Historisk arkiv

Samordning og fleksibilitet - fornying i offentleg sektor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Kva slags samfunn ønskjer vi oss, og korleis bruker vi IKT for å oppnå det?

- IKT er eit sentralt og naudsynt virkemiddel for å lukkast med fornyinga av offentleg sektor. Vi må halde fram arbeidet med standardisering, med deling og gjenbruk, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys på NOKIOS-konferansen i Trondheim 14. oktober 2009.

- IKT er eit sentralt og naudsynt virkemiddel for å lukkast med fornyinga av offentleg sektor. Vi må halde fram arbeidet med standardisering, med deling og gjenbruk, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys på NOKIOS-konferansen i Trondheim 14. oktober 2009.

Med atterhald om endringar under framføring.

 

Godtfolk!

Takk for invitasjonen og gratulerer med nok ein spennande konferanse! Offentleg sektor har mange roller og mange svært samansette mål. Det vil seie at ein må sjå bruken av IKT i samanheng med dette. Oppfatningane om korleis ein skal løyse oppgåvene er mange. Dei siste 10-20 åra har gjennomgangsmelodien vore  å lære av privat sektor, mellom anna med større fokus på kostnadsstyring, konkurranseutsetjing og privatisering.

Vårt utganspunkt er at marknaden treng styring og regulering. Finanskrisa har til fulle vist at fornying ikkje er å byggje ned dei offentlege institusjonane, men å gjere dei i stand til å møte skiftande utfordringar. Mange av dei landa som gjekk lengst i å marknadsorientere, splitte opp og skilje ut, ser no på korleis dei kan gjenerobre den politiske styringa og få til samordning.

Kvifor er vi opptatt av styring og regulering av forvaltninga?
Jau, for det første er statsforvaltninga eit verkemiddel i den demokratiske styringskjeda. Derfor er organisering og styring i staten ikkje teknokrati, men politikk!

For det andre skal forvaltninga vere open og inkluderande, slik at folk kan ta del i utforminga av velferdssamfunnet. Derfor må vi ha god samhandling mellom forvaltninga og innbyggjarane, slik mange tenester i Miside er gode døme på.  Og: vi må fremje samordning og heilskapstenking på tvers av sektorområde. Vi må løfte blikket og sjå det store biletet som ligg utanfor vår eiga verksemd. Dette har vore ei av utfordringane på IKT-området så lenge kvar enkelt verksemd sjølv har hatt ansvaret for dei avgjerder dei tek.

For det tredje skal forvaltninga ta vare på folk sine rettar, og derfor følgje strenge prinsipp om rettstryggleik, likehandsaming og rettferd. Ein viktig fordel med overgangen til elektronisk forvaltning og automatiserte avgjerder, er at det gjer det mogleg å kombinere desse omsyna. Like saker vert handsama likt fordi vi tek vekk den menneskelege feilmarginen. Utfordringa er å forenkle og tilpasse regelverka til ei slik arbeidsform. Og - det er viktig å huske på at det er rettane til innbyggjarane som skal styre ei slik utvikling og ikkje omsynet til automatiser sakshandsaming.

Utfordringar
Dei store utfordringane i dag og i åra som kjem er å trekkje ein stor og fragmentert offentleg sektor i same retning.

Men, det er ikkje uoverkommeleg, og vi har allereie jobba med det i 4 år, og nådd langt: Stikkorda er samordning, bruk av opne standardar, deling og ein felles overordna IKT-arkitektur.
Likevel: Vi har enno eit stykke å gå før ein sektorisert offentleg forvaltning tenkjer heilskapleg. Før vi fullt ut har aksept for deling og gjenbruk. Og før dei offentlege verksemder ser dei langsiktige gevinstane i staden for dei kortsiktige kostnadane.  Utfordringane vi står overfor er store, men er mogeleg å løyse

Soria Moria II er òg ein plattform for fornying av offentleg sektor:
”Fornying av offentlig sektor skal skje gjennom forbedret bruk av teknologi, utnytting av beste praksis, en mest mulig hensiktsmessig organisering, utvikling av de ansattes kompetanse og bedre bruk av deres talenter, ideer og evne til å finne gode løsninger.”

IKT er eit heilt vesentleg verkemiddel for å lukkast med fornying av offentleg sektor, av fleire grunnar.

  • Det handlar om effektive og gode tenester til deg og meg.
  • Det handlar om at du og eg skal kunne delta i utviklinga av offentleg sektor
  • Og det handlar om å gi tilgang til offentlege data, slik at næringslivet kan byggje tenester på offentleg informasjon.

Effektive og gode tenester
I Soria Moria II seier vi at vi vil ha ”fleire digitale selvbeteningstenester til innbyggjarar og næringsliv.”
Her er vi godt i gong, og eit ras (forhåpentlegvis) av nye tenester må komme når vi får på plass e-ID med nivå 4 neste år, særleg innanfor helse og NAV.
La oss til dømes sjå på helserefusjonsordninga. Fram til no har du og eg måtta ta vare på kvitteringar frå legar og apotek. Disse må vi så sjølve få overført til eit kvitteringskort for eigendelar. Når vi til slutt har nådd maksbeløpet slepp vi å betale fleire eigendelar. Men det er lett å gløyme seg, miste kvitteringar eller gjere feil slik at ein ikkje får den godtgjerdsla ein har krav på som brukar.Samtidig har ordninga skapt mykje papirarbeid for folk bak skrankane hos NAV. No skal vi altså sleppe å samle på kvitteringar i det uendelege; offentlege instansar, legar og apotek registrerer dine og mine helseutgifter elektronisk. Det vert enklare for deg og meg, det vert enklare for det offentlege og ikkje minst er det svært kostnadssparande.
Helserefusjonsreforma er planlagd å frigjere 250 årsverk i offentleg sektor.

Eit anna døme finn vi hos Lånekassa som med elektroniske sjølvhjelpsløysingar og automatisk datautveksling med utdanningssektoren har spart 80 årsverk, og driftskostnadene har falle med 10 prosent.
Det er denne utviklinga vi ønskjer oss vesentleg meir av, ikkje berre hos Lånekassa, men i og på tvers av sektorar.

Deltaking og delingskultur
Den andre typen av tiltak eg vil peike på handlar om deltaking og delingskultur. At ein må betale for dei same vurderingane og løysingane om att og om att, er ein dårleg bruk av offentlege midlar. At ein må starte frå scratch kvar gong ein skal løyse ei oppgåve, er dårleg bruk av kompetansen som finst i offentleg sektor og samfunnet elles. Ein delingskultur vil gagne alle. Gjennom deling og gjenbruk vil ein opphavleg idé kunne foredlast til noko enno betre enn ein hadde i utgangspunktet. Gjennom deling kan vi skape nye og betre tenester!

Fri programvare spring ut av ein slik delingskultur, og vi har fleire døme på at deling er lønsamt.

Då FAD for snart eit år sidan lanserte elektronisk reiserekning tilgjengeleggjorde vi programkode og dokumentasjon under ein fri lisens, samtidig som vi oppretta ein prosjektnettstad der endringsynskje og kommentarar kunne leggjast inn. Effekten kom med det same i form av mange tilbakemeldingar om feil i programvaren, noko som var svært nyttig for å få eit best mogleg resultat.

Eit anna døme finn vi i helsesektoren, kor Helse Sør-Aust har valt ein leverandør som brukar fri programvare for ei ny løysing for sakshandsaming av helserefusjonar. Slike eksempel håpar eg og sjå mange fleire av i åra som kjem.

Når vi i det offentlege utviklar programvare bør denne etter mi meining leggjast ut som fri programvare.
For å få til det, er vi nøydde til å gjere noko med den største barrieren når det gjeld å ta i bruk fri programvare; manglande kompetanse. Vi gav derfor midlar til opprettinga av Nasjonalt senter for fri programvare - Friprogsenteret - for å spreie kompetanse. Tilbakemeldingane vi får frå senteret fortel om stor pågang både for å få informasjon om korleis ein kan implementere fri programvare, og for å hjelpe til direkte i prosjekt. Men siste vekes oppslag i Computerworld fortel meg at det enno er eit stykke igjen……

Sosiale media
Den andre sida av delingskulturen inneber å ta i bruk sosiale media og såkalla web 2.0-teknologi.

Tida då ein enkelt og greitt la ut informasjon på internettet, gjerne i form av ein portal eller heimeside er forbi. Med framveksten av nye media og web 2.0-teknologi har delekulturen fått ein renessanse og vi vert tvinga til å halde oss til nye kommunikasjons- og distribusjonskanalar. Mange tek imot om dei nye moglegheitene for deling med opne armar, medan andre slit med å forstå korleis ein skal oppretthalde inntektsgrunnlaget,  for å seie det litt forenkla.  

