Historisk arkiv

FoU som virkemiddel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Statsråd Heidi Grande Røys bidrag  på  ”work-shop”  om FoU plan for Sogn og Fjordane. 

Skei i Jølster - 25 mars 2009


Innleiing

Takk for invitasjonen til work-shopen!  Det er eit flott og viktig initiativ de har sett på dagsordenen. Ikkje minst skapande næringsutvikling og at de set spesielt fokus på bedriftene i fylket og deira behov. I eit langsiktig perspektiv.

Mitt tilskot til diskusjonen er å dele nokre refleksjonar om dette sett litt utanfrå.  I eit makroperspektiv.

Finanskrise


Mange tenkjer kanskje at i dagens røyndom er det viktigast å tenkje kortsiktig – å handtere utfordringane frå dag til dag. Det er rett. Finanskrisa som vi no står oppe i er den verste krisa kanskje på 100år. Dei nyaste arbeidsløysetala her i Noreg og tala vi får frå resten av Europa fortel oss at det totale biletet ser svært krevjande ut.
Ingen kan spå korleis dette vil utvikle seg. Vi veit ikkje kor lenge dette vil vare. Men vi kan rekne med at det vil verte verre før det vert betre.

Eg skal ikkje bruke tida mi her til å liste opp alle tiltaka regjeringa har lagt fram sidan i oktober i fjor. Dette er godt kjent. Banksystemet er tilført kapital i to omgangar. Vi har gitt auka rammer til Innovasjon Noreg og auka lån og garantiar for norsk eksport. For å nemne noko. 

I tillegg har vi sett i gang omfattande tiltak overfor bygg og anleggssektoren. No skal skulane pussast opp, sjukeheimane haldast ved like og vegane verte tryggare, samstundes som vi skapar nye arbeidsplassar.

Vi gjer altså det vi kan for å forsvare oss mot verknadene av finanskrisa. Men vi kan ikkje berre forsvare oss. Vi må samstundes fornye oss. Dersom vi stoppar opp, vil vi forverre og forlengje krisa. Det same gjeld for bedriftene som for økonomien som heilskap: Står vi stille, spring dei andre frå oss.

Det er nettopp i krisetider vi skal tenkje utvikling og langsiktig. Derfor er initiativet om FoU-strategi  i Sogn og Fjordane så viktig !

 

 

 


Langsiktige utfordringar

FOIL 3

For midt i krisa finst det òg moglegheiter. Derfor er det viktig, kanskje viktigare enn nokon gong, å gripe moglegheitene og satse på innovasjon. Mannen som spådde finanskrisa, økonomiprofessor Nouriel Roubini, var innleiar på NHOs årskonferanse. Han hevdar at  krisa vert verre enn ein har rekna med og at oppgangen kjem tidlegast i 2010.
Men Roubini meiner sterkt at den som vågar å satse nytt no, kan få ein sterk posisjon i kjølvatnet av krisa. Han seier òg at vi må spørje oss kor vi vil vere når finanskrisa er over, og så bruke krisa til å komme dit.

Regjeringa har gjennom tiltakspakkane nettopp tenkt slik, og Paul Chaffey gir oss då òg gode skussmål for det: ”Målet må være at tiltakene skal styrke konkurranseevnen og bidra til at næringslivet som kommer ut av krisen er mer lønnsomt, mer miljøvennlig og mer kunnskapsintensivt enn det som gikk inn i krisen. Regjeringa har gjort en bra jobb når det gjelder å konsentrere seg om dette, og unngå ting som ikkje har noe med næringslivets konkurranseevne å gjøre”

Finanskrisa krev akutte tiltak, mens dei store globale utfordringane krev evne til fornying og innovasjon over lang tid. 

For å setje dette i perspektiv:

For det første: demografi.  Innbyggjarane i alle vestlege land vert eldre. Dette aukar presset på velferdssamfunnet, krev auka verdiskaping og betre bruk av ressursane. 
 
For det andre: klima og miljø, og matkrise som henger tett saman med klima og miljøkrisa. Poenget er at her krevst det ny teknologi, nye løysingar og nye forbruks- og produksjonsmønster. Slik kan vi snu utfordringar til moglegheiter ved å gå føre i utviklinga av fornybar energi, klima- og miljøteknologi –og fornying og effektivisering av offentleg sektor.
 
Om vi skal lukkast må vi gjere tydelege vegval!


