Kvalitetssikringa i Statens Pensjonskasse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 21.10.2008
Av: Tidligere fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys
Det ikkje snakk om at det skal gå 12 nye år før arbeidet knytte til statsarbeidarsaka og kvalitetssikring av medlemsdata i Statens Pensjonskasse (SPK) er sluttført, skriv fornying- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Laagendalsposten 21. oktober.
Det ikkje snakk om at det skal gå 12 nye år før arbeidet knytte til statsarbeidarsaka og kvalitetssikring av medlemsdata i Statens Pensjonskasse (SPK) er sluttført, skriv fornying- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Laagendalsposten 21. oktober.
Eg viser til fleire oppslag i Laagendalsposten (LP) knytte til statsarbeidarsaka og arbeidet med kvalitetssikring av medlemsdata i Statens Pensjonskasse (SPK). Eg forstår at det er stor interesse for denne saka i Kongsbergområdet som fylgje av koplinga mot gamle Kongsberg Våpenfabrikk (KV). Derfor er det synd når riksrevisjonen uttaler seg på ein måte som får både Solholm og Foss til å misforstå så fundamentalt. Som korrigeringa i gårsdagens LP slår fast, er det ikkje snakk om at det skal gå 12 nye år før dette arbeidet er sluttført. Vi snakkar om seinast 2011.
Arbeidet med statsarbeidarsakene
SPK arbeider for fullt med dei aktuelle sakene knytte til statsarbeidarane. Ein stor del av sakene vert handsama i 2008, medan nokre saker må vente til 2009. Sakene som vert handsama i 2009 er i hovudsak relaterte til arvingar og nokre spesielt kompliserte saker. Eg kan òg nemne at oppdaterte overslag frå SPK tyder på eit vesentleg lågare omfang av denne saka, både når det gjeld talet på etterbetalingssaker og samla løyvingsoverslag.
LP skriv i sin artikkel 16. oktober at Riksrevisjonen har slått fast at statsråden har gjeve Stortinget mangelfull informasjon om pensjonssaka. Dette er i hovudsak knytt til at Riksrevisjonen i sitt Dok. nr. 1 (2008-2009) legg vekt på at statsarbeidarsaka ikkje har vore tilstrekkeleg omtalt i St.prp. nr. 1 for 2008. Departementet har vedgått dette. Eg vil i samband med dette likevel understreke at departementet i februar 2008 la fram ein eigen proposisjon om etterbetaling av pensjon og renter til statsarbeidarar, St.prp. nr. 39 (2007-2008), der det i detalj er gjort greie for den aktuelle saka. Eg vil òg vise til at departementet i vurderinga av denne saka har hatt eit stort fokus på at staten bør kompensere for pensjonstapet statsarbeidarane har lidd, og at det difor er lagt til grunn at ein skal strekkje seg lenger enn normalt ved etterbetalingar. Dette inneber mellom anna at ein har sett bort frå dei vanlege foreldingsfristane i denne spesielle saka.
Ei eventuell open høyring i Stortinget
Ei eventuell open høyring vil det vere opp til medlemene i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget å gjere vedtak om. Dersom det skulle verte ei slik høyring, vil eg sjølvsagt gjere grundig greie for både statsarbeidarsaka og det generelle arbeidet i SPK med kvalitetssikring av medlemsdata. Men eg ser det som særs viktig at ei slik høyring ikkje vert gjennomført på grunnlag av feil og mistydingar om dei faktiske realitetane i saka.