Historisk arkiv

IT si rolle i klimapolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Saman skal vi få til overgangen til eit samfunn bygd på smart grøn vekst, sa politisk giver Jørund Leknes under lanseringa av rapporten "Smart grønn vekst - IKT skaper muligheter".

- Saman skal vi få til overgangen til eit samfunn bygd på smart grøn vekst, sa politisk giver Jørund Leknes under lanseringa av rapporten "Smart grønn vekst - IKT skaper muligheter", 3. juni 2009.

Rapporten "Smart grønn vekst - IKT skaper muligheter" er utarbeidde for Abelia av Econ. Last ned rapporten frå nettsidene til Abelia (PDF).

  

Med atterhald om endringar under framføring:   

Kjære forsamling,

Når vi snakkar om IT og politikk, er det lett å berre snakke om korleis vi kan gjere ting meir effektivt, betre organisert, korleis vi kan få betre offentlege tenester eller betre økonomi. Men IT er mykje meir. For ikkje lengje sida lanserte vi boka "Delte meninger", som handlar om korleis IT endrar deltaking, debatt og kultur i samfunnet. Det er ei viktig side av korleis teknologien endrar samfunnet, og eg vil oppfordra alle til å ta ein titt på nettstaden vi har laga for å diskutere desse tema.

I dag er temaet eitt som kanskje er det aller viktigaste spørsmålet i  vår tid: Klimaet og korleis vi skal handtere klimakrisa. 

Kva har IT med klimakrisa å gjere? Det er eit timeleg spørsmål, sidan vi sjeldan høyrer IT nemnd i debatten om klimakrisa. La meg svara veldig kort på det.

For det fyrste må vi forstå at klimakrisa på mange vis er ei teknologisk skapt krise. Det er teknologi som vi har konstruert til å produsere og transportere som slepp ut CO2, og det er organiseringa vi har gjort av samfunnet rundt desse teknologiane som er årsak til at det er vanskeleg å endre situasjonen vi er i. Difor har òg dei av oss som jobbar med teknologi eit særskilt ansvar, og det fins inga fullgod løysing utan å endre teknologien som er årsak til problemet. Det er ikkje IT som har skapt problema, men IT gjer oss ofte dei teknologiane som er best egna til å løyse problema.

For det andre har IT ei spesiell rolle i samfunnet. IT er en allstads teknologi som styrar organisasjonar og arbeidsmåtar, som akselererer forsking og kunnskap, som ligg bak underhaldning og forbruk. Vi kallar det nokre gongar gaukungerolla: Alle snakkar om å gjere ein innsats, men mange gløymer å nemne at det verktyet vi må bruke særs ofte er IT, eller krev mykje IT.

Det vi snakkar om er å nytte krafta IT gjer oss til organisasjon og nyskaping på nye felt. Det IT har gjort for effektive bedrifter og kunnskapsorganisasjonar, heile IT-revolusjonen i samfunnet, må vi no få IT til å gjere på klimaområdet.

Kan IT omorganisere all varehandel og finans, må den òg kunne omorganisere transport og energi. Om IT kunne gje oss ti år ekstra med olje på grunn av nye datamodellar av geologien på havbotnen, og til å gje oss veret i detalj for ei veke framover, så må den òg kunne modellere korleis energi nyttast i bygg og korleis flytting av varer og folk kan gjerast meir effektivt.

Om IT kan la heile verda bere med seg musikk og video overalt, og la folk snakke, sms-e, google og maile frå ein liten dings i lomma kor som helst, må den òg kunne nyttast til å gje oss informasjon om ressursane vi nyttar til kvardags og korleis ting vi gjer verkar på klimaet.

Det var desse tankane som gjorde at vi i FAD bestemte oss for å sjå nærare på IT si rolle i klimapolitikken, noko som blant anna har ført til vår støtte til rapporten som vert lansert her i dag.

Rapporten  snakkar om to ulike modellar for korleis samfunnet organiserar ressursar. Den fyrste modellen kjenner vi godt: Det er den vi har i dag. Det er ein modell bygd på bruk av ressursar for økonomisk vekst utan tanke på kor mykje ressursar som forsvinn på vegen, ein slags blind økonomi kor vi veit lite om korleis vi organiserer og styrer det som skjer, vi kjenner berre dei økonomiske tala og det vi kunne måle for hundre år sia òg. Det er ein økonomi kor vi veit kor mykje vi må betale for ei vare, men ikkje kor mykje vara har nytta av ressursar, og berre brokkar av kva varen inneheld. Vi veit ikkje kor mykje olje som trengs for å lage ein DVD, eller kor mykje ekstra energi det kostar å ha eit vindauge mot vest i staden for mot sør. Dette er fossil vekst, og vi veit i dag at det ikkje kan halde, det er ikkje berekraftig utan endringar.

