Historisk arkiv

Opning av portalen ”Bygg for alle”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Det er viktig at personar med nedsett funksjonsemne no på ein enklare måte får høve til å førebu eit besøk til eit statleg bygg. Dette sa fornyingsminister Heidi Grande Røys under opninga av portalen "Bygg for alle" i dag. Les heile opningstalen.

Godtfolk
Likestilling og likeverd er for personar med nedsett funksjonsevne har vore politiske mål for mange regjeringar før oss. Men under denne regjeringa har mål blitt til handling. 10. juni i år vart ein merkedag for oss alle. Då vart lova om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne vedteke i Stortinget. Lova løyser ikkje problema i seg sjølv, men den vil representere eit vendepunkt når det gjeld tempo og innsats for å skape like sjansar og rettar til å delta i samfunnet for alle uavhengig av funksjonsevne.

Universell utforming er naturleg nok særs viktig for dei med nedsett funksjonsevne. Men eigentleg er det jo viktig for oss alle.  Vi ynskjer jo at alt skal fungere for så mange som mogleg og at ting skal vere så enkelt som rå er. Fjernkontrollen er eit godt døme. Den ble i si tid utvikla for å gjere kvardagen lettare for funksjonshemma menneske. I dag har dei fleste av oss ein eller gjerne fleire fjernkontrollar. Slik vil eg at alle statlege bygg og skal vere. Våre bygg skal vere tilgjengelege for alle, til glede og nytte for alle.

Hovudgrepet som no er lovfesta, er at alle fysiske forhold i samfunnet som rettar seg mot ålmenta, skal få ei universell utforming. Både offentlege og private verksemder vert pålagd plikt til universell utforming.

Mangel på universell utforming kan, når lova trer i kraft 1. januar 2009, bli vurdert som lovstridig diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne. Sjølv har eg ivra sterkt for universell utforming på IKT-området og er glad for at Stortinget har slutta seg til at dette skulle med i lova.

Når det gjeld bygg, anlegg og uteområde blir krava til universell utforming også heimla i  plan- og bygningslova. Endringane i plandelen var vedteke før sommarferien, medan endringane i byggesaksdelen framleis ligg til handsaming i komiteen. Det er signalisert at innstillinga vil kunne ligge føre tidleg i november 2008.

I den nye lova er universell utforming innført som ein rettsleg standard. Vi skal no arbeide med konkrete krav og innhald i den rettslege standarden i tida framover og få dette nedfelt i forskrifter og retningslinjer. Planen er å få ny teknisk forskrift på plass i løpet av 2009. Kor store manglar eksisterande bygg har, kan vi difor ikkje seie i dag. Men Norsk Institutt for By- og Regionsforskning har gjort ei kartlegging som viser at talet på bygg som skulle kunne tenkast å oppfylle krav til universell utforming, truleg er tilnærma lik null.

Viss dette er rett, vil det også gjelde dei publikumsbygga som Statsbygg forvaltar. Brukarerfaringar som er rapportert til Statsbygg fortel om det same. Bygningar er vanskelege å orientere seg i, og detaljutforminga sviktar når det gjeld mobilitet. Det meste av den eksisterande bygningsmassen er av gammal årgang og bygningane er difor svært vanskeleg tilgjengelege mange stader.

I denne situasjonen kan det opplevast som litt spesielt at vi steller i stand ein opningsseremoni for å skape merksemd om  ein nettstad som på ein systematisk og detaljert måte gjer det mogleg å avdekke den verkelege statusen for dei statlege bygga, med alle sine manglar. Men dette er faktisk ein del av poenget. Vi må ha kunnskap om status, slik at det kan gjerast endringar.

Statsbygg har difor dei seinare åra gjennomført ei omfattande registrering av bygningane sine og lagt opplysningane inn det nyutvikla systemet Bygg for alle. Ved hjelp av dette systemet får Statsbygg oversikt over status for bygga og registreringane gir eit faktabasert grunnlag for å prioritere og å følgje opp tiltak for å betre tilkomsten i bygga. Statsbygg har allereie i fleire år jobba med bygningsmessige tiltak for å betre tilhøva for personar med nedsett funksjonsevne.

I tillegg til ein registrerings- og  forvaltningsmodul er Bygg for alle også supplert med ein publikumsdel som gir alle interesserte høve til å sjekke tilgjenge i bygga som er registert i databasen. Publikumsmodulen i Bygg for alle omfattar i dag 300 av dei viktigaste bygningane til Statsbygg.

Eg er glad for at Statsbygg har velt ei slik open og tilgjengeleg løysing for publikum. Dette er i tråd med vår politikk. Det er viktig at personar med nedsett funksjonsemne no på ein enklare måte får høve til å førebu eit besøk til eit statleg bygg. Bygg for alle vil på denne måten tene fleire og nyttige funksjonar.

Arbeidet med å utvikle Bygg for alle har halde på i fleire år. Ein har kvalitetssikre data, testa og hatt gjennomgang saman med mellom andre brukarar frå organisasjonar for personar med nedsett funksjonsevne. Enno er vi ikkje heilt i mål: Men det er godt nok og vel så det for å lansere sida. Utviklinga er støtta av Miljøverndepartementet og Informasjonsprogrammet om universell utforming i byggesektoren, som er eit samarbeid mellom Husbanken og Statens bygningstekniske etat.

Vi markerer i dag såleis både ein slutt og ei byrjing. Slutten på eit omfattande utviklingsarbeid for å få Bygg for alle i drift med publikumsdelen og starten på eit meir systematisk arbeid med å få til ei universell utforming av bygga. Gratulerer med ny nettstad! Med dette erklærer eg Bygg for alle for opna.