Auke av godtgjering til soldatar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Nyheit | Dato: 02.10.2012
Godtgjering til soldatar er regulert med verknad frå 1. juli i år. Auken er på 4,6 prosent i høve til gjeldande satsar.
Godtgjering til soldatar er regulert med verknad frå 1. juli i år. Auken er på 4,6 prosent i høve til gjeldande satsar.
Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen meiner at denne reguleringa er eit godt bidrag til statusheving for utskrivne vernepliktige mannskap.
– At soldatar no får dryge 31 000,- kroner i dimisjonsgodtgjering er eit tydeleg uttrykk for at samfunnet verdset innsatsen til soldatane våre, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Sidan regjeringa tiltredde i 2005 og fram til i dag, har dimisjonsgodtgjeringa auka med over femti prosent.
Prop. 151 S (2011–2012) Endringar i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap"