Historisk arkiv

Foreslår tiltak for å auke kvinneandelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Onsdag 11. april vart rapporten frå utvalet som skulle sjå på tiltak for å auke andelen kvinner i Forsvaret overrekt forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Utvalet vart nedsett av forsvarsministeren i desember 2006 og har vore leia av oberst Britt Brestrup.

Utvalet har hatt som mandat å foreslå tiltak både for å auke rekrutteringa av kvinner til Forsvaret og tiltak for å behalde flest mulig kvinner i Forsvaret. Utvalet skulle også forslå tiltak for å få fleire kvinner i leiende stillingar.

Rapport om kvinneandelen i Forsvaret
Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvarets mediesenter

Utvalets leiar, oberst Brestrup presenterte rapporten og la vekt på spesielt 4 tiltak som ho meinte var viktige. Kartleggjing av - og forskning på kvinner som møter på sesjon i 2007. Eit heilhetlig modulbasert leiar- og personleg utveklingsprogram for alle kvinner i Forsvaret. Innføring av eit ombod for likestilling plassert i forsvarssjefens  leiarstab. Og aukt fokus på haldningsskapande arbeid i Forsvaret.    

Les heile rapporten her.

Les mer på Forsvarets nettsider.