Historisk arkiv

Opning av den sentrale parken på Fornebu

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

2. september 2008 blei den 200 mål store parken på Fornebu offisielt opna og fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys kunne presentere namnet: Nansenparken.

2. september 2008 blei den 200 mål store parken på Fornebu offisielt opna og fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys kunne presentere namnet: Nansenparken. 

Det tek etter kvart til å bli mange år sidan siste fly landa på Fornebu.
Og mykje har skjedd her sidan då. Statsbygg har saman med Oslo kommune stått for utbygging av infrastruktur og grøntareal. Det er etablert nytt terreng og meir vegetasjon, og det er bygd eit heilt nytt vegnett. Frå å ha vore flyplass, skal Fornebu no verte ein stad der folk skal bu, jobbe og trivast. Denne parken er utan tvil med på å danne grunnlaget for trivselsfaktoren. 


Rett nok kan ein med rette slå fast at ein god del av utbygginga her på Fornebu står att. Men vi ser konturane av det som skal verte ein ny bydel, eller kanskje er det ein ny by. I byområde skal det ikkje berre vere bustader, butikkar og arbeidsplassar, men òg uteareal. Det er viktig at uteareala er lett tilgjengelege, står fram som attraktive og tiltrekkjer seg bebuarar og besøkjande.


Ein park skal såleis vere eit slags fleirbruksanlegg for ulike uteaktivitetar. Ein skal kunne sykle, spasere, leike eller berre slappe av. Og det skal vere ein stad vi får  bylarmen litt på avstand.

Fornebu er omringa av sjø, med ei nokså lang strandsone. Her midt på halvøya er det no etablert ein park. Den har grøne armar som strekkjer seg utover, og som dermed knyter parken og sjøen saman. Dette samspelet med sjøen gjer at bebuarar og besøkjande får unike og gode rekreasjonsmoglegheiter.

Det er viktig at parken vert brukt, samtidig som den vert halden i god stand. Dette kan ein sjå på som to motsetningar, men det treng det absolutt ikkje å vere. Mykje bruk vil vere ein viktig faktor for å gjere parken til ein attraktiv stad, og vil vere vesentleg for eit godt vedlikehald av heile anlegget. Ynskjet mitt er  derfor at parken blir mykje brukt, og at den såleis står fram som ein attraksjon i mange år framover. 

Parken skal jo òg få eit namn! Sett i lys av dei mange utbyggingsprosjekta i Oslo der ”park”-namnet støtt og stadig vert nytta om det som eigentleg er bustadområde, og til dels ganske tettbygde slike, så er i alle fall dette ein park i den rette tydinga av ordet: Nemleg eit uteareal avsett og opparbeidd for rekreasjonsformål.

Eg har med dette gleda av å gi parken sitt namn, som skal vere Nansenparken
”En park for sosial, kulturell og fysisk utfoldelse.
Tilegnet beboere og de som ferdes på Fornebu.”

Ei spesiell takk skal rettast til Infrastrukturprosjektet, som under leiing av Olaf Melbø har fått parken klar til bruk. Oslo kommune skal óg takkast for godt samarbeide med Statsbygg. Det same gjeld Bærum kommune, som har gitt medvirka godt til oppfølgjing av planer både i forkant og undervegs i anleggsprosessen.
Og sjølvsagt vil eg òg gratulere alle med den fine nye parken.

Med dette erklærer eg Nansenparken for opna!