Ny politisk rådgjevar i Forsvarsdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Nyheit | Dato: 08.04.2013
Line Tresselt (29), Oslo, er tilsett som politisk rådgjevar for statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i Forsvarsdepartementet
Statsministerens kontor har frå 8. april 2013 tilsett konsulent Line Tresselt (29), Oslo, som politisk rådgjevar for statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i Forsvarsdepartementet.
Tresselt tek over etter Atle Ottesen, som slutta i stillinga 1. april.
Line Tresselt kjem frå ei stilling som konsulent i rådgjevingsfirmaet Geelmuyden.Kiese. Ho har tidlegare mellom anna vore kommunikasjonsrådgjevar i Arbeiderpartiet si stortingsgruppe, arbeidd i UNESCO i Noreg og utanlands og vore praktikant i utanrikstenesta. Tresselt har studert statsvitskap og fransk ved universitet i Noreg, Frankrike og Russland.