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har kasta seg ut i det med følgjande melding på Fylkesmannsbloggen:
”Ein fylkesmann er best når han ikkje er synleg, var det ein redaktør som hevda. Fylkesmannen må vere meir synleg, sa ein annan. Forvaltar du mynde, må du halde deg til paragrafane, sa ein tredje.
Godt at vi ikkje  er møtt med likesæle. Men vi kan klart bli betre på formidling: Frå fylket og i fylket. For vi sit på ein god utsiktsstad. Samstundes så er vi ein aktør for di vi skal tolke reglar og lover, syte for at rettstryggleiken til den einskilde blir ivareteken og varsle sentrale styresmakter om utviklinga i fylket.
Men vi kan og bør kommunisere betre. Rett nok er postlista vår offentleg, vi legg ut mange saker direkte på heimesida vår, vi reiser rundt i kommunane og både lyttar og gir råd. Likevel – vi vedgår at vi kan bli betre på dialog.
Dei sosiale media er ei krevjande sak for oss. Vi høver neppe heime på Facebook, vi er usike på om vi bør twitre, men det gjør inntrykk når det bli hevda at kommunikasjon på nettet blant dei under 30 knapt er på e-post”.

Vi har UDI-direktøren på Twitter, fleire departement både på twitter og facebook, samstundes vert det viktigare enn nokosinne å verne om dei verdiane forvaltninga står for: Likehandsaming, tillit, demokrati, rettsryggleik, må vernast om òg i ”2.0-tida”.

Nokre brukar dette som argument for ikkje prøve ut sosiale media, men dei vert stadig færre. Historia har vist oss at det er eit evig spenningsforhold mellom teknologiutviklinga på den eine sida og forvaltninga eller politikken på den andre. Det var ikkje heilt enkelt då ein i si tid vart tvinga til å ta i bruk e-post, men ein fann ein veg ut av det òg til slutt – på ein måte som absolutt kan forsvarst i forhold til forvaltningsverdiane.

Tilgang til offentlege data, ny næring
Den tredje typen av tiltak eg vil seie noko om handlar nettopp om korleis det offentlege kan leggje til rette for innovasjon og næringsutvikling med IKT som utgangspunkt.

Soria Moria 2 seier:
”Vi skal satse videre på felles standarder for utveksling av data, felles infrastruktur som gir helhetlig kontaktflate for brukere og tilrettelegging for gjenbruk av offentlige informasjonsressurser.
Regjeringen vil:
- at offentlig informasjon som hovedregel bør være gratis tilgjengelig for alle i digital form."

Vi kan medverke til næringsutvikling og verdiskaping i privat sektor ved at offentlege data vert gjorde tilgjengelege. Ofte blir det snakka om å skape for å dele (då om fordeling). Men eg vil heller sei at slagordet bør vere dele for å skape! Deler vi meir offentlege data, kan vi bidra til ny næringsutvikling og verdiskaping.

Offentlege verksemder sit på store mengder informasjon som burde kunne brukast til langt meir enn det skjer i dag. Nokre døme har vi, mellom anna har vi frigjort vêrdata. Eit utval norske vêrdata er mellom anna plotta inn i Google Maps, og det er òg mogleg å linke opp målestasjonar direkte i Google Earth! Frigjeringa av vèrdata var grunnlaget for tenesta yr.no som sikkert mange av dykk brukar i kvardagen. Yr.no har faktisk ikkje berre suksess i Norge, òg i utlandet vert den brukt i stort monn. Til dømes såg eg eit oppslag for ei stund tilbake om at sør-afrikanske bønder brukte yr.no, fordi dei fekk meir presis vèrvarsling der enn frå det sør-afrikanske metereologiske instituttet.

Det burde likevel vere mogleg å få til mykje meir, mellom anna med kartdata, geodata og trafikkdata. Men førebels er dette både kontroversielt og eit budsjettspørsmål –men eg kjem til å jobbe vidare med å få dette til.

Soria Moria II slår fast at offentleg informasjon som hovudregel skal verte tilgjengeleg for alle i digital form, då må vi følgje opp!.

Samordning på tvers av sektorar
Delekultur og sjølvhjelpsløysingar ordnar likevel ikkje samordningsutfordingane åleine : Korleis skal vi få dei ulike offentlege verksemdene til å trekkje i same retning?
Svaret er meir av:

  • Standardisering
  • Felleskomponentar
  • Arkitektur

Soria Moria II er tydeleg på at vi skal halde fram med standardiseringsarbeidet.

