Historisk arkiv

Regjeringa har klimakvotar som dekkjer utanlandsreiser til statstilsette

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Eit innslag på NRK i dag gir eit misvisande inntrykk av Regjeringa sine klimakvotekjøp. Regjeringa har allereie kvotar som er meir enn store nok til å dekkje det behovet som har samanheng med utanlandsreiser til statstilsette.

Eit innslag på NRK i dag gir eit misvisande inntrykk av Regjeringa sine klimakvotekjøp. Regjeringa har allereie kvotar som er meir enn store nok til å dekkje det behovet som har samanheng med utanlandsreiser til statstilsette. Kvotane står på ein konto i Verdsbanken og blir godskriven statens konto når det internasjonale registret for handel i slike kvotar er på plass ein gong på nyåret.

- Det er ikkje riktig slik saka er blitt framstilt i Dagsnytt. Regjeringa har beslutta å kjøpe kvotar for å overoppfylle Noregs skyldnader i Kyoto. Vi har allereie sikra alle kvotene vi trenger for å dekkje flykjøp for statstilsette i 2007, seier statssekretær Geir Axelsen.

Kvotane stammar frå eit spesielt fond som er administrert av Verdsbanken, Prototype Carbon Fund (PCF). Den norske staten var ein av pionerane då ein investerte i dette fondet. Ein intensjonsavtale (Memorandum of Understanding) om oppretting av dette fondet vart underteikna i 1997 av dåverande finansminister Jens Stoltenberg. Samla vil dette fondet levere fram mot 1 million tonn CO2, av dette står allereie 170.000 tonn på statens konto for levering. Utsleppa i samband med statstilsette sine utanlandsreiser er berekna til 120.000 tonn CO2 i 2007.

Axelsen seier vidare at prosessen i samband med kvotekjøp har vore omfattande med både gjennomgang av retningslinjer for kvotekjøp i Stortinget og anbudsprosess no i høst.
- I Regjeringa må vi vere sikre på at vi kjøper dei riktige kvotane, noko som krev grundig saksgang. Det betyr ikkje at vi ikkje kjøper kvoter for alle flyreisene i 2007, for det gjer vi, uavhengig av om dei blir betalte i 2007 eller 2008.

Les meir om statens kvotekjøp her.