad.

Dette viser at den felles nordiske arbeidsmarknaden framleis utviklar seg og at vårt nordiske arbeid med å avskaffe grensehinder har vore vellykka. Men samtidig veit vi att det framleis finst formelle og praktiske hinder som skaper problem i kvardagen for mange. Hindera kjem først og fremst av ulike lovreglar og manglande informasjon om desse skilnadene.

I takt med at utvekslinga over grensene aukar, er det ei viktig politisk oppgåve å gjere det lettare å komme seg til og frå ettersom det gjeld kvardagen og livskvaliteten for stadig fleire personar, men òg fordi det er så viktig for utvikling og konkurranseevne i regionen i framtida. Mange hinder kan verke små og uvesentlege men er likevel alvorlege for dei eller den dei gjeld. Det kan til dømes dreie seg om problem som gjeld deltidsarbeid, sjuke- eller foreldrepermisjon eller reglar for næringsverksemd.

I Finland i juni 2007 bestemte dei nordiske statministrane ”att man med alla medel ska undanröja de svårigheter som medborgarna kan stöta på i det nordiska umgänget”. Som nordiske samarbeidsministrar har vi det overordna ansvaret for å drive og gjennomføre dette arbeidet.

For å konkretisere arbeidet oppnemnde vi i desember eit nordisk Grensehinderforum. Dette forumet består av framståande representantar frå alle medlemsland. Forumet har som oppdrag å gå gjennom ein god del innrapporte problem kvart år, velje ut ein del av dei og finne løysingar på desse. Forumet skal kvart år rapportere om korleis det går med avviklinga av hindera til oss samarbeidsministrar og til dei nordiske statsministrane. Forumet vil og kunne nyttast for utveksling av erfaringar som handlar om bilaterale grensehinder. I samband med det første nordiske globaliseringsforumet ved Riksgrensa 8-9 april i år understreka dessutan dei fem nordiske statsministrane kor viktig arbeidet med å ta bort grensehinder er.

Når det gjeld grensehinder som oppstår på grunn av ulik lovgiving, kan ein del av desse minskast gjennom tydeleg og lett tilgjengeleg informasjon. Eksempel på område som ofte påverkar kvardagen til den einskilde er skilnader i våre lands skatte og trygdesystem. Dei nordiske sosial- og helseministrane har derfor bestemt at det skal opprettast ein nordisk informasjonsportal på sosial- og trygdeområdet. På portalen skal ein kunne finne svar på dei vanlegaste trygdespørsmåla som f.eks. foreldretrygding, sjukepengar, arbeidsløysepengar og pensjon. Portalen skal stå ferdig i juni 2008. Ein liknande informasjonsportal finst allereie på skatteområdet, og med denne har ein svært gode erfaringar.

Ytterlegare informasjon for privatpersonar og verksemder som beveger seg over dei nordiske grensene får ein via informasjonstenestene Hallo Norden, Grensetenesta i Morokulien og Öresunddirekt.
 
På Hallo Norden (www.hallonorden.org) finn den som skal flytte, arbeide, studere eller reise frå eit nordisk land til eit anna aktuell informasjon på ei mengd område om kva ein bør gjere. På heimesida finn ein òg nyttig informasjon for firma med grenseoverskridande verksemd.

Våre to regjeringar medverkar med finansiering av GrenseTjänsten i Morokulien (www.gtm.nu) som er eit grenseoverskridande samarbeid for å støtte og stimulere økonomisk aktivitet og vekst på begge sider av den norsk-svenske grensa. GrenseTjänsten er plasert på grensa mellom Hedmark og Värmland og har personale frå begge land. Tenesta gir informasjon til arbeidstakarar/-søkjarar og arbeidsgivarar om kva reglar som gjeld i dei respektive land og har gjort sitt til at mange konkrete problem for den einskilde er blitt løyste.

Arbeidet med å rive grensehinder er ikkje noko som kan løysast ein gong for alle, men er noko som må halde fram heile tida gjennom stadige kontaktar mellom våre to land, i det nordiske samarbeidet og i EU. Målet vårt er at fleire skal kunne bevege seg over grensene for å arbeide, bu og studere og at næringslivet skal kunne arbeide over grensene med så lite regelplunder som mogleg. Det vårt håp at Grensehinderforumet og annan innsats kan bidra til dette målet.