Den andre modellen er smart vekst, smart grøn vekst. Det er ein modell kor ressursane er tekne med i rekneskapet. Her har fornybare ressursar erstatta fossilt brensel. Naturressursar nyttast der dei kjem best til si rett, ikkje blindt. Ny og smartare organisering gjer at fellesskapsløysingar eller samarbeidsløysingar kan erstatte  individuelle løysingar og forbruk på mange områder, og bits erstattar atomar i mange produkt. Kvar installasjon og apparat er klar over sitt eige forbruk, og vert gjennom styring og måling alltid optimalt utnytta. Gjenbruk, nettverk og kretsløp styrar ressursane, så minst mogleg går til spille.

I den smarte modellen er IT med heile vegen -- den er faktisk ikkje mogleg utan mengdevis av IT. IT er naudsynt for å organisere nettverka og fellesskapsløysingane. IT gjer tinga smartare, så dei kan styrast. IT gjer modellering mogleg, så ein kan byggje og organisere effektivt. IT gjer den usynlege delen av rekneskapet synleg, og det som er synleg kan vi gjere betre. Og IT gjer det mogleg å erstatte fysiske varer med virtuelle varer, fysiske reiser og tenester med virtuell nærleik. Rapporten kallar det å gjere det materielle smart på den eine sia, og å avmaterialisere på den andre sia.

Vi har allereie gjort mykje her, sjølv om det ikkje alltid er like synleg. Vi har fremja infrastrukturen som trengs gjennom breiband og IT. Vi har jobba med modellar og standardar for bygg og korleis dei skal gjerast. Vi har framifrå miljø i utdanning og forsking på modellering, på sensorar og utstyr for smart materiell, som RFID. Vi jobbar stadig med betre løysingar for å virtualisere, frå telekonferansar til digital nedlasting av film og bruk av myndigheitstenester på nett. Vi jobbar med ein politikk for smarte målarar for å fremje smarte energinett.

Vi må fremje regulering som støttar opp under dei gode og framtidsretta løysingane. Vi må vere aktive kjøparar av dei beste løysingane og skape volum i dei rette marknadene. Vi må fremje forsking og kunnskap. Vi må fremje det som skapar opne nettverk og deling av data og kunnskap. Mykje av dette er klassisk politikk, og det er klassisk IT-politikk, men vi må ta det inn på nye område.

Kva kan vi konkret gjere no? Eit eksempel er smarte bygg. Dei tre viktigaste områda kor IT gjer ein stor skilnad er transport, energinett og bygg. På bygg har vi gjort ein stor jobb for fremje modellar og standardar. Bygg åleine står for 40% av klimautsleppa i Europa, og sparepotensialet er kanskje like stort som heile transportsektoren slepp ut totalt. Ved å krevje IT-modellering av bygg, og sørgje for at modellane inneheld data om energibruk og val av materiale, kan nye bygg verte dramatisk betre. Om vi kan kople modellane med lokale geodata og verdata, kan vi gjere dei enno betre: Ofte kan enkle ting som å vinkle bygget nokre gradar annleis gjere store utslag, men det må synast i modellen. For å få til det her må ein ha opne standardar, og ein må ha krav til bruk slik at alle gjer det, og alle har like kår. Om vi går vidare, kan vi sjå på korleis huset kan koplast til smarte energinett og korleis bilen kan nyttast som energireserve i huset -- og så på korleis ein kan lage modellar og styring som gjer at huset ikkje berre er bygd optimalt, men òg vert drive optimalt. Igjen krevst opne standardar og grensesnitt heile vegen frå bil til hus og til energinett, det krevst incentiv til å gjere desse vala, og infrastruktur som gjer vala mogleg.

Den rapporten vi har her i dag er ein start. Den synar oss ei retning og mange moglege val. Det er ikkje sikkert at alt som står her er det vi meiner er det beste. Rapporten seier mykje på eit overordna nivå. No skal vi vidare. Vi skal finne fleire av dei konkrete tinga vi kan setje i gang med. Eg lovar at vi skal gjere vårt, vi er allereie i gang med oppfølginga. For å nå fram, kan vi ikkje stå aleine, vi må ha med oss dykk i salen og mange andre. Mi oppfordring til dykk her i dag er difor båe sterk og klar: Sjå på desse moglegheitene. Ver med oss i å gå vidare. Saman skal vi få til overgangen til eit samfunn bygd på smart grøn vekst.