Historisk arkiv

Rasisme ikkje utbreidd i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Regjeringa har i fleire år jobba systematisk for å kjempe mot diskriminering. Det blir difor feil når likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås i Aftenposten påstår at vi ikkje tek rasisme på alvor, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Regjeringa har i fleire år jobba systematisk for å kjempe mot diskriminering. Det blir difor feil når likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås i Aftenposten 8. august påstår at vi ikkje tek rasisme på alvor, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i sin replikk 12. august.

Gangås peikar på døme på diskriminering som sjølvsagt er uakseptable. Samstundes skal ein ikkje skape inntrykk av at det er utbreidd rasisme i staten.

I kronikken kritiserer Gangås oss for ikkje å snakke med ”dem det gjaldt”. Dermed ser ho ut til å gløyme den arbeidsfordelinga det var semje om i fjor haust, når det gjaldt korleis ein skulle kartleggje mogleg diskriminering i statleg sektor. Likestillings- og diskrimineringsombodet skulle gjere sin del av jobben, og det har dei gjort. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Statistisk senralbyrå har undersøkt opplevd rasisme hjå minoritetar (altså ”dem det gjaldt”), så det er ingen grunn til at andre då skal gå i gong med det same. Fornyings- og administrasjonsdepartementet hadde sitt ansvar som overordna arbeidsgivar. Regjeringa skal i samband med statsbudsjettet for 2009 bruke kartlegginga som kunnskapsgrunnlag for ein ny handlingsplan mot rasisme og diskriminering.

Gangås tek feil når ho påstår at statlege leiarar og tilsette ikkje tek rasisme på alvor. Staten har i fleire år arbeidd systematisk mot diskriminering, og for ein mangfaldig forvaltning:

  • Kvalifiserte jobbsøkarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn må kallast inn til intervju. Ein tredjedel av desse får jobben.
  • Vi har starta forsøk med moderat kvotering av innvandrarar til jobb i nokre statlege verksemder.
  • Vi oppretta Direktoratet for forvaltning og IKT, som jobbar systematisk for auka mangfald, gjennom å utvikle leiarar, tilsette og tenesteytinga.
  • I tariffoppgjeret vart det sett av 25 millionar kroner til å stimulere til mellom anna større mangfald og til å gjere betre nytte av kompetansen til personar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Det inneber ikkje at vi er nøgde og lener oss tilbake. Det er meir som må gjerast. Eitkvart tilfelle av opplevd rasisme er eit for mykje. Regjeringa skal gjere sin del av jobben og eg ser fram til vidare samarbeid med likestillings- og diskrimineringsombodet.