Historisk arkiv

Nabospråksforståing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys om språk og nordisk språkforståing i generaldebatten mandag 27. oktober på Nordisk Råds 60. sesjon i Helsingfors.

Innlegg av nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys om språk og nordisk språkforståing i generaldebatten mandag 27. oktober 2008 på Nordisk Råds 60. sesjon i Helsingfors.

President,

Eg kjem rett frå paneldebatt som Ungdommens råd var arrangør for, om kva språk ein skal bruke i det nordiske samarbeidet i framtida.

Den nordiske språkdeklarasjonen slår fast som eit av måla i nordisk språkpolitikk at alle nordbuarar skal kunne kommunisere med kvarandre, først og fremst på eit
skandinavisk språk. Men her har nok for lite skjedd. Nettopp i ei tid med aukande globalisering og internasjonalisering er det viktigare enn nokon gong å leggje vekt på vårt eige kulturelle og språklege opphav og å ta vare på våre nære relasjonar i Norden. 

Det nordiske samarbeidet framover skal - som før -  gå føre seg på dei skandinaviske språka norsk, dansk og svensk, og vi må nok gjere meir for å sikre at det kan skje.

Det er nødvendig i denne samanhengen at vi gjer ein innsats i forhold til ungdommen i dei nordiske landa.  Engelsk tek over i visse samanhengar som kommunikasjonsspråk. Det er eit ikkje ukjent fenomen at vi overvurderer våre kunnskapar i engelsk og tilsvarande  undervurderer evna vår til å forstå nordiske språk.  

Då er det viktig å minne om punktet i Helsingforsavtalen om at ”undervisning og utdanning i passende utstrekning skal omfatte undervisning i de andre nordiske lands språk, kultur og samfunnsforhold.”  Det må verte ein god vane å bruke dei nordiske språka,  og vi må leggje til rette for det mellom anna i skulen.

Det må ikkje halde fram som no, at studentar frå nordiske land som avlegg eksamen ved universitet i andre nordisk land, ikkje kan gjere det på sitt eige språk. Det må vere klårt at  einskilde universitet  og lærestader ikkje kan leggje seg på ein slik praksis, i strid med grunnleggjande føresetnader for det nordiske fellesskapet.

Den norske regjeringa legg stor vekt på spørsmålet om nabospråksforståing. Det er lagt fram to stortingsmeldingar for perioden 2007-2008 der dette er eit av tema.  I begge meldingane vert det framhalde at dei nordiske språka og nabospråkforståinga møter stadig aukande utfordringar, og gradvis taper terreng til engelsk. Det nordiske språkfellesskapet er viktig i samanheng med kultur og tradisjon.

Men i vår tid er dette fellesskapet også viktig for Norden som ein einskapleg konkurransekraftig næringsregion i ei globalisert verd.  Vi er ein region med 25 millionar menneske. Om det språklege og kulturelle fellesskapet mellom dei nordiske landa vert svekt, vil det òg få ringverknader for regionens samla konkurransekraft.

Norsk, svensk og dansk ligg så nær kvarandre at vi må kunne insistere på at nordmenn, svenskar og danskar – og også ålendingar og finlandssvenskar – alle må kunne bruke sitt eige språk i internordisk kommunikasjon i alle offisielle fora. Men så må vi sjølvsagt ta omsyn til at islendingar, finnar, grønlendingar og til dels samar til vanleg ikkje har eit skandinavisk språk som morsmål. Tolking er då  løysinga. Men det er viktig at alle får øving i å høyre, lese og tale det skandinaviske andrespråket sitt – og at ein ikkje automatisk går over til engelsk fordi det skal effektivisere kommunikasjonen der og då.

Presset mot dei mindre språka – som våre nordiske – er for sterkt til at vi kan slå oss til ro med at dei formelle vedtaka er på plass.  Vi må arbeide aktivt og målretta for å ta vare på vår nordiske språklege arv.