Historisk arkiv

Skjerpa kamp mot kartell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Ulovlege kartell gjer alle til taparar og vi må alle betale ein høgare rekning. Kampen mot kartell må difor prioriterast høgt, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Dagsavisen i dag.

Ulovlege kartell gjer alle til taparar og vi må alle betale ein høgare rekning. Kampen mot kartell må difor prioriterast høgt, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Dagsavisen 19. mai 2008.

Innsatsen mot konkurransekriminalitet skal skjerpast ytterlegare. Ulovleg samarbeid mellom konkurrentar om prisar og deling av marknader, såkalla kartellverksemd, kan gi store gevinstar for føretaka og er vanskeleg å oppdage. Vi andre står alle att som taparar. Vi må betale ein større rekning og private verksemder får eit høgare kostnadsnivå enn naudsynt.

I følgje internasjonale undersøkingar fører kartellverksemd til at prisane kan liggje 15-40 prosent høgare enn dei elles ville gjort. Enkelte gonger langt høgare. Kartell fører ikkje berre til auka prisar, men òg til dårlegare produkt og mindre produktutvikling. Derfor aukar regjeringa innsatsen for å motarbeide slike lovbrot. Vi ynskjer både å skremme og avdekkje.

Det første skrittet tok vi i fjor då Konkurransetilsynet fekk tilført ekstra midlar for å starte oppbygginga av kompetanse på dette området. No tek vi eit langt steg vidare. Eg vil i år gi tilsynet ytterlegare 4,4 millionar kroner, som mellom anna skal nyttast til noko av det mest avanserte IT-utstyret og programvaren som finst når det gjelder kamp mot økonomisk kriminalitet. Dette skal gjere det lettare å gjennomføre systematisk innsamling og strukturering av relevante data når tilsynet undersøkjer om det har føregått ulovleg samarbeid. Tilsynet skal òg gjennomføre utgreiingar om korleis økonomiske analysemetodar kan takast i bruk for å avdekkje kartell, særleg ved store leveransar til offentleg sektor.

I tillegg skal pengane nyttast til kunnskapsoppbygging og auka bemanning. Det trengst spesialkompetanse innan etterforsking. Dei tilsette i Konkurransetilsynet skal vidareutdanne seg i bruk av IT i etterforsking og i avhøyrsteknikkar.

Eg vil òg be Konkurransetilsynet greie ut kva lovendringar som kan vere aktuelle for å styrkje handhevinga av konkurranseloven. Blant anna ønskjer eg at det såkalla lempingsinstituttet skal verte meir effektivt. Lemping går kort fortalt ut på at eit føretak som deltek i eit kartell, kan få fullt amnesti eller redusert straff ved å melde frå og samarbeide med konkurransemyndigheitene. I USA og EU har dette opplegget hatt stor suksess og truleg gjort det lettare å avdekkje kartell.

Men for at lemping skal verke, er det viktig at føretak som melder frå ikkje treng frykte at dei utset sine tilsette for personleg straffeforfølging. For sjølv om melding kan føre til at føretaket får redusert eller inga straff, kan i teorien sjansane auke for at personar i føretaket som har utført den ulovlege handlinga vert straffeforfølgde. Ein lempingssøknad bør heller ikkje auke sjansen for eller omfanget av eit erstatningssøksmål frå skadelidde kundar. Det er i dag lite sannsynleg at dette vil skje, men eg vil be tilsynet vurdere om det er tenleg med ei lovendring for å fjerne eller redusere uvissa.

Dei aller fleste kartell vert i dag avdekte gjennom tips til Konkurransetilsynet frå tilsette og kundar. Å varsle om lovbrot vil ofte innebere ei stor påkjenning og økonomiske konsekvensar for den som varslar. Dette kan føre til at færre vil varsle. Eg vil derfor be Konkurransetilsynet vurdere om lovendringar kan gjere det lettare for varslarar å vere anonyme når dei kjem med slike varslar til Konkurransetilsynet.

Samla vil dette gjere det meir sannsynleg at tilsynet avdekkjer ulovleg samarbeid om priser og marknadsdeling og sørgjer for at lovovertredarane vert straffa. Det er viktig i seg sjølv. Men like viktig er det at auka risiko for å bli avslørt og straffa vil føre til at færre tek sjansen på å bryte lova. Då får konkurranselova og tilsynet sitt arbeid den avskrekkande verknaden som er tilsikta. 

Ulovlege kartell gjer alle til taparar og vi må alle betale ein høgare rekning. Kampen mot kartell må difor prioriterast høgt. Regjeringa vil bruke dei midlar som trengst.