Historisk arkiv

Klart språk – viktig for demokratiet!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

At det offentlege bruker eit språk folk forstår er ikkje berre elementær folkeskikk, det er avgjerande for at demokratiet skal fungere slik vi ønskjer, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Bergens Tidende 31. august 2009.

At det offentlege bruker eit språk folk forstår er ikkje berre elementær folkeskikk, det er avgjerande for at demokratiet skal fungere slik vi ønskjer, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Bergens Tidende 31. august 2009.

Om vi berre puttar alt inn i tåkedottar, vil ikkje innbyggjarane vere med og ta del i diskusjonane. Skal vi kunne delta i samfunnet, må vi forstå samfunnsprosessane. Kva er rettane og pliktene våre? Kva ansvar har det offentlege og kva ansvar har kvar og ein av oss? Det styrkjer tilliten mellom innbyggjarane og staten at ein forstår kvarandre betre.

For å stimulere arbeidet med eit betre språk i staten har vi derfor laga ein ny pris, Klarspråk-prisen, som går til den statlege verksemda som har gjort ein spesiell innsats og arbeidd systematisk med klart språk både på bokmål og nynorsk. I førre veke hadde eg gleda av å dele ut den første prisen til Statens lånekasse for utdanning.  Lånekassen arbeider innanfor eit felt med mange vanskelege juridiske og økonomiske ord og uttrykk. Sidan 2000 har Lånekassen arbeidd med å skrive om desse omgrepa til enklare språk. Eit døme er ein så enkel ting som å bytte ordet tildelingsregelverk med heller å seie ”så mykje kan du få”. Ikkje så dumt – for det aller viktigaste spørsmålet søkjarane har, er vel; ”Kor mykje kan eg få i stipend og lån?”

Så enkelt – og likevel så vanskeleg. Vi ser mange døme på at vi framleis ikkje gjer jobben vår godt nok. Ein av tre svarte i ei undersøking at vi som arbeider i det offentlege ikkje er opptekne av å skrive så mottakaren forstår. Ein halv million nordmenn har vanskar med å forstå det siste offentlege brevet dei har fått. I 2007 samla eg innbyggjarar frå heile landet til ein konferanse. Då gav dei klar beskjed: ”Staten må skrive så vi forstår!” Så oppmodinga er klar – og med prosjektet ”Klart språk i staten” som eg starta opp tidlegare i år, er vi godt i gang med arbeidet.

Klart språk har ikkje berre eit demokratisk aspekt, det aukar effektiviteten òg. Det vert mindre arbeid både for innbyggjaren og den offentleg tilsette når vi oppfattar brev og informasjon slik det er tenkt. I Lånekassen er talet på telefonar redusert frå 1,5 millionar i året til nær 0,5 millionar. Og rettstryggleiken aukar når staten legg fram rettar og plikter for innbyggjarane i eit språk det er mogleg å forstå.

All erfaring med slikt arbeid er at dette tek tid. Fagfolka i forvaltninga har ofte ein fagleg måte å skrive ting på, og vi treng å bli utfordra for å gjere det enklare! Derfor denne oppmodinga til alle som har kontakt med det offentlege; sei ifrå!