Historisk arkiv

Eit solid baseval for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Ørland er valt som kampflybase. - Den sikkerheitspolitiske og økonomiske beste løysinga, seier forsvarsminister Espen Barth Eide.

Ørland er valt som kampflybase. - Den sikkerheitspolitiske og økonomiske beste løysinga, seier forsvarsminister Espen Barth Eide.

I den nye langtidsplanen for Forsvaret, tek regjeringa eit tydeleg grep for å styrkje den operative evna og førebu innføringa av dei nye kampflya. I tråd med det ein tidlegare har gjort med dei andre delane av Forsvaret, er det ei målsetjing om å styrkje kompetansemiljøa i Luftforsvaret gjennom ei samling av desse til færre stader. Ein legg og til grunn eit ynskje om å redusere utgiftene til drift samstundes med at ein og aukar den operative evna.

Etter fleire år med grundige utgreiingar legg ein opp til Ørland som hovudbase for dei nye kampflya. Regjeringa går og inn for ein fast framskoten base på Evenes for å ha kortare reaksjonstid i nordområda, samt for å kunne drive trening og øving herifrå i periodar.

Ein vil og leggje opp til ei rekkje andre endringar. Kontroll- og varslingsverksemda samlast på Sørreisa, medan drifta på Mågerø er foreslått lagt ned. Med den teknologien vi har i dag er det er det ikkje naudsynt å ha slike stasjonar på fleire stadar. Med etableringa av eit luftoperasjonssenter knytt til Forsvarets operative hovudkvarter på Reitan vil det bli ei styrka heilheit på nasjonal luft, kommando- og kontroll. Regjeringa rår òg at leiinga i Luftforsvaret vert flytt frå Rygge til Reitan.

 - Eg er trygg på at dette er eit godt val for framtida. Eg trur denne basestrukturen på den best moglege måten sameinar dei operative og sikkerheitspolitiske krava me ser for oss i framtida. Eit grundig arbeid ligg til grunn og dette er eit solid baseval for framtida, avsluttar Eide.