Historisk arkiv

Må vera opne om løner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Årsaka til at debatten om leiarlønningar i staten har dukkar opp er at regjeringa no, i motsetnad til tidlegare regjeringar, publiserer statistikk over leiarlønningane i staten. Det er viktig for oss at desse dataa ligg opent ute, slik at vi kan få ein opplyst debatt. Openheit er eit gode i seg sjølv, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i Aftenposten i dag.

Årsaka til at debatten om leiarlønningar i staten har dukkar opp er at regjeringa no, i motsetnad til tidlegare regjeringar, publiserer statistikk over leiarlønningane i staten. Det er viktig for oss at desse dataa ligg opent ute, slik at vi kan få ein opplyst debatt. Openheit er eit gode i seg sjølv, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i Aftenposten.

Etter Aftenposten sitt oppslag 28/7 har det gått ein debatt om leiarlønningar i staten. Det er bra at dette vert diskutert, fordi det er viktig med ein open debatt om lønnsforskjellane i Noreg. Årsaka til at debatten i det heile dukkar opp er at regjeringa no, i motsetnad til tidlegare regjeringar, publiserer statistikk over leiarlønningane i staten. Det er viktig for oss at desse dataa ligg opent ute, slik at vi kan få ein opplyst debatt. Openheit er eit gode i seg sjølv.

I staten er det om lag 300 leiarar innanfor leiarlønnssystemet. Dette inkluderer departementsrådar, ekspedisjonssjefar og sjefane for etatar og tilsyn. Det er dette systemet vi har publisert statistikk for. Utskilde verksemder og helseføretaka er ikkje ein del av denne statistikken.

Av nokre av oppslaga i ettertid kan ein få inntrykk av at den generelle lønnsveksten for leiarar i staten er på over 11 %. Det er berre tull!

Veksten i lønningane for leiarane i staten ligg for 2007 på 7,3 %, mens dei andre tilsette hadde ein vekst på 5,0 %. Veksten for leiarar i privat sektor var på 6,8 %. 2007 er det første året på veldig mange år der leiarane i staten har ein høgare lønnsvekst enn leiarane i privat sektor. Det er ingen grunn til at det skal halde fram slik. 2007 bør såleis verte eit unntaksår.

Det er ingen god grunn til at staten sine leiarar skal ha ein høgare lønnsvekst enn andre tilsette. Staten skal ikkje vere lønnsleiande korkje for leiarar eller tilsette, og vi er det heller ikkje. Gjennomsnittleg leiarlønn i staten er 921 000 kroner. Dei aller best betalte leiarane i staten tener i overkant av 1,2 millionar kroner. Gjennomsnittleg leiarlønn i aksjeselskap med meir enn 250 tilsette er på over 2 millionar kroner.

Vi ønskjer oss små lønnsforskjellar i samfunnet. Det er eit problem at leiarlønnene i privat sektor over tid har lege så høgt, og det fører til eit press på leiarlønningane i staten. Men vi skal ikkje gi etter for dette presset.

Organisasjonane til dei tilsette speler ei viktig rolle i forhold til å bidra til debatt om lønningar. Vi er hjartans einige med LO i kritikken av høge leiarlønningar i privat sektor. Toppleiarane kan gjerne samanlikne seg med statsministeren og dei som tener meir enn han, bør ha ein god grunn til det.

I staten er det i overkant av 130 000 tilsette som gjer ein uvurderleg jobb for oss. Vi utviklar offentleg sektor i samarbeid. Det er eit gode at dei ikkje har lønningar som ligg langt under leiarane.

Regjeringa ønskjer at dei viktige velferdsoppgåvene skal ytast i offentleg regi og vi vil derfor kjempe mot privatisering. Difor treng det offentlege dei beste tilsette, og dei beste leiarane. Privatisering fører til at det ikkje lenger er folkevalde som bestemmer over tenestene. Dette inneber mindre demokrati. Ein annan ulempe er at det fører til høgare lønnsforskjellar. Privat sektor har høgare lønn for leiarane, mens låglønnsgrupper ofte tener betre i staten.
 
I lønnsoppgjøret for 2008 vart vi einige med dei tilsette sine organisasjonar om ein vekst i deira lønningar på 6,2 %. Dette var eit svært godt oppgjør, og det er ingen grunn til at staten sine leiarar skal ha ein høgare vekst.

Lønnsutviklinga er viktig for korleis forskjellane i eit samfunn utviklar seg. Saman med skattepolitikken er lønn eit viktig verkemiddel for å sikre rettferdig fordeling. Regjeringa har gjort mange grep som medverkar til rettferd. Vi har sett ned ein likelønnskommisjon som leverte si innstilling i vår. Vi har gjort endringar i skattesystemet som gjer at dei rikaste vert skattlagde hardare. Vi følgjer leiarlønnsutviklinga i staten tett. Sidan vi no publiserer statistikk om leiarlønningane, får vi òg ein open debatt om leiarlønn. Det bør alle vere glade for.