Historisk arkiv

Ny kurs i forvaltningspolitikken

Velferd og deltaking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Forvaltningsmeldinga har ein klår og tydeleg bodskap om betre politisk styring, demokratisk involvering av innbyggjarane i utvikling av tenestene og medråderett og medverknad frå dei tilsette, svarar fornyingsminister Heidi Grande Røys i Klassekampen 15. juni 2009

Forvaltningsmeldinga har ein klår og tydeleg bodskap om betre politisk styring, demokratisk involvering av innbyggjarane i utvikling av tenestene og medråderett og medverknad frå dei tilsette, svarar fornyingsminister Heidi Grande Røys i Klassekampen 15. juni 2009.

Helene Bank bruker sterk lut i sin kronikk i Klassekampen 20. mai. Ho konkluderer med at eg bør beklage overfor Stortinget at dei har fått feil dokument. Sjølv lurer eg på om det er Bank som har lese feil dokument. I alle fall er det lese feil. Slik Bank gir att innhaldet er det i alle fall fullstendig misvisande. Til overmål har meldinga ein klår og tydeleg bodskap som ligg nokså tett opp til det Bank sjølv ser ut til å meine bør vere retningsgivande for utviklinga av offentleg sektor, nemleg: Betre politisk styring, demokratisk involvering av innbyggjarane i utvikling av tenestene og medråderett og medverknad frå dei tilsette.

I følgje Bank tek ikkje stortingsmelding nr. 19 Ei forvaltning for demokrati og fellesskap noko reelt oppgjer med marknadsrettinga og marknadsliberaliseringa. Meldinga tek heller ikkje i følgje Bank noko klårt oppgjer med New Public Management som modell for utviklinga av offentleg sektor. Leiinga i staten skal visstnok byggje på ei gammaldags ovanfrå-og-ned-haldning, og bruk av tilsette sin kreativitet og kompetanse er ”helt fraværende”. I sum gir meldinga ingen signal om ny kurs og eg viser liten vilje til å skape reell endring, hevdar Bank.

Meldinga er tufta på Soria Moria-erklæringa, som er grunnlaget for regjeringssamarbeidet og som har forhindra ei utvikling mot meir marknadsliberalisme og brutalisering av arbeidslivet. Den slår fast at regjeringa skal gå mot meir konkurranseutsetjing innanfor viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg, noko som er teke oppatt i meldinga. Dette er nettopp sektorar der høgresida ønskjer meir privatisering og marknadsløysingar. Regjeringa har òg oppretthalde arbeidsmiljølova sitt vern av arbeidstakaranes helse og rettar.

Soria Moria-erklæringa inneheld ikkje tiltak for reversering av reformene innan dei store tenestesektorane som post, tele eller elektrisitet. EØS-avtalen skal liggje fast. Det viktige for SV har vore å hindre at marknadstenking og New Public Management får trengje inn i nye sektorar, sektorar som er sentrale for folks velferd og deltaking i samfunnslivet. Om folk no kan kjøpe mobiltelefonar og nett-tenester frå ulike selskap i marknaden, er det ingen stor trussel mot verken demokratiet eller offentleg sektor. Det viktigaste er at vi styrer og regulerer marknaden på ein effektiv måte slik at vi set grenser for marknadsmakta og sikrar forbrukarane sine interesser og rettar.

Eit anna viktig utgangspunkt for meldinga er at forvaltningsutviklinga i Noreg i utgangspunktet skjer innan dei ulike sektorane, med kvar enkelt statsråd som ansvarleg. Dette desentraliserte systemet gjer det mogleg å tilpasse utviklinga til dei særtrekka som gjeld for sektorane utan å tvinge same løysingar på alle.

