Noreg i ny leiarrolle i NATO
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Forsvarsdepartementet
Pressemelding | Nr: 78/2013 | Dato: 19.09.2013
Noreg underteikna denne veka ein avtale om å spele ei leiande rolle i NATO sitt arbeid for betre styresett. Det nylege etablerte Senter for integritet i forsvarssektoren i Oslo er no Department Head for iverksettinga av NATO sine trening- og utdanningsplanar innafor alliansens Building Integrity program.

-Eg er svært nøgd med at NATO spurde Noreg om å ta på seg dette ansvaret, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, og held fram at ho er stolt over at Senter for integritet i forsvarssektoren kunne svare positivt på denne førespurnaden. Dette viser at Noreg er blant dei leiande nasjonane når det gjeld vekt på integritet og godt styresett i alliansen. Dette vart òg bekrefta på Transparency International UK sin anti-korrupsjonsindeks for forsvarssektorane i 82 nasjonar, som vart publisert i januar i år.
Rolla som Department Head inneber å vera formell faginstans for NATO sine utdannings- og treningsplanar på dette feltet. Dette vil skje i nært samarbeid med NATO sine politiske og militære styresmakter, som vil definera dei formelle krava. I tillegg vil senteret bidra til kompetanseutviklinga i NATO, og for allierte og partnarland.
Senter for integritet i forsvarssektoren vart etablert av Forsvarsdepartementet i 2012 og er lokalisert saman med Institutt for forsvarsstudiar. Senteret er eit kunnskaps- og kompetansesenter som fremjar godt styresett og profesjonell integritet både nasjonalt og internasjonalt. Målet er å bidra til å etablere robuste integritetssystem for dermed å redusere risiko for korrupsjon i forsvarssektoren.