Ny sjef Forsvarets operative hovudkvarter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Pressemelding | Nr: 4/2011 | Dato: 04.03.2011
Kontreadmiral Haakon Stephen Bruun-Hanssen (50) vart i statsråd i dag utnemnt til viseadmiral og beordra til stillinga som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) i Bodø.
Kontreadmiral Haakon Stephen Bruun-Hanssen (50) vart i statsråd i dag utnemnt til viseadmiral og beordra til stillinga som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) i Bodø.
Bruun-Hansen kjem frå stillinga som Generalinspektør for Sjøforsvaret, og overtek jobben etter generalløytnant Bernt Iver Ferdinand Brovold.
Kontreadmiral Haakon Stephen Bruun-Hanssen har gjennomført Sjøkrigsskolen, Sjøforsvarets stabsskole I, nederlandsk stabsskole II og totalforsvarskurset til Forsvarets høgskole. Han vart utnemnt til kontreadmiral 1. september 2008.
Bruun-Hanssen har blant anna tenestegjort som skipssjef både på Kobben-klasse og Ula-klasse undervassbåt. Han har vore stabsoffiser ved Utdanningsavdelinga og ved Strategisk plankontor i Forsvarets overkommando/Sjøforsvarsstaben. Etter gjennomført stabsskole i Nederland, tenestegjorde han som studierettleiar og assisterande hovudlærar ved Forsvarets stabsskole. I tida 2003-2006 tenestegjorde han i stillinga som sjef for Sjøoperasjonssenteret ved Forsvarets fellesoperative hovudkvarter. Deretter var han stabssjef i Sjøforsvarsstaben i tida 2006-2008. Han har sidan 1. september 2008 tenestegjort som Generalinspektør for Sjøforsvaret.
Bruun-Hanssen vil overta stillinga som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter frå det tidspunktet Forsvarsdepartementet avgjer.