Historisk arkiv

Presisering om likelønn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Presisering om likelønn av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Dagens Næringsliv 15. juni 2009.

Presisering om likelønn av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Dagens Næringsliv 15. juni 2009.

I saka om likelønn i gårsdagens DN gir eit kort utdrag av ein lengre samtale med DNs journalist eit misvisande bilete av kva SV meiner. La meg presisere:

SV har meiningar om fordelinga av ein statleg likelønnspott. Dei utvida rammene skal brukast til å sikre større tillegg for kvinnedominerte yrkesgrupper som tener mindre enn samanliknbare mannsdominerte grupper. Det må skje gjennom forhandlingar mellom partane i arbeidslivet, men det er ein føresetnad at potten vert brukt slik at det medverkar til å nå målet om likelønn.