Historisk arkiv

Tiltak for betre elektronisk samhandling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Auka elektronisk samhandling må balanserast mot andre samfunnsomsyn som styringslinjer, likehandsaming og personvern, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i eit debattinnlegg i Aftenposten i dag.

Auka elektronisk samhandling må balanserast mot andre samfunnsomsyn som styringslinjer, likehandsaming og personvern, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i eit debattinnlegg i Aftenposten.

I eit debattinnlegg i Aftenposten 24. januar kjem Abelia med ei oppskrift på korleis offentleg sektor skal fornyast. Svaret er meir elektronisk samhandling i offentleg sektor. Eg er glad for at Chaffey og Foshaug er utolmodige, det er eg òg! Eg er likevel ikkje samd i at det er lite framgang, slik dei to hevdar.

Noreg er faktisk heilt i front internasjonalt på elektronisk forvaltning. Abelia gløymer å nemne at portalane Miside og Altinn er etablerte for å sikre at innbyggjarar og næringsliv har tilgang til offentlege elektroniske tenester på éin stad. Noreg vart i FNs globale eGovernment-rapport nyleg rangert som tredje best i verda på eforvaltningstenester og til å utnytte moglegheitene IKT skaper. Miside vart i oktober kåra av EU til den beste eforvaltningsløysinga for openheit og innsyn. Dette skal vi bruke som inspirasjon, ikkje kvilepute. 

Utfordringane med å samordne 430 kommunar og 341 statlege etatar på IT-områda er reelle nok. Fornyings- og administrasjonsdepartementet arbeider kvar dag med å finne løysingar på desse utfordringane, men det er fleire moment vi må ta med. Abelia gløymer at auka elektronisk samhandling må balanserast mot andre samfunnsomsyn som styringslinjer, likehandsaming og personvern. Omsynet til lokalt sjølvstyre skal innskrenke staten si evne til og ynske om å blande seg inn i avgjerder som andre forvaltningsnivå har ansvar for. Offentleg sektor skal sikre at alle innbyggjarar har krav på dei same tenestene. Automatiserte løysingar kan frigjere ressursar, men offentleg sektor kan ikkje velje bort 'kundar' som ikkje gjer bruk av slike løysingar. Einsidige krav om auka elektronisk samhandling for å sikre innbyggjarane betre tenester må vegast opp mot omsynet til vern av dei personlege opplysningane til kvar einskild.

Eg vil likevel understreke at vi har sett i gang fleire tiltak for betre elektronisk samhandling i offentleg sektor. Vi har valt obligatoriske standardar for dokumentformat i offentleg sektor. Offentleg sektor skal bruke opne standardar, difor vil vi standardisere andre område òg. Og vi har sett i gang eit arbeid med IKT-arkitektur, der gjenbruk og fellesløysingar vil vere viktige stikkord.

Innanfor desse rammene arbeider vi iherdig vidare både med å utvikle fleire elektroniske tenester, eID, standardiseringsforslag og å auke bruken av elektronisk handel. Og er glade for Abelias støtte til det!