Historisk arkiv

Presisering: Sa aldri ja til å stille

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Svar til Aukra Avis frå fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Svar til Aukra Avis frå fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, 24. juni 2009.

Eg les med stor undring at Aura avis skriv at eg meldte avbod på kort varsel til Sunndalskonferansen. Saka er nemleg den at eg har aldri sa ja til å stille.

SV fekk ein førespurnad om eg kunne stille, og arrangøren valde å setje meg på programmet før ein hadde fått tilbakemelding. Då invitasjonen nådde meg vel ei veke før konferansen, sa eg straks nei til å stille fordi ein rask sjekk i kalenderen synte at eg allereie hadde andre oppgåver i Oslo same dag.

Det er positivt og viktig at industrikraftregime vert diskutert. Men eg synest det er spekulativt å setje meg på eit program utan å ha fått stadfesting frå meg, og så deretter klage over eit "avbud i siste liten".