Historisk arkiv

Tale ved nøkkelseremoni for den nye operaen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Den nye operaen vil verte eit landemerke for Oslo og eit signalbygg i ein ny bydel under utforming, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys då ho overleverte nøkkelen til den nye operaen til kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

- Den nye operaen vil verte eit landemerke for Oslo og eit signalbygg i ein ny bydel under utforming, sa fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys då ho overleverte nøkkelen til den nye operaen til kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Takk til administrerande direktør i Statsbygg. Det er ei glede å kunne ta imot nykelen til dette bygget i dag.

No kan teppet endeleg gå opp i eit bygg som har vekt både sterkt nasjonalt engasjement og internasjonal merksemd. Det største kulturbygget her i landet sidan Nidarosdomen er eit moderne og særprega stykke samtidsarkitektur.

Prosjektet er stort og komplekst. Det har  vore samanlikna med å byggje ei oljeplattform på land. Operabygg er ikkje hyllevare, og dette er første gongen noko slikt har vorte  bygt i Noreg. Det er difor grunn til å gje Statsbygg og dei som har vore med i prosjektet honnør. Honnør for at bygget no er klart for bruk, og at kostnadsramma er halden.

Dette er eit uvanleg prosjekt på meir enn ein måte. Prosjektet har vore eit føregangsprosjekt  når det gjeld nært samarbeid med LO, Skatteetaten og Arbeidstilsynet, mellom anna med tiltak som no etter kvart er blitt obligatoriske andre stader. Dette gjeld til dømes bruk av ID-kort på byggjeplassen og arbeid mot sosial dumping. Alle som har vore engasjerte på byggjeplassen har gått gjennom kurs i helse-, miljø og tryggleik før dei har fått tilgjenge. Byggjeprosjektet har då òg hatt ekstremt få skadar. Totalt har det berre vore 20 fråversskadar, og ingen alvorlege. Og det er bra, når vi tenkjer på at det er nedlagt meir enn 3 millionar arbeidstimar.

Det er godt og vel fem år sidan Statsbygg tok det første spadetaket. I dag står operaen klar – ventetida er over. Den nye operaen vil verte eit landemerke for Oslo, eit signalbygg i ein ny bydel under utforming. Bygget har vorte ein sentral motor for det største byutviklingsprosjektet i Oslo på fleire hundre år. Eit byutviklingsprosjekt som vil gje tusenvis av nye bustader. Eit utviklingsprosjekt som vil ta tilbake hamneareal og motorvegar, og frigjere areala til bruk for byens innbyggjarar og tilreisande.  Men først og fremst skal bygget vere eit bygg for nasjonen – for alle innbyggjarane i landet vårt. Anten du bur rett borte i gata her på Grønland, i Bremanger på Vestlandet eller lengst ute i Lofoten så er dette din opera.

Som alltid når monumentalbygg vert oppførte, har det vore debatt rundt dei fleste aspekt: behov, plassering, arkitektur og materialval. Stortinget la til grunn at bygningen både skal markere Noreg som kulturnasjon og Den Norske Operas rolle i vårt kultur- og samfunnsliv. I dag kan vi konstatere at vi har fått eit praktbygg. Eg vil takke Statsbygg og alle dei som har vore med på  å gjere dette mogleg for ein framifrå jobb.

Ein ny opera skal spenne mellom gamle tradisjonar, levande kultur, og dei krava vår tid set til moderne teknikk og arkitektur. Dette har Snøhetta løyst på  meisterleg vis. Gjennom horisontale og skrånande plan, bruk av marmor, glas og tre har dei gjeve operaen eit spanande moderne uttrykk samstundes som bygget har fått ein monumentalitet. Det er viktig at utbygging og utvikling av områda rundt operaen tek omsyn til det. Operaen må visast i det nye bybiletet, og det må leggjast til rette for eit pulserande byliv i områda rundt byens nye landemerke.

Storting og regjering vil at den nye operaen skal tilby eit breitt publikum opera og ballett av høg internasjonal klasse. Når eg no overrekkjer nykelen til det nye bygget til kulturministeren kan eg med tilfredsheit konstatere at det i alle fall ikkje skal stå på det nye bygget.