Historisk arkiv

Lønsoppgjeret 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Eg er glad for at vi, saman med organisasjonane, kom vel i hamn med lønsoppgjeret, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i LO Aktuelt 12/2008.

Sommaren er snart over, hausten kjem med framlegging av budsjett for 2009 og førebuingar til valet neste år. Det har vore ein hektisk vår og det kan vere grunn til å sjå litt attende på det som er gjort. Det legg som kjent grunnlaget for det som skal komme.

For meg var lønsoppgjeret i staten den store og viktige saka i vår. Eg er glad for at vi, saman med organisasjonane, kom vel i hamn med det. Forventningane før oppgjeret var store. Og eg meiner dei vart innfridd. Vi har bak oss eit lønsoppgjer i staten som er det beste sidan 1998. Mange meiner det vart for bra. Ei samla ramme på om lag 6,2 prosent årslønsvekst frå 2007 til 2008 kan vise seg å vere noko meir enn det som vert lønsveksten i konkurranseutsett sektor. I so fall kan vi leve med det. Ein regel for framtida bør det vel ikkje verte, men i ein stram arbeidsmarknad, der vi skal rekruttere tilsette i viktige funksjonar i offentleg sektor, kan slike tiltak vere nødvendig.

Oppgjeret hadde ein god fordelingsprofil. Fast kronetillegg opp til om lag 350 000 i årsløn gav dei med lågare inntekter ein klart høgre lønsvekst enn dei andre. Fast kronetillegg på dei høgare inntektene styrka denne profilen. Vi fekk på plass klar kvinneprofil både på det sentrale tillegget, dei lokale forhandlingane og i justeringsforhandlingane vi sluttførte i juni. Dette er føringar som vil styrke likelønsarbeidet i det statlege tariffområdet, slik det òg gjorde det i fjor.

I åra som kjem må vi ha nye medarbeidarar til det offentlege, men det er òg viktig å halde på dei som allereie er der og då ikkje minst dei eldre arbeidstakarane. Det er mange ulike grunnar til at ein del eldre arbeidstakarar vel å gå ut av arbeidslivet. For mange kan det vere at dei tykkjer  arbeidspresset vert for stor. Difor er eg særleg glad for at vi fekk på plass ein så stor utviding av ordninga med ekstra fridagar for seniorar. I mi tid som statsråd har vi styrka dei kollektive ordningane til erstatning for dei individuelle, mellom anna gjennom at vi no har på plass 8 kollektive fridagar for seniorar over 62 år. Tidlegare var dette i stor grad ei individuell ordning. Dette vil gjere det enklare for mange å verte ståande i arbeid. Samstundes er det òg mogeleg lokalt å avtale inntil 6 dagar til.

Eit området står att – pensjon. Vi kom eit stykke på veg. Vi la viktige føringar for den nye AFP- ordninga vi skal ha i offentleg sektor. Den vil i stor grad byggje på det som vart fastlagt for privat sektor. Men vi skal vidare. Vi må få på plass ein ny tenestepensjonsordning. Alt dette er eit omfattande arbeid som vi om kort tid startar opp saman med organisasjonane. Målet er, og må vere, at vi skal ha dette på plass til lønsoppgjeret neste vår. Det vil vere svært krevjande, men eg har stor tru på at vi skal komme fram til gode løysingar.