Gir sandsekkar til flaumramma Ungarn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Nyheit | Dato: 09.06.2010
Noreg vil gi meir enn tre hundre tusen sandsekkar til Ungarn, for å demme opp for flaumen som rammar landet akkurat no.
Noreg vil gi meir enn tre hundre tusen sandsekkar til Ungarn, for å demme opp for flaumen som rammar landet akkurat no.
Ungarn har bedt om internasjonal støtte i samband med flaumen i elvar over heile landet. Ungarn ønskjer å demme opp elvebreiddane som vern mot flaumen, og har bedt om å få sandsekkar umiddelbart.
På måndag er det venta at elva Donau, som renn gjennom hovudstaden Budapest, skal nå sin flaumtopp.
Noreg har tilbydt 323 000 sandsekkar frå det norske forsvaret. Dei vil bli sende til Ungarn i løpet av veka. Utanriksdepartementet betaler for sekkane. Forsvaret har organisert transporten, som Ungarn betaler.