Ny forseinkingsrente frå 1. juli 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Finansdepartementet
Nyheit | Dato: 26.06.2008
Finansdepartementet har i forskrift fastsett forseinkingsrenta for andre halvår 2008. Rentesatsen skal vere 12,75 prosent.
Finansdepartementet har i forskrift fastsett forseinkingsrenta for andre halvår 2008. Rentesatsen skal vere 12,75 prosent.
Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår, med verknad frå 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere Noregs Bank si styringsrente, lagt til minst 7 prosentpoeng. Reglane om dette gjennomfører EØS-reglar som svarer til eit EU-direktiv om forseinka betaling.