Innovasjon som konkurransefortrinn

Vi er i dag ein leiande maritim nasjon. Vi er verdas nest største eksportør av fisk og fiskeressursar. Vi har rike energiressursar. Fleire av våre reiselivsprodukt her i Noreg er i verdsklasse. Vi har internasjonalt leiande bedrifter i tenestesektoren. Vi er gode til å lære oss å bruke og til å tilpasse teknologi/utstyr som er utvikla i utlandet. Dette har mykje å gjere med ein fleksibel og kompetent arbeidsstyrke, i tillegg til gjennomgåande god velstand i folket.

Vi har alle føresetnader for å kunne verte ein føregangsnasjon innan miljøteknologi.

Saman med Erik Solheim lanserte forskingsministeren rett før jul det vi håper skal verte eit kreativt forum der dei beste hovuda på dette området gir innspel til regjeringa sin politikk på miljøteknologiområdet.


Gevinsten av innovasjonsevne er ikkje avgrensa til nokre utvalde næringar. Gevinstane kan vere nye produkt, prosessar og tenester. Og at heilt nye næringar veks ut av gamle. La meg ta eit eksempel: Solcelleeventyret vaks ikkje ut av ei prioritering av energiforsking, men av solid kunnskap i den gamle metallurgiske industrien – Det veit vi som har Elkem Bremanger i vår midte !

For å nemne noko.

På andre område kan vi bli betre!

Eg er overtydd om at skal vi komme dit vi vil, krev det at vi samarbeider i større grad enn i dag, og at vi satsar på rekruttering og auka kompetanse. Vi veit frå forsking at innovasjonsprosessar er eit resultat av at mange speler saman og gjer kvarandre gode.

Den norske samfunns- og arbeidslivsmodellen har vist seg å vere robust og omstillingsdyktig, og har kanskje sine aller sterkaste sider knytte til mekanismar som ser ut til å verte meir og meir viktige i den globale konkurransen, nemleg tillit og dialog. Eg trur handteringa av både finanskrisa og klimakrisa utfordringane vil gjere det tydelegare for enno fleire kor viktig det er å ta vare på den norske modellen !


Kva gjer vi !

Visjonen for innovasjonspolitikken vår er Eit nyskapande og berekraftig Noreg.

Vi har sett to konkrete delmål for å medverke til auka verdiskaping i heile landet:

• Stimulere til auka forskingsintensitet i næringslivet
• Styrkje strategiske satsingar på prioriterte område og for eit grønt næringsliv
Ikkje minst knytta til miljø har Sogn og Fjordane eit svært godt kompetansemiljø i Vestlandsforsking og høgskulen

Innovasjon er ei sentral drivkraft til verdiskaping. Næringslivet si evne til å drive innovasjon avheng at det vert utvikla ny kunnskap gjennom forsking og utviklingsprosjekt, og at verksemdene har arbeidstakarar med kompetanse som omset kunnskapen til praktisk bruk. Evna til innovasjon er altså avhengig av ei lang rekkje faktorar som m.a. haldningar, evne til omstilling, utdanning, kompetanse og vilkår for entreprenørane og bedriftene.

Frå Regjeringas side har vi sett i gang ei rekkje tiltak, nye og forsterka for å styrkje innovasjon og nyskaping:


• Regjeringa lanserte nærings-Ph.D-ordninga i 2008. (Bedriftsnettverk S og Fj, Ole Kleiven og Atle Hamar)
• Skattefunn
• Forskings- og utviklingskontraktar i Innovasjon Noreg
•  Programmet Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA)
• Det er etablert 14 senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).
• Vi vil opprette eit offentleg utval for innovasjon i omsorgssektoren.

Trass i alle teknologiske nyvinningar er medarbeidarane den viktigaste ressursen. Tenk kor mykje kompetanse det er rundt omkring på arbeidsplassane. Den må takast endå meir i bruk. Derfor vil vi ta initiativ til å setje i gang pilotar på medarbeidardriven innovasjon i samarbeid med LO og NHO.
 
Og vi fremjar ein kultur for entreprenørskap – i heile livsløpet. Vi har hatt stor suksess med satsinga på Ung Entreprenørskap og Sogn og Fjordane er jo svært dyktige på det området. No tek vi det vidare og vil sjå på trongen for grå entreprenørskap. Vi vil at òg seniorane skal starte innovative bedrifter, fordi vi trur samfunnet kan nyte godt av deira klokskap og erfaring. Vi vil òg leggje fram ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga – med fokus på høgare utdanning.

Vi må utvikle lønnsame innovasjonar, i privat og offentleg sektor.

Forsking

Kunnskap er ein produksjonsfaktor for næringslivet. Kunnskap dannar grunnlag for nye produkt, tenester og organisasjonsmåtar. Kunnskap har alltid spelt ei rolle i verdiskapinga og  alt tyder på at den blir endå viktigare framover.
 
