Historisk arkiv

Om lommerusk og museskritt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Ulovlege kartell gjer alle til taparar og vi må alle betale ei høgare rekning. Kampen mot kartell må difor prioriterast høgt. Regjeringa vil bruke dei midlar som trengst, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i Dagens Næringsliv.

Ulovlege kartell gjer alle til taparar og vi må alle betale ei høgare rekning. Kampen mot kartell må difor prioriterast høgt. Regjeringa vil bruke dei midlar som trengst, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i ein kommentar i Dagens Næringsliv 2. september.

Det er på tide med mer enn lommerusk i ekstrabevilginger og noen museskritt i retning av beskyttelse for dem som ønsker å avsløre konkurransekriminalitet, skriv advokatene Christine Finbak og Mads Magnusson i DN torsdag 27. august. Dei etterlyser ei lovendring for å gi personar som legg korta på bordet betre vern mot sanksjonar og dermed avsløre fleire kartellsaker.

Advokatane må ha sove i timen. Det er jo nett dette Fornyings- og administrasjonsdepartementet held på med! I mai i år bad eg Konkurransetilsynet om å utarbeide forslag til lovendringar som skal styrkje både denne gruppa og situasjonen til varslerane. Denne utgreiinga mottok eg i juni, og departementet jobbar no iherdig med den vidare behandlinga slik at eit lovforslag kan leggjast fram for Stortinget så snart som mogeleg. Lovendringane vil bli ein del av ein større tiltakspakke for å styrkje handhevinga av konkurranselova.

Tilsynet har fått ei tilleggsløyving for inneverande år på 4,4 millionar kronar. Dette utgjer ein auke på meir enn 5 prosent av driftsutgiftene til tilsynet, og ikkje 0,5 prosent som Finbak og Magnussen har rekna seg fram til. Det er mogeleg dette er lommerusk for advokatane, men for Konkurransetilsynet utgjer ein slik budsjettauke eit monaleg lyft av handhevingsverksemda.

Ulovlege kartell gjer alle til taparar og vi må alle betale ei høgare rekning. Kampen mot kartell må difor prioriterast høgt. Regjeringa vil bruke dei midlar som trengst.