Vi har gjort ei rekkje dokumentstandardar obligatoriske for alle statlege verksemder, og standardisert ei rekkje format som skal gjere det enklare for brukarane å få tilgang til grafikk, video, lyd og bilete. Vi har fått aksept for sjølve tanken om at standardisering er bra og naudsynt i offentleg sektor. Vi har dermed eit godt utgangspunkt for å kunne ta store steg innanfor standardiseringsområdet dei neste åra.

Vi har òg vedteke forskrift om obligatoriske IT-standardar slik at desse òg vil gjelde for kommunal sektor. Arbeidet held fram med både referansekatalogen og forskrifta som dynamiske og kontinuerlege prosessar som vil resultere i nye oppdaterte versjonar i åra som kjem. Referansekatalogen i tredje versjon kjem allereie neste år, og då skal vi mellom anna sjå på standardar for universell utforming.

Vi skal arbeide vidare med å etablere fellesoffentlege IKT-løysingar, løysingar som vert utvikla ein stad men som kan delast og gjenbrukast i større delar av offentleg sektor. Her har vi komme for kort til no.

Å få på plass felles eID for offentleg sektor er jobb nr 1.
Fråværet av ei påloggingsløysing på høgt tryggleiksnivå er ein flaskehals for mange andre offentlege IT-prosjekt, som innanfor helsesektoren.
Vi har difor i eit par år arbeidd med å etablere ein felles, offentleg eigd, infrastruktur for elektronisk identifisering, og den skal vere klar i 2010. Ein skal då kunne bruke same eID til alle offentlege nett-tenester, uavhengig av om det er kommunen, skatteetaten eller NAV som leverer tenestene. Samtidig treng ikkje offentlege verksemder utvikle kvar si løysing for dette formålet. Vi såg berre for nokre veker sidan kor verknadsfull dette kan vere. Tenesta Minfastlege vart straks stengd då det kom for dagen at tenesta kunne brukast til å hente ut kva personnummer som helst. Dagen etter var sida tilgjengeleg att med MinID som påloggingsløysing.
I staden for å bruke både tid og pengar på å utvikle ei ny løysing, vart dette altså fiksa på under eitt døgn med minimale kostnader og ressursbruk.

MinID versjon 3.0 er på trappene i løpet av hausten, og det same gjeld ID-porten. Difi er òg i forhandlingar med marknadsaktørar om å knyte seg til ID-porten slik at vi fortast mogleg kan tilby tryggleik på høgt nivå til så mange som mogleg. Samtidig går det føre seg ein prosess om å få offentleg eID som ein chip, eller databrikke som det heiter på godt norsk, på det nasjonala ID-kort som politidirektoratet har ansvar for å utvikle. Dette har teke fleire år å realisere enn vi hadde vona. Men satsinga held fram, og eID kjem òg i den neste fireårs perioden til å verte eit prioritert område. Det har vi stadfesta i Soria Moria II.

Styringsmekanismar
Arkitektur handlar om å etablere kjørereglar som skal sikre at heilskapen vert teken vare på når det offentlege skal utvikle nye løysingar. Vi har derfor utvikla eit sett med arkitekturprinsipp som utgjer et rammeverk for ein felles IKT-arkitektur for offentleg sektor. Prinsippa seier mellom anna at vi skal satse på nettopp fellesløysingar og bruk av opne standardar. Desse må offentlege verksemder rette seg etter når dei utviklar og skaffar seg nye løysingar. Slik får vi betre styring.

Etatar som ber om pengar til finansiering av store IKT-prosjekt må allereie i budsjettprosessen vise at dei både tek omsyn til prinsippa og korleis dei gjer det. For IKT-relaterte satsingsforslag må desse i framtida òg innom FAD for vurdering opp mot arkitekturprinsippa, som ein del av avgjerdsgrunnlaget når regjeringa lagar statsbudsjettet. Vi har dermed fått på plass eit viktig verktøy for å styre og samordne IKT-utviklinga i offentleg sektor på ein heilskapleg måte!

Det er på tide å samle trådane, for kva er det eg ønskjer dykk skal sitte igjen med etter dette?
Jau, det er at IKT er eit sentralt og naudsynt virkemiddel for å lukkast med fornyinga av offentleg sektor. Vi har fått vedtatt musklar til FAD på området, men vi har framleis utfordringar når det gjeld samordning og styring.

Derfor må vi halde fram arbeidet med standardisering, med deling og gjenbruk. Og vi vil utvikle nye, fellesoffentlege IT-løysingar. Og det skal vi! Det har vi forplikta oss til gjennom Soria Moria II, og difor blir det både spennande og utfordrande arbeid i FAD dei neste fire åra òg.

Lukke til med resten av konferansen, og takk for meg!