Historisk arkiv

Opninga av Tromsø-kontoret til Friprog-senteret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Utfordringa til dykk vert å syne om, kor og korleis fri programvare kan gi gevinstar, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys under opninga av Tromsø-kontoret til Friprog-senteret 10. juni.

- Utfordringa til dykk vert å syne om, kor og korleis fri programvare kan gi gevinstar, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys under opninga av Tromsø-kontoret til Friprog-senteret 10. juni 2008.

Med atterhald om endringar under framføring.

Velkommen til opninga av Tromsø-kontoret til Friprog-senteret!

Aller fyrst, la meg få seie kor glad eg er for å stå her i dag saman med dykk i Friprog-senteret. I fjor haust var eg i Drammen og opna Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare. Kompetansesenteret skal vere ei viktig drivkraft for både auka bruk og betre kompetanse i offentleg sektor om fri programvare. Eg hadde sjølvsagt allereie då trua på at senteret raskt ville få tyding for forståinga og merksemda rundt temaet. Men det var ikkje heilt godt å vite kor mykje som kunne utrettast den fyrste tida.

I dag, sju månader seinare, kan eg trygt seie at senteret har levert meir enn eg kunne drøyme om. For det har skjedd mykje!

No i vinter vart konferansen GoOpen arrangert. De samla 550 menneske og det vart halde rundt 50 foredrag. Konferansen let svært mange gode krefter innan fri programvare komme til, og tilstellinga ga friprog-miljøet eit løft. Ikkje minst viste den alle kor mange moglegheiter fri programvare gir. Utvikling og bruk av fri programvare vart sett i samanheng med dei store utviklingstrendane i samfunnet, og diskusjonane gjekk stort sett utan å bere preg av religionskrig.

Delingsbazaren.no har òg vorte lansert. Det er ein nettstad kor fri programvareprosjekt kan dele erfaringar og programvare. Eg har òg fått forståing av at de planlegg å dele innhaldet med tilsvarande delingsportalar i dei andre nordiske landa. Dette er bra!

Det kanskje største bidraget frå Friprog-senteret, trur eg har vore endringa i korleis ein ser på miljøa som arbeider med fri programvare.

I opningstalen for senteret i Drammen sa eg at folka som driv med fri programvare kanskje kunne oppfattast som sære, sjølv om den oppfattinga nok er feil og urettvis. Men no, i løpet av det siste året, har eg merka meg at det heile lèt annleis. No snakkar mange ulike miljø om korleis fri programvare er ein strategisk viktig satsing, og korleis ein treng å byggje kompetanse på området. Statistikk syner òg at fleire og fleire tar løysingar basert på fri programvare i bruk. Noko har skjedd! Ein kan seie at fri programvare har ”vorte vaksen”.

Friprog-senteret har klart å synleggjere kor mykje kompetanse, kapital, verksemder og gode løysningar som er i miljøa som arbeider med fri programvare.  Og ja - visst er det framleis sære folk med! Og det er eg, om eg kan få seie det, svært nøgd med. For det er ut av mangfaldet dei gode løysningane kjem! Og fri programvare er ein måte å utvikle IKT-løysingar på som dyrkar dette mangfaldet eg har slik tru på.

No står vi her i Tromsø og skal opne ein ”node” (lokalkontor) til Friprog-senteret. Det har heile tida vore ein føresetnad at senteret skulle etablere seg i Tromsø, mellom anna fordi Troms Fylkeskommune er ein av initiativtakarane til kompetansesenteret

Og Tromsø er i mine auge ein perfekt stad å plassere ein slik aktivitet. Ikkje berre er det ein knakande hyggeleg by, her har vi òg eit av verdas beste kompetansemiljø på IT i helsesektoren. Nasjonalt senter for telemedisin er ein størrelse i internasjonal målestokk. Og eg veit dei er dyktige. Mellom anna har senterets leiar Steinar Pedersen i fleire år gitt gode innspel i mitt faglege råd for utvikling av IT-politikken.

Og difor gjer det meg glad og forventningsfull, at etableringa av Friprog-senteret inneber eit samarbeid med Nasjonalt senter for telemedisin. Eg trur at dette er to nasjonale kompetansesenter med supplerande kunnskap og faglege nedslagsfelt, og at eit samarbeid kan gje verdifulle resultat for begge.

Regjeringa er opptatt av å betre den elektroniske samhandlinga i Helse-Noreg. Samarbeid om programvare kan medverke til betre samhandling på tvers av helseinstitusjonane, og gi betre helsetenester til pasientar og brukarar av offentlege helsetenester. Fri programvare kan òg medverke til å kutte drifts- og lisenskostnader i Helse-Noreg. Og som vi stadig vert minna på, kostnadane for helse er så høge at det tvinger oss til å tenkje nytt. Desse to kompetansesentra kan gi kvarandre tilgang til kvarandre sin kunnskap og kontaktnett, og slik medverke til at fleire gode hovud arbeider saman for å finne dei beste løysingane.

Eg trur på fri programvare. Eg trur auka bruk vil gje ein betre offentleg sektor. Men eg veit samstundes at det ikkje er nok dokumentert kunnskap om effektane og gevinstane som vi meiner kan hentast ut ved ei satsing på fri programvare. Difor er det tvingande naudsynt å vite meir om dette.

Utfordringa til dykk her vert altså å syne om, kor og korleis fri programvare kan gi gevinstar. Tromsø-kontoret si målsetjing om å stimulere til auka forsking på området, er i så måte eit ypparleg og klokt tiltak.

Og med dette vil eg erklære Friprog-senteret sitt kontor i Tromsø for opna! Lukke til!