Historisk arkiv

Velferdskonferansen 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av politisk rådgiver Jørund Leknes på parallellseminaret "Berre tal – eller marknadsorientering i ny innpakning?" på Velferdskonferansen 2009.

Innlegg av politisk rådgiver Jørund Leknes på parallellseminaret "Berre tal – eller marknadsorientering i ny innpakning?" på Velferdskonferansen 2009, 2. mars 2009.

Med atterhald om endringar under framføring.

Eg er invitert hit for å snakke om forvaltningspolitikk generelt. De er med det åtvara. Eg kjem ikkje til å snakke om rekneskapsmodellar, budsjett eller målemetodar spesielt. Marianne Andressen kjem heilt sikkert til å ta opp dette temaet.

Når eg likevel har sagt ja til å kome hit i dag i denne sesjonen, er det fordi eg ser på Velferdsalliansen som eit viktig forum og denne konferansen som eit eigna høve til å leggje fram den forvaltningspolitiske tenkinga på eit meir overordna plan.


Regjeringa har sidan Soria Moria-erklæringa og i arbeidet desse tre og eit halvt åra, teke eit oppgjør med den forvaltningspolitiske tenkinga som prega den førre stortingsperioden. Vi seier nei til privatisering og konkurranseutsetting innenfor viktige velferdsområder som utdanning, helse og omsorg. Vi ser på statsforvaltninga som eit reiskap i å realisere politiske mål og som ein del av det demokratiske systemet vårt. Det er korleis vi best kan realisere fellesskapsverdiar og gode løysingar som skal avgjere korleis forvaltninga er organisert og arbeider. Oppsplitting og fristilling av statlege verksemder er ikkje eit mål i seg sjølv.

Likevel er heller ikkje dette rett fram. Eg skal ta eit døme. Den førre regjeringa gjorde om Statskonsult til eit aksjeselskap. Eg såg med ein gong eg sette meg i statsrådsstolen at vi trengte eit effektivt forvaltningspolitisk apparat for å drive fram forvaltningspolitikken, gjennomføre opplæringstiltak og vere ein spydspiss i den felles utviklinga av IKT-politikken i forvaltninga. Denne regjeringa gjorde derfor aksjeselskapet om til eit direktorat, og vi samla dei oppgåvene Statskonsult hadde hatt og oppgåver som låg i Noreg.no. I tillegg har eg overført oppgåver frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til det nye direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Denne saka inneheld derfor både:
- Mindre selskapsretting og mindre marknadsorientering,
- Samanslåing og ikkje oppsplitting,
- Men likevel utskiljing, i og med at eg har løfta oppgåver frå departementet og over i direktoratet.

Det viktige for meg har vore korleis oppgåvene best kan løysast. Nokon vil kalle det pragmatisme. For meg er det ikkje det. Det er å ta oppgåva til statsforvaltninga på alvor. Forvaltninga er til for fellesskapet. Forvaltninga handlar på vegner av demokratiet og folket. Vi er forplikta til å finne fram til ei god og effektiv oppgåveløysing – så kan vi vere ueinige om kva som er best. Men effektivitet og god oppgåvefordeling slik at fellesskapet sine ressursar vert brukte på den beste måten og slik at vi når dei politiske måla – ja det bør vere det radikale utgangspunktet for arbeidet med organisering og styring i forvaltninga.

Så har eg sett – mellom anna i Aktuell – at nokon meiner at regjeringa ikkje har tatt eit oppgjer med New Public Management. Eg trur at det folk først og fremst reagerer på med NPM, er den underliggande tankegangen om at offentleg sektor skal herme etter privat sektor, at offentleg tilsette er ute etter å ivareta eigne interesser og ikkje fellesskapet, at effektivitet går føre likehandsaming og rettferd.

Til det vil eg seie:
Denne regjeringa har ein ideologisk tilnærming til offentleg sektor og statsforvaltninga som skil seg markant frå det som er den grunnleggjande tenkinga i New Public Management:

  • Vi ønskjer ein stor og velfungerande offentleg sektor. Tenkinga i NPM om å redusere fellesløysingar og overlate meir til marknaden er ikkje denne regjeringa sin politikk.
  • Dei offentlege budsjetta har auka og ikkje vorte reduserte under denne regjeringa.
  • Bjarne Håkon Hanssen er i gang med det som kan bli ein av dei store reformene i vår tid – nemlig å få til betre samordning og samspel i helsesektoren – bygd på prinsippa om politisk styring og med pasientane i sentrum. Dette er på tide – utgiftene til helsevesenet har steget frå 50 mrd til 100 mrd på åtte år. Da er det ikkje kostnadskrise, da er det systemkrise.
  • Denne regjeringa har stått bak en av de største privatiseringsstoppene i Europa gjennom å stoppe privatskulene. Store multinasjonale selskap sto klar til å ta over store deler av skolesektoren i Norge, men noe av det første regjeringa gjorde var å stoppe dette eksperimentet med norske elevers skulekvardag. Jan Tore Sanner frå Høgre sa at vi knuste friskuledraumen til norske elevar. Nå trur eg ikkje norske elever drømte om privatskuler.
  • Vi ser ikkje på arbeidstakarane og organisasjonane deira som motspelarar, men som medspelarar i fornyinga av offentleg sektor. Noko av det første denne regjeringa gjorde, var å reversere endringane i arbeidsmiljølova.
  • Vi ser på styringssystema og oppbygginga av forvaltninga ut i frå at vi skal ha politisk styring med viktige samfunnsområde – ikkje som ein teknokratisk og avpolitisert rutineoppgåve.
  • Offentleg sektor har meir samansette mål enn nokon privat verksemd. Ein av grunnane til at oppgåver er organiserte i offentleg regi er at dei ikkje egnar seg for marknadstenking. Fornying av offentleg sektor på skje på offentleg sektor sine premiss.
  • Statsforvaltninga skil seg frå private verksemder med at ho ligg under demokratisk kontroll og er eit verkemiddel i den demokratiske styringskjeda. Organisering og styringsverkemiddel må derfor alltid ha som utgangspunkt at legitimiteten er henta frå folket.
  • Openheit og medverking frå innbyggjarane har vore ein raud tråd i arbeidet til regjeringa og Fornyings- og administrasjonsdepartementet. 


Eg meiner vi framleis må arbeide med fornying av offentleg sektor. Offentleg sektor i Noreg og i dei andre nordiske landa er stor. Det er slik vi vil ha det. Vi meiner at mange oppgåver best kan løysast i fellesskap og utan at det er lommeboka som avgjer kor gode tenester du får. Men dette forpliktar. Når så store deler av økonomien går gjennom offentleg sektor, har vi eit endå større ansvar for å sjå til at dei tenestene folk får er i tråd med det dei treng. Det er slik vi kan forsvare ein stor offentleg sektor.

Førre stortingsval viste ein stor oppslutnad om fellesløysingane og eit nei til eksperimentering med den nordiske modellen. Det er no nærmast ei felles erkjenning av at finanskrisa har gitt ein renessanse for den raud-grøne politikken. Folk ser at vi treng sterke offentlege institusjonar og vilje og evne til politisk styring. 

I alt for mange år har den alminnelege oppfatninga vore at ”modernisering” er noko høgresida har drive med, mens venstresida har vore oppteken av å ”ta vare” på offentleg sektor. Finanskrisa har vist at fornying ikkje er å byggje ned dei offentlege institusjonane, men å gjere dei i stand til å  møte skiftande forhold og utviklingstrekk. Dei løysingane som høgresida har kalla ”modernisering” er gamaldags politikk i heile den vestlege verda i dag.

Men dette gjer jo ikkje fornyingsarbeidet enklare. Ofte er det enklare å få politisk åtgaum om store strukturelle reformer. Dei har òg den ”fordelen” at den regjeringa som fremjar reformforslaget sjeldan er den regjeringa som får ansvaret for å gjennomføre forslaget. NAV er eit døme på dette.

Denne regjeringa gjennomfører no store strukturelle reformer, som NAV, store omleggingar av velferdsordningane våre, som den nye folketrygda, og utgreiar ein ny pasient- og samhandlingsreform for helsevesenet.

Likevel vil eg løfte fram det fornyingsarbeid som skjer i dei enkelte verksemdene – kvar dag. Eg trur at den verkeleg store endringskrafta framover vil kome frå tre kantar:
- frå folk flest.
- frå brukarane, og
- frå dei tilsette.

Eg ønskjer å sjå offentleg sektor – og særleg forvaltninga – i eit demokratiperspektiv. For det første legg regjeringa vekt på plikta som særleg statsforvaltninga har til å leggje til rette for brei deltaking frå folk. Vårt demokratiske system byggjer på at folk skal ha innsyn og kunne kontrollere det vi politikarar og forvaltninga gjer. Folk skal ha medråderett ut over det å stemme ved val. Dette krev at forvaltninga er open og gir innsyn. Men denne plikta skal gå lengre enn berre å gi folk innsyn når dei ber om det. Det dreier seg òg om på eige initiativ å dele kunnskap med allmenta. I tillegg vil eit mangfalding og høgt utdanna folk med god tilgang på informasjon sette krav til offentleg sektor.

