Historisk arkiv

Gode offentlege innkjøp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Det gode innkjøp forutsetter mer profesjonelle innkjøp, skriver fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Dagens Næringsliv.

Det gode innkjøp forutsetter mer profesjonelle innkjøp, skriver fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Dagens Næringsliv 17. juni 2009.

I  eit innlegg i DN 17. juni hevdar Rune Foshaug og Sol Olving at stortingsmeldinga om offentlege innkjøp ” er ”nesten kjemisk fri for tiltak”. Dei er særleg opptekne av to område; innkjøp av kunnskapstenester - som dei hevdar er så spesielt at det bør komme ei eiga stortingsmelding – og elektronisk handel, der dei meiner delen elektroniske innkjøp må aukast vesentleg.

Eg skal ikkje gå inn på forfattarane si vurdering av meldinga generelt, men kan jo nemne at så vel KS som NHO har sagt seg godt tilfreds med innhaldet. Næringslivet er openbert meir tilfreds med meldinga enn Foshaug og Olving.

Kvar bransje har sine utfordringar, og desse utfordringane må i utgangspunktet løysast innafor dei ulike bransjane. Målet med meldinga ”Det gode innkjøp” er meir profesjonelle innkjøp. Ved å profesjonalisere innkjøpsfaget, vil innkjøparar bli betre i stand til å gjere gode offentlege innkjøp der ein planlegg innkjøpa godt, har dialog med leverandørane og finn gode løysingar.  Meldinga har ein omfattande omtale av tiltak som skal medverke til dette.

Regjeringa har satsa mykje på bruk av elektroniske løysingar for å betre og effektivisere offentlege innkjøp. Å berre sjå på omsetninga på marknadsplassen Ehandel.no blir for snevert.  I følgje SSB vart t.d. om lag 40 prosent av dei samla innkjøpa til statlege føretak i 2008 heilt eller delvis gjennomført ved bruk av elektroniske prosessar.No har Regjeringa vedtatt innføring av elektronisk faktura, noko som kan medverke til å frigjere milliardbeløp i offentleg sektor.
Tidlegare har mitt departement, saman med KS, inngått ein rammeavtale for elektronisk konkurransegjennomføring. Tenestetilbodet for elektroniske løysingar i innkjøpsprosessen vert altså stadig betre.