Historisk arkiv

Likelønn er sjølvsagt målet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

I likelønnsdebatten har eg vore oppteken av å sjå på korleis andre strukturar i samfunnet kan endrast for å sikre meir likestilling og utjamning av lønnsskilnadene. Først når vi har like moglegheiter kan vi oppnå likelønn, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i januarutgåva av Magasinet Aktuell.

Av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, Magasinet Aktuell januar 2008.

NTL-leiar Turid Lilleheie hadde her i LO-Aktuelt før jul eit sterkt og klårt innlegg for likelønn. Lilleheie og eg er samde om målet. Både hennar og mitt engasjement er naudsynt for å nå målet om lik lønn for likt arbeid.

La meg likevel kommentere noko av det Lilleheie tek opp, der eg meiner ho skapar eit bilete av ei usemje som ikkje er så stor.

Offentleg sektor skal ikkje, og kan ikkje, vere lønnsleiande. For dei på grunnskulenivå er lønna lik anten ein jobbar i stat, kommune, varehandelen eller i industrien. Òg for dei med fagutdanning er lønna mellom tilsette i staten og privat verksemd ganske lik. For dei med høgare utdanning aukar skilnaden mellom offentleg tilsette og privat verksemd. Skilnaden aukar i takt med lengda på utdanninga. Men skilnaden er like stor både for menn og kvinner.

I staten er skilnaden i lønn mellom kvinner og menn på seks prosent. Det er sjølvsagt ikkje bra, men det er vesentleg lågare enn skilnaden i privat sektor. Skulle vi late privat sektor vere det vi strekkjer oss etter, ville skilnaden i lønn mellom kvinner og menn i staten også verte større.

Eg meiner sjølvsagt at lønn er viktig i kampen for å få lik lønn for likt arbeid. Likelønnsprofil har då òg vore eit viktig stempel i dei to lønnsoppgjera eg har hatt ansvar for som statsråd. Det har vore oppgjer der kvinner har vorte prioriterte. I tillegg til lønn jobbar vi for å fremje likestilling i statleg sektor gjennom mellom anna tilsetjingar, karrieremoglegheiter, tariffoppgjer og avtaleverk.

I likelønnsdebatten har eg òg vore oppteken av å sjå på korleis andre strukturar i samfunnet kan endrast for å sikre meir likestilling og utjamning av lønnsskilnadene. Skal vi oppnå likelønn må vi ha fleira tankar i hovudet samstundes.

Når kvinner systematisk vel annleis enn menn, tyder det på manglande likestilling. I tillegg til å sjå på lønn, må vi sjå på kvifor kvinner vel som dei gjer. Tradisjonelt vel fleire menn å gå inn i jobbar der det er lettare å gjere karriere gjennom til dømes mykje overtid og dei skaffar seg leiarstillingar. Dette er òg biletet i staten der kvinner og menn oftast startar likt og held følgje fram til dei er ca 35 år. Etter det jobbar menn meir overtid, gjer karriere og får leiarjobbar. Eg ynskjer at kvinner skal få dei same moglegheitene til å klatre på karrierestigen. Då må vi bli kvitt gamle kjønnsroller som i dag hindrar kvinner frå å få desse moglegheitene.

Framleis tek kvinner hovudansvaret for hus, heim og barn. Dette tek dei omsyn til når dei vel karriere. Dette gjer at kvinner ikkje har same valmoglegheiter som menn. Slik kan det ikkje halde fram.

Lilleheie har heilt rett når ho seier at staten ikkje kan instruere arbeidsfordelinga i heimen. Men vi kan stimulere til endringar og eg håper òg at NTL er med i den kampen. Regjeringa satsar til dømes tungt på barnehage, som er eit viktig tilskot til likestillinga i heimen. Slik kan vi starte ein positiv spiral, der menn tek meir ansvar heime og kvinner får ein reell sjanse til å velje den karrierevegen dei ønskjer. Først når vi har like moglegheiter kan vi oppnå likelønn.