Historisk arkiv

Nye fregattar vitjar Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Forsvarsminister Grete Faremo var blant dei aller første gjestene då KNM Fridtjof Nansen og KNM Helge Ingstad la til kai for å halde ope skip i Oslo.

Forsvarsminister Grete Faremo var blant dei aller første gjestene då KNM Fridtjof Nansen og KNM Helge Ingstad la til kai for å halde ope skip i Oslo.

To fregatter til kai i Oslo. Foto: FMS.
Dei to fregattane ligg ved Akershuskaia i Oslo i helga. Foto: Torbjørn Kjosvold, FMS.

Nansen og Ingstad er to av Noregs fem nye fregattar, og i helga ligg dei til kai i Oslo for å vise seg fram for både forsvarsleiing og publikum.

Faremo såg Nansen for første gong utanfor Somalia-kysten før jul, då det var med i EU-operasjonen Atalanta for å kjempe mot piratverksemd.
- Fregattane er først og fremst kjøpt for å forsvare Noreg og norske havområde. Det kan likevel nedskaleres til bruk mot til dømes piratar, noko vi så eit utmerka døme på i Adenbukta i fjor haust. Skipet og besetninga fekk svært gode betyg for innsatsen der, seier Faremo.

Dei nye fregattane er altså fartøy som både kan drive operativ verksemd som kystovervaking og kontroll i nordområda, og på neste seglingstokt verne skipstrafikken i Adenbukta.

No er Nansen tilbake i heimlege farvatn, og skal samen med dei andre fregattane operere langs norskekysten. Denne helga har publikum høve til å sjå to av dei topp moderne krigsskipene medan dei ligg til kai i Oslo.

Grete Faremo hilder på Haakon Tronstad.
Forsvarsminister Grete Faremo helser på sjef Norwegian task group, Håkon Tronstad. Foto: Torbjørn Kjosvold, FMS.

Les meir om oppdraget i Adenbukta her:
https://www.regjeringen.no/nb/dep/fd/aktuelt/nyheter/2009/kompetansesamfunn-pa-kjol.html?id=588676

 

To fregatter til kai i Oslo.
KNM Frithjof Nansen og KNM Helge Ingstad. Foto: Torbjørn Kjosvold, FMS.