Historisk arkiv

Når storebror veit alt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

I Noreg har vi reglar om maskevidda i fiskegarn – vi fiskar ikkje torsk med reketrål. Det gir bifangst vi ikkje ønskjer. Slik er det med personvern òg, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i Computerworld nr. 27/2009.

I Noreg har vi reglar om maskevidda i fiskegarn – vi fiskar ikkje torsk med reketrål. Det gir bifangst vi ikkje ønskjer. Slik er det med personvern òg. Jakta på kriminelle storfiskar kan ikkje innebere at vi alle sprellar i nettet, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Computerworld nr. 27/2009.

Personvern er vanlegvis ikkje noko heitt tema i valkampen. Men i år kan verte annleisåret. Personvern får stadig meir merksemd. Og ikkje utan grunn, for det er under aukande press. Fleire kamera som filmar oss i dei daglege gjeremåla våre, elektroniske bomringar som registrerer kvar vi køyrer, elektroniske billettsystem i kollektivtrafikken som veit kvar og når vi reiser, og ikkje minst teletilbydarane som veit når og kven vi ringjer eller sendar e-post til, og ikkje minst kvar vi er når vi gjer det. Moglegheitene for dei som vil samle informasjon og danne profilar er mange - og aukande.

Det gjer da ikkje noko at vi vert registrert så lenge vi ikkje har noko å skjule, høyrer eg ofte. Men er det ikkje litt ubehageleg å vite at vilt framande samlar informasjon om kvar du var på eit gitt tidpunkt, og kva du gjorde der, når denne framande eigentleg ikkje har nokon særskild grunn til å ha denne kunnskapen? Han har berre samla den fordi den kan verte nyttig ein dag. Slik er det òg med datalagringsdirektivet. Implementering av EUs datalagringsdirektiv inneber at statane som er bundne av direktivet skal vedta reglar som pålegg teletilbydarane å lagre opplysningar om alle telefonsamtalar vi ringjer og all e-post vi sender i lang tid framover. Ikkje fordi staten veit at den vil få bruk for opplysningane. Nei, snarare fordi ein ikkje sikkert kan seie at ein ikkje vil få bruk for opplysningane. Tanken er at den dagen vi står overfor ei kriminell handling, skal det ikkje vere mangel på personopplysningar som hindrar oppklaring av hendinga. Det vert litt som å fiske torsk med reketrål. Det er ikkje umogleg at du får stortorsk, men du får òg ein stor bifangst.

Det kan vere på sin plass å spørje kva ei slik massiv registrering av innbyggjarane sin kommunikasjon vil gjere med måten vi kommuniserer på? Eg er viss på at mange vil synast det er ubehageleg at opplysningar om all kommunikasjonen deira vert lagra i lang tid. Over tid kan kommunikasjonsvanane våre og openheita i samfunnet endrast i negativ rening. Og kva når desse opplysningane kjem i tillegg til alle dei andre opplysingane som vert lagra om oss kvar einaste dag? Gode analytikarar kan lage spennande analysar og personprofilar basert mellom anna på folks ringjemønster. Og korleis kan vi vere heilt sikre på at ikkje uvedkommande får tilgang til den lagra informasjonen? Mang ein stor databaseeigar, offentleg som privat, har hatt mindre heldige lekkasjar av personopplysningar sjølv om dei nok trudde at informasjonstryggleiken var på topp.

Den aukande merksemda om personvern skuldast truleg nettopp store saker som datalagringsdirektivet, Max Manus-saka og fildelingsproblematikk, eller registrering i samband med elektronisk billettering. Personverntrusselen vert så stor at det er umogleg å ikkje reagere.

I dette virvaret av registreringar og personvernutfordringar må vi løfte blikket og sjå heilskapen. Ikkje berre kvar einskild registrering av personopplysningar isolert, men samanhengen mellom dei. Og vi må vere villige til å ta debatten om kva slags samfunn vi vil ha. Er det berre effektivitet vi er opptekne av, eller vil vi òg at folk skal få behalde eit privat rom der dei ikkje vert registrerte og kontrollerte så lenge det dei gjer er innanfor dei normene som gjeld i samfunnet vårt?

For SV er personvern ein verdi som vi set høgt. I neste stortingsperiode vil både datalagringsdirektivet og utgreiinga frå personvernkommisjonen komme til behandling. Då treng vi eit sterkt SV som klart og tydeleg har sagt at personvernet skal styrkjast og som går mot å implementere datalagringsdirektivet i Noreg.