Historisk arkiv

Noreg donerer teltmateriell til FN i Tsjad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Noreg donerer sjukehustelt, innkvarteringstelt og ein vedlikehaldshangar til FN i Tsjad. Donasjonen har ein kostnadsramme på 13 millionar kroner

Noreg donerer sjukehustelt, innkvarteringstelt og ein vedlikehaldshangar til FN i Tsjad. Donasjonen har ein kostnadsramme på 13 millionar kroner.

Som kjent er den norske kontingenten i FN-operasjonen MINURCAT i Den sentralafrikanske republikk og Tsjad no i ferd med å avslutte sitt oppdrag. Pakking av utstyr er allereie i gang, og oppdraget vil bli avslutta 15.mai.

Sjukehustelt i Tsjad
Sjukehustelt i Tsjad. - Foto: Forsvarets mediesenter

FN-delegasjonen i New York fekk fredag 16. april ein førespurnad frå FN om donasjon eller sal av utstyr til MINURCAT. Det dreier seg om teltmateriell, i tre kategoriar:

  • Sjukehustelt med luftkondisjonering og anna infrastruktur
  • Innkvarteringstelt med luftkondisjonering og innreiing
  • Vedlikehaldshangar

Noreg vil donere telta til FN. Den totale verdien på telta er om lag 13 millionar kroner.

FN ynskjer seg alle dei åtte innkvarteringstelta som den norske kontingenten har. FN har ikkje gitt nokon spesifikasjon om kor mange sjukehustelt dei treng, men Noreg har totalt 15 telt samt seks ”stjerner” til samankopling.