Det vert faktisk forska stadig meir i norsk næringsliv. Faktisk har norsk næringsliv auka sine investeringar i FoU meir enn næringslivet i EU og våre nordiske naboland.

I den kommande forskingsmeldinga set vi tre forskingspolitiske mål for at Noreg skal hevde seg som eit leiande kunnskapssamfunn:

• Utvikle eit velfungerande forskingssystem
• Auke kvaliteten i forskinga
• Auke internasjonaliseringa av norsk forsking

Næringslivet kan ikkje utvikle den nødvendige kunnskapen åleine. Og: Nasjonale og regionale aktørar må leggje til rette for at det blir forska tilstrekkeleg og på dei rette tinga!

Vi har mange næringsmiljø som er tufta på at vi har bygd på våre fortrinn, og at vi har evna å utvikle den beste kunnskapen. Nærliggjande døme er petroleumsnæringa og havbruksnæringa som har vakse fram i tett samspel mellom offentlege styresmakter og næringslivet. I desse næringane har næringslivet saman med offentlege utdanningsinstitusjonar og forskingsinstitutt fått fram verdsleiande kompetanse og teknologi som no vert etterspurd frå utlandet og har stor eksportverdi. Denne posisjonen er bygd opp frå eit nærmast nullpunkt på relativt få år.

Ei ny strategisk rolle for fylkeskommunen

Fylkeskommunane er i dag tildelt eit stort ansvar for å utvikle ein regionalt differensiert politikk for næringsutvikling, innovasjon og nyskaping. Gjennom forvaltningsreforma har fylkeskommunane fått ei sterkare rolle i den nasjonale og den regionale forskings- og næringspolitikken gjennom medeigarskap i Innovasjon Noreg og etableringa av regionale forskingsfond.
I dag er fylkeskommunane oppdragsgivarar overfor Innovasjon Noreg regionalt. Frå 2010 får fylkeskommunane òg ei rolle som eigarar. Målet med dette er å styrkje fylkeskommunane si strategiske og samordnande rolle. Som eigarar skal fylkeskommunane delta i dei styrande organa i selskapet, og påverke innretting av mål, strategiar og prioriteringar for den samla verksemda til Innovasjon Noreg.  Det gir òg nye moglegheiter til å sjå dei regionale, nasjonale og internasjonale verkemidla til Innovasjon Noreg i samanhang.
Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil òg invitere fylkeskommunane og SIVA til å utvikle forslag til moglege former for regionale innovasjonsselskap som mellom anna tek opp i seg SIVA sine eigardelar i regional  innovasjonsinfrastruktur.

Forvaltningsreforma gir regionane eit heilt nytt høve til å ta fatt i regionale utviklingsutfordringar både når det gjeld næringsutvikling, forsking og utdanning

Etableringa og organiseringa av regionale forskingsfond gir fylkeskommunane ei forsterka rolle i arbeidet for å styrkje forsking for regional innovasjon og utvikling.
Stortinget har løyvd 6 milliardar kroner til oppretting av regionale forskingsfond. Det vil gi ei årleg avkastning på 219 millionar kroner.
 
Kunnskapsdepartementet har gitt Forskingsrådet, KS og fylkeskommunane i oppdrag å greie ut den nærare innrettinga på dei regionale forskingsfonda. Utgreiinga skal vere ferdig innan 1. juni 2009. Viktige premissar i det vidare arbeidet er at fondsstyra skal ha leiar og eit fleirtal oppnemnd av fylkeskommunane, og at fylkestinga skal vedta FoU-strategiar for kvart fylke eller ein felles strategi for dei fylka som inngår i fondsregionen. Strategiane skal liggje til grunn for handlingsplanane til fondsstyra og prioriteringa av fondsmidlane. Regjeringa legg vekt på at fylkeskommunane utviklar FoU-strategiar i samarbeid med relevante miljø i regionen, mellom anna innanfor forsking og næringsliv.


Til slutt !

Dette blir eit vanskeleg år som vil krevje alle gode krefter. Det er viktig at vi ser framover og hjelper føretak, tilsette og gründerar til å sjå moglegheitene som vil kome. Historia viser oss at økonomiske tilbakeslag etter få år snur til ny oppgang. Forsking og annan kunnskapsproduksjon vil vere viktige element for å sikre at denne oppgangen kjem så raskt som mogeleg. Og at denne varer!

Det arbeidet som de har invitert til i dag er ein god start ! Eg ynskjer dykk lukke til !