Men så har vi òg trong for felles løysingar og samordning på tvers. På ei rekkje område er forvaltninga bunden av felles prinsipp, reglar og verdiar. Dette gjeld bl.a. krav til rettstryggleik, til målretta og effektiv ressursbruk, til fagleg integritet og kunnskapsbaserte avgjerder. Demokrati er den fremste verdien i forvaltninga og har tre dimensjonar. Viktigast er at forvaltninga skal tene den politiske leiinga innanfor ramma av den parlamentariske styringskjeda. Vidare skal forvaltninga sørgje for at innbyggjarar og brukarar vert meir direkte involverte i tenesteutforming og oppgåveløysing. Endeleg skal arbeidsgivarpolitikken byggje på avtaleverket og brei medverknad frå dei tilsette. Desse tre demokrati-dimensjonane heng saman.

Derfor vert det gale når Bank hevdar at det vert bygd ”tette skott” mellom tilsette sin medverknad og innbyggjarane sin medverknad. Målet er ein offentleg sektor som mobiliserer tilsette og innbyggjarane sine ressursar innanfor ramma av det parlamentariske styringssystemet. Dette stiller store krav til samspel og gode avgjerdsprosessar, og kan heller ikkje skje utan vanskelege avvegingar mellom ulike interesser. Samstundes er det nettopp eit særtrekk ved offentleg sektor at tenesteproduksjon og oppgåveløysing skjer innanfor ulike spenningsfelt. Evna til å styre effektivt avheng svært ofte av evna til å handtere samansette mål og motstridande omsyn. Det er nettopp derfor vi ønskjer at oppgåvene skal løysast innanfor ei demokratisk og offentleg ramme. Det er ikkje snakk om å tilfredsstille betalingsvillige eller kjøpesterke grupper, men om å fordele gode og å forvalte fellesskapsinteresser.

Det er brei oppslutning om fellesskapsløysingar og ein stor offentleg sektor i Noreg. Det er ikkje sjølvsagt. Det offentlege må fungere godt og vere effektiv. Det dreier seg om å forvalte fellesskapsinteressene utan unødig bruk av ressursar. Mål- og resultatstyring vart gradvis innført frå tidleg på 1980-tallet.  I Noreg skal styringsforma tilpassast sektorane sine særtrekk. Det viktigaste er at innsats er målretta og resultatorientert og at forvaltninga er kunnskapsbasert og kan lære av dei erfaringane ein gjer. Om det finst eksempel på overdriven detaljstyring, gale insentiv, målforskyving eller andre negative utslag, så må dette ryddast opp i. Meldinga lovpriser på ingen måte byråkratiserande og NPM-inspirerte styringsmodellar. Offentleg sektor skal utviklast og forbetrast på sine eigne premissar. Ikkje på nokon stad i meldinga er ”NPM” eller marknaden sine løysingar stilte opp som førebilete. 

Meldinga understrekar samordning i staten, bl.a. gjennom prinsipp for korleis staten bør vere organisert og prinsipp for felles IKT-løysingar. Det er naudsynt for å sikre effektivitet, ryddig organisering og brukarretting. Når Bank hevdar at organisasjonsprinsippa ”åpner for nye utskillinger” er dette misvisande. Tvert om er det samordning, heilskapstenking og politisk styring som er hovudmålet for tiltaka i meldinga.

Bank har plukka ut ei setning om leiing som ho meiner kan tolkast som uttrykk for eit gammaldags ovanfrå-ned syn på leiing. Les ein det som står om arbeidsgivarpolitikken i staten er det eit heilt anna syn som dominerer. Meldinga understrekar medråderett og medverknad frå dei tilsette og introduserer til og med eit nytt omgrep – medarbeidarskap – som nettopp uttrykkjer at oppgåvene skal løysast i fellesskap mellom alle tilsette – leiarar som underordna. Tilsette i staten er godt utdanna, har mykje kunnskap og høg motivasjon. At leiarar har eit særskilt ansvar for å leggje til rette for ei god oppgåveløysing og arbeidsdeling, kan ikkje vere særleg kontroversielt. I motsetning til høgresida ser vi på samarbeidet med fagorganisasjonane som ein styrke og ikkje ein trussel i arbeidet med utviklinga av staten.  Det skal vi halde fram med og byggje ei forvaltning for demokrati og fellesskap.