Historisk arkiv

Utnemninga av fylkesmann

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Vår viktigaste vurdering var knytt til kven som var best kvalifisert til jobben som fylkesmann i Aust-Agder, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys om fylkesmann-debatten.

- Vår viktigaste vurdering var knytt til kven som var best kvalifisert til jobben som fylkesmann i Aust-Agder, skriv fornyingsminister Heidi Grande Røys i Dagbladet 15. januar 2009.

I Dagbladet søndag 11. januar 2009 kjem Einar Gelius med ein rekkje påstandar og kommentarar knytte til utnemninga av Øystein Djupedal til fylkesmann i Aust Agder.

Med bakgrunn i krava til kvalifikasjonar i utlysingen gjorde Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) ei vurdering av kva for søkjarar som kunne vere kvalifisert for dei fire ledige stillingane og tok stilling til kven som skulle kallast inn til intervju. Intervju vart gjennomført med departementsråd, ekspedisjonssjef og avdelingsdirektør. Etter intervjua vart referansar sjekka ut av embetsverket.

I høve til dei to søkjarane Inge Ryan og Djupedal til stillinga i Nord-Trøndelag, vurderte embetsverket i FAD at begge var svært godt kvalifisert, både med omsyn til samfunnsengasjement, erfaringsbakgrunn og personlege eigenskapar. Etter råd frå embetsverket, valde eg å ta ei samla vurdering for alle fire fylka under eitt.
Gelius hissar seg opp over at Djupedal søkte etter fristen og at Gelius, som sjølv var søkjar, ikkje fekk melding om at Djupedal hadde søkt. Gelius har ikkje grunn til å hisse seg opp. Det er formelt heilt i orden, og slett ikkje uvanleg, at ein i staten kan velje å ta med i vurderinga søknader som er komme etter at søknadsfristen har gått ut.

Det er heller ikkje noko i vegen for at verksemda kan oppmode særskilte personar om å søkje ei ledig stilling som er offentleg kunngjord, sjølv om søknadsfristen er ute. I dette tilfellet la vi ut oppdaterte søkjarliste på www.regjeringen.no raskt etter at Djupedal, på min oppmodning, hadde søkt jobben i Aust-Agder, for å sikre innsyn.

Vår viktigaste vurdering var knytt til kven som var best kvalifisert til jobben som fylkesmann i Aust-Agder. Eg følgde rådet frå mitt embetsverk. Regjeringa følgde mi innstilling. Øystein Djupedal  er den best kvalifiserte til embetet som fylkesmann i Aust-Agder.