For det andre legg denne regjeringa stor vekt på brukarretting og brukarmedverking. Eg er fullt klar over at dette òg er ein del av NPM-retorikken. Sett frå denne regjeringa sin ståstad, er det likevel heilt openbart at tenestene må vere utforma i tråd med det brukarane treng. Det er ikkje det sama som at offentleg sektor skal oppføre seg som butikk – å tilby varer og tenester slik kundane forlangar – eller i verste fall kan betale for. For å ta det enklaste dømet: Når eg kjem på sjukeheim vil eg ha eit tilbod som passar til det funksjonsnivået eg har. Om eg vert arbeidslaus, vil eg ha hjelp frå NAV som passar meg. Dette trur eg ikkje det er mange som er usamde i. Utfordringa er korleis vi skal få til dette for alle offentlege tenester og samstundes ta vare på likehandsaming og rettferd. Korleis skal vi engasjere brukarane i utforminga av tenestene òg når det er tenester som er lovregulerte?

For det tredje ligg det eit stort fornyingspotensial i dei tilsette og deira organisasjonar. Hovudavtalen regulerer medråderetten som dei tilsette har gjennom sine organisasjonar. Eg har ved fleire høve understreka at dette er eit viktig verktøy. Det har eg gjort overfor staten sine leiarar, på fleire toppleiarkonferansar og i regjeringa si ”Plattform for leiing i staten”,  som vi har jobba fram saman med folk frå fagrørsla og andre.

I tillegg ser eg på dei tilsette og deira organisasjonar som ein viktig kunnskapsbase for korleis vi kan løyse oppgåvene betre – både i staten som eit heile og i dei enkelte verksemdene. Ofte har dei tilsette like god oversikt over kor skoen trykkjer som etatsleiarane. Ofte har dei tilsette gode forslag til korleis ting kan gjerast annleis. Dette er ein kunnskap vi som fellesskap må dra nytte av.

Eg kallar det medarbeidarskap. Kvar og ein av oss – anten vi er leiarar eller medarbeidarar, anten vi er sakshandsamarar eller kontorpersonell – har eit engasjement for arbeidsplassen vår. Vi ser kva som kan gjerast betre og enklare. Å finne fram til gode løysingar er ikkje berre leiarane sitt ansvar. Dei fleste tilsette ønskjer å bidra med idear og løysingar. La oss ta vare på dette. Og om vi ikkje gjer det, kjem dei høgt utdanna og unge arbeidstakarane til å sjå seg om etter andre arbeidsplassar som er betre i stand til å ta vare på engasjementet deira.

Eg trur at openheit og aktiv involvering av folk, brukarar og dei tilsette i fornying av offentleg sektor både gir gode løysingar og er eit demokratisk poeng i seg sjølv.

Denne måten å sjå offentleg sektor på er så absolutt eit alternativ til marknadsorienteringa. I tillegg har han ei stor fornyings- og demokratiseringskraft i seg.

Godtfolk.

Vi er i en spesiell situasjon. Vi opplever ei internasjonal finanskrise, som også slår ut i Norge. Finanskrisa er dårlig nytt for de som tror at markedet kan løse alle problemer. Vinner av Nobels minnepris i økonomi, Joseph Stiglitz har sagt at ”fallet for Wall Street er for markedsfundamentalismen, hva fallet av Berlinmuren var for kommunismen.” Finanskrisa fører ikke bare til at dårlig tider for enkelte selskaper, også ideologier sitter konkurs igjen.

Men vi skal ikke feire noen finanskrise, selv om det betyr at vi har en mulighet til å bruke mer penger i offentlig sektor. Det er en alvorlig situasjon, særlig for de som mister jobben sin.

Norge er kanskje det landet i Europa som så langt har blitt minst rammet av finanskrisa. Vi opplever økt arbeidsledighet, men i et mindre omfang enn andre land. Samtidig har vi satt i verk tiltak som skal dempe effekten av krisa. En viktig årsak til at vi rammes mindre enn andre land er at vi har et velorganisert arbeidsliv og en stor offentlig sektor. Offentlig sektor virker som en buffer mot krisa. En stor offentlig sektor stabiliserer økonomien. Det å satse på fellesskapsløsninger er å satse på stabilitet. Dette er den nordiske modellen, og det er en modell vi må forsvare.

Høyre hadde i 2005 slagordet «trygghet for hus, hjem og jobb». (Noen av oss trodde hus og hjem var det samme) Men det finanskrisa har vist oss er at Høyres politikk, med mer marked, privatisering og skattelette gir mindre trygghet.

Valgkampen nærmer seg. Det blir utrolig viktig å unngå at partier som har privatisering og nedbygging av offentlig sektor som mål kommer i regjering. Det tror jeg vi